Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Hovudfunna frå PISA 2022 viser at dei norske elevane har svakare prestasjonar i matematikk, naturfag og lesing enn tidlegare.

Fleire elevar presterer under kritisk grense

− Resultata viser ein stor tilbakegang i matematikk, lesing og naturfag, seier Fredrik Jensen, som er prosjektleiar for PISA i Noreg.

Forskar Fredrik Jensen er prosjektleiar for den norske delen av PISA-undersøkinga.

Resultatet var delvis venta: Skulegangen til 15-åringane som tok PISA-prøva våren 2022, var prega av smitteverntiltak grunna covid 19-pandemien. Det var han i alle dei tre åra på ungdomsskulen.

Likevel kan ikkje forskarane slå fast at pandemien forklarar heile tilbakegangen.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka til tilbakegangen, seier Jensen.

Podcast: 

Podcast: Om PISA-undersøkinga

Forskar Fredrik Jensen er prosjektleiar for den norske delen av PISA-undersøkinga. Høyr meir om funna i denne episoden av podkasten Læring frå Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Du finn episoden nedst i denne artikkelen. 

Heimebakgrunn betyr meir

PISA 2022 viser òg at delen av lågtpresterande elevar aukar. I matematikk presterer 31 prosent av elevane på det lågaste nivået.

Samanlikna med tidlegare år kan det sjå ut til at forskjellane mellom elevgrupper har auka. Det kan sjå ut til at heimebakgrunn betyr noko meir for kor godt elevane gjer det på skulen.

Men heimebakgrunn betyr framleis mindre i Noreg enn i dei fleste andre land.

Samstundes viser PISA 2022 at dei fleste 15-åringane framleis opplever tilhøyrsle til skulen og god arbeidsro i timane.

Korleis står det til med matematikk, lesing og naturfagkunnskapar blant norske 15-åringar? Det gir PISA-undersøkinga eit bilete på.

Kva er PISA?

  • OECD-undersøkinga Programme for International Student Assessment (PISA) måler kompetansen til 15-åringar i matematikk, naturfag og lesing.
  • I undersøkinga svarer elevane på oppgåver innan dei tre fagområda. Dei svarar òg på eit spørjeskjema med spørsmål om heimebakgrunn, interesser, haldningar og kva dei meiner om undervisninga og læringsmiljøet ved skulen dei går på.
  •  Les meir og sjå alle rapportane sidan 2003.
  • I oktober 2024 vert det publisert ein antologi som går i djupna på matematikkresultata frå PISA 2022.

Høyr intervjuet med Fredrik Jensen i podkasten Læring:

Powered by Labrador CMS