Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Matematikk bør handle meir om kvardagen til elevane
Matematikkundervisinga i grunnskulen bør få inn fleire verkelegheitsnære matematikkoppgåver.
– For å gi elevar grunnleggjande kompetanse i matematikk er det viktig med realistiske oppgåver som er enkle å overføre til situasjonar i det verkelege livet, seier Oda Heidi Bolstad.
Ho viser til forskingsresultat frå doktorgradsavhandliga si. Bolstad disputerte nyleg for doktorgraden med avhandlinga Teaching and learning for mathematical literacy.
I forskinga ved Universitetet i Agder har ho sett på undervising og læring for å utvikle matematisk literacy.
Matematisk literacy handlar om å ha den nødvendige kompetansen til å møte dei matematiske utfordringane ein blir stilt overfor i det moderne samfunnet.
– Denne kompetansen er viktig. Omgrepet matematisk literacy blir mellom anna trekt fram av OECD, og i norsk samanheng snakkar vi gjerne om rekning som grunnleggande ferdigheit, seier Bolstad.

Nødvendig kompetanse og djuplæring i matematikk er også sentralt i den nye læreplanen frå hausten 2020.
Literacy er altså mykje meir enn å lese, skrive og rekne. Det handlar om å forstå, skape, kommunisere, orientere seg og delta i eit komplekst samfunn i stadig endring.
Læreboka dominerer
Bolstad har intervjua og observert matematikklærarar og elevar i niande klasse ved tre skular. Svara ho fekk, viser at det er eit potensial for betring av både undervising og læring av rekning som grunnleggande ferdigheit.
Lærarane peikte mellom anna på at praktisk aktivitet omkring rekning er viktig.
– Praktiske og relevante rekneoppgåver kan gi god effekt for læring. Likevel er arbeid med oppgåver frå læreboka det som blir brukt mest i undervisinga. Dette kan tyde på at lærarane treng å utvikle nokre strategiar for å ta i bruk verkelegheitsnære oppgåver i undervisinga, seier ho.
Eit døme er ei rekneoppgåve om alder. Per er dobbelt så gammal som Kari, og Arne er 8 år yngre enn Anne. Til saman er dei 100 år. Oppgåva ber elevane setje opp ei likning for å finne ut kor gamle kvar av dei er. Slike oppgåver framstiller ifølgje Bolstad ein konstruert situasjon og er vanskeleg å overføre til det verkelege livet.
– I det verkelege livet vil jo alle berre spørje om kor gammal ein person er, vi reknar det ikkje ut, seier Bolstad.
Lærarar må forstå kompetansen
Læreplanar og andre strategidokument inneheld forklaringar på kva matematisk literacy og rekning som grunnleggande ferdigheit er. Men forklaringane legg ofte vekt på kva ein kan når ein har denne kompetansen – ikkje korleis ein kan oppnå han.
Bolstad trur dette kan vere noko av grunnen til at lærebøkene ofte dominerer i undervisninga.
Verkelegheitsnære situasjonar i matematikkundervisninga blir vektlagt, både av skuleleiarar, lærarar, elevar og i læreplandokument. Men i nokre tilfelle kan samanhengen overskygge andre viktige element som gir grunnleggande matematisk kompetanse. Slik kan forståinga av denne kompetansen bli snevra inn til å berre dreie seg om matematikk i ein bestemt situasjon.
– Mykje av innhaldet i matematikkfaget er abstrakt og kan vere vanskeleg å knytte til ein situasjon frå verkelegheita, seier Bolstad.
Det er difor eit viktig poeng at matematisk kompetanse også kan utviklast gjennom arbeid med abstrakt matematikk, til dømes gjennom kritisk diskusjon av matematiske framgangsmåtar og verktøy.
Lærarar må sjølv forstå
I avhandlinga viser Bolstad til tidlegare forsking på området. Der kjem det mellom anna fram at deltaking i eit profesjonelt fellesskap der lærarar sjølv utviklar matematisk literacy-oppgåver, har stor betyding for deira forståing av og undervisning for matematisk literacy.
– Dette kan tyde på at overdriven bruk av læreboka er med på å skape ei snever forståing av matematisk literacy, seier Bolstad.
For å bygge ei vid forståing av denne kompetansen må lærarar sjølv ta del i å utvikle, ta i bruk og revidere matematisk literacy-oppgåver. Då er dei ifølgje Bolstad betre rusta til å utdanne elevar for framtida.
Referanse:
Oda Heidi Bolstad: Teaching and learning for mathematical literacy. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2020. (Nettside på UiA om avhandlingen)
Les også disse artiklene fra Universitetet i Agder:
-
Så mange hester blir smittet av flått: – Det er vanvittig høyt
-
– Tapet av erfaringar i naturen gjer at vi kan bli blinde for endringar som skjer
-
Å være flerspråklig gir fordeler når barn skal lære seg engelsk
-
Må vi velge mellom frihet og demokrati?
-
Betre kondisjon gav betre forståing av språk hos mange eldre
-
– Ikke bli besatt av målinger når du trener