Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Barn og unge bevegar seg i rommet for å sjå kunstverket frå alle kantar. Dei kan ha ei meir leiken tilnærming til abstrakt kunst enn vaksne, seier forskar Heidi Kukkonen.

Abstrakt kunst kan lære oss å handtere uvisse

Heidi Kukkonen har forska på formidling av abstrakt kunst til barn og unge. Ho meiner vaksne har mykje å lære av barns tilnærming til kunsten.

I jobben sin som kunstformidlar får Heidi Kukkonen mange spørsmål. Spesielt når publikum møter abstrakt kunst eller samtidskunst: «kvifor er dette kunst?» og «kva betyr dette?»

– Abstrakt kunst kan vere forvirrande og vekkje mange kjensler. Slik er det for meg òg. Det var desse opplevingane som inspirerte meg til å forske på korleis vi formidlar slik kunst, seier Kukkonen.

Ho har nyleg tatt doktorgraden ved Universitetet i Agder (UiA). Der har ho utforska det pedagogiske potensialet i abstrakt kunst og samtidskunst.

Kan lære av barna

– Barn og unge er ofte meir opne for abstrakt kunst enn vaksne. Vi vaksne prøver med ein gong å forstå og setje ord på det vi ser, seier Kukkonen.

Som ein del av forskinga var ho kurator for utstillinga Abstraksjon! på Sørlandets kunstmuseum. I denne og i ei utstilling med den modernistiske pioneren Gunnar S. Gundersen observerte ho korleis skuleklassar møtte kunsten.

Heidi Kukkonen har jobba som kunstformidlar på fleire finske museum. Etter å ha teke doktorgrada på UiA jobbar ho i dag på Kunsthall 3,14 i Bergen.

– Barn og unge bruker kroppane sine mykje meir enn vaksne når dei møter kunst. Sjølv om situasjonen i museet dreidde seg om ein dialog med kunstformidlaren, reiste barna seg spontant opp for å sjå kunstverka frå alle kantar, seier Kukkonen.

Pedagogisk potensial

I forskinga har ho brukt teorien om nymaterialisme. Han seier at det ikkje berre er menneske som kan handle og påverke verda rundt oss. Ting kan også påverke oss. 

Eit kunstverk kan til dømes vekke overraskande assosiasjonar og kjensler i oss som vi ikkje alltid kan forklare.

– Som forskar og formidlar spør eg ikkje berre korleis menneske skaper kunst, men også korleis kunsten skaper oss, seier Kukkonen.

Nymaterialisme er ikkje eit nytt felt, men det er framleis ikkje så etablert innan museumspedagogikk eller kunstformidling. Kukkonen håpar forskinga hennar kan inspirere andre til å utforske og bruke desse teoriane.

Møter uvissa

Nokre museumsgjester kan bli frustrerte og føler at dei mistar kontrollen når dei blir konfronterte med abstrakt kunst og samtidskunst. Men Kukkonen meiner at det ligg mykje pedagogisk potensial i slik kunst.

– Når ein skuleklasse møter eit abstrakt måleri, kan det skje at elevane ser ulike ting i biletet. Det er eit fint høve til å utforske korleis alle forstår verda frå ulike synspunkt. Nokon synest kanskje det er frustrerande at det ikkje finst nokon fasit, men dette kan hjelpe å byggje toleransen vår for uvisse i kvardagslivet òg, seier ho.

I eitt tilfelle Kukkonen observerte, tok eit av barna ein skeptisk lærar med rundt for å vise henne alle dei ulike romma på museet. Dette var på ei utstilling som hadde mange sanselege og leikande aktivitetar utan nokre faste svar.

– Barna tenkjer ikkje at kunsten er rar. Dei tek han for det han er, seier forskaren.

Formidlar annleis i dag

Kukkonen nærmar seg jobben som kunstformidlar på ein annan måte no enn før ho gjennomførte forskingsprosjektet. Frå å konsentrere seg om den kunsthistoriske og biografiske informasjonen om kunstnarane bruker ho no meir tid på det materielle i kunsten og det spontane og intuitive som kan oppstå i møte med han.

– Det har ført til ei meir deltakande tilnærming. Det blir lagt større vekt på sansar og direkte engasjement med kunsten i staden for å berre snakke om han, seier Kukkonen.

Kukkonen meiner at meir tradisjonelle omvisingar som tek utgangspunkt i kunsthistoria, framleis skal spele ei viktig rolle på musea. Men ho håpar at formidling inspirert av nymaterialistiske filosofiar kan vere eit viktig alternativ.

– Abstrakt kunst kan gle, forvirre, provosere og overraske oss. Vi treng leikenheit for å forme om dei vanskelege kjenslene til nysgjerrigheit og nye oppdagingar, seier ho.

Referanse:

Heidi Marjaana Kukkonen: Material–relational abstraction: Museum educational situations with abstract art. Doktoravhandling ved Universitetet i Agder, 2023. Samandrag.

Powered by Labrador CMS