Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Ti dagar på feltøving endra bakteriefloraen på huda til soldatane
Same miljø, same telt og redusert hygiene endra bakteriesamansetjing på hender og underarmar.
Under militærøvingar er dei hygieniske høva annleis enn til vanleg. Biletet er frå øvinga Cold Response 2022.(Illustrasjonsfoto: Yves Herman / Reuters)
Mikrobiomet i tarmane våre har fått mykje merksemd dei siste åra, både i forskningsmiljø og i media. Mikrobiomet er samlinga av alle mikroorganismar som lever på indre og ytre overflater hos mennesker, dyr, planter og sopp
At
huda har sitt eige samfunn av slike organismar er ikkje like kjend.
– Det er milliardar av mikroorganismar som
lever på huda vår. Ein god balanse mellom dei er viktig, mellom anna for å førebyggja
infeksjonar og sikra god sårheilning. Dei er fyrstelinjeforsvaret mot sjukdomsframkallande mikroorganismar.
Det fortel forskar Susanne Glenna
ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Ho tek doktorgraden sin ved
Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
Forskingsleiar Øyvind Voie ved FFI forklarar
kvifor hudmikrobiomet er interessant for Forsvaret:
– Dei spesielle miljøa og utfordringane
militærpersonell er utsette for under øvingar og elles gjer dei òg meir utsette
for infeksjonar og betennelsar. Det kan vera alt frå rifter fordi ein er så
mykje i terrenget, til skotskadar, seier han.
Mikrobiomet på hendene kan endra seg ved kontakt med jord, som Susanne Glenna og Øyvind Voie demonstrerer.(Foto: Torstein Helleve / UiO)
Unik moglegeit
– Under øvingar som Cold Response baskar soldatane
rundt i snø, jord og gjørme. Dei hygieniske tilhøva er sjølvsagt heller ikkje
som det vi er vane med i det daglege.
Saman med andre forskarar har dei to undersøkt hudmikrobiomet til 19 soldatar som deltok
under Nato-øvinga Cold Response på Rena i 2022.
– Å studera
soldatar som bur, trenar og møter ekstreme miljø saman gjev ein unik
moglegheit til å utforska korleis delt miljøeksponering og endra hygiene i felt
kan endra huda sitt bakterielle landskap, seier
Glenna.
Fekk likare bakteriar
– Vi tok prøvar frå hender og underarmar
dagen før øvinga starta. Vi tok nye prøvar då øvinga var slutt ti dagar
seinare og fylgde opp med prøvar tre veker etter at soldatane var komne heim.
Prøvane vart DNA-sekvenserte med ein
metode som identifiserer slekter av bakteriar. Med bioinformatikk kartla dei
mangfald og samansetjing både innan enkeltprøvar og mellom ulike prøvar.
– Som venta endra hudfloraen hjå den
enkelte seg under øvinga. Vi såg òg at forskjellane mellom bakteriesamfunna til soldatane
vart mindre etter ti dagar i felt. Det er nok ikkje så rart. Dei spring rundt i
dei same skogane, er mykje saman og søv i same telt, fortel Voie.
Motstandsdyktig mot endringar
– Vi kunne òg sjå ein auke i bakteriar som
er vanlege i jord, plantar og vatn. Heller ikkje det er ein uventa
miljøpåverknad.
Etter tre veker viste prøvane at bioma
hadde skilt seg frå kvarandre att. Men alt var ikkje som før øvinga.
– Alle hadde ein endra bakterieflora samanlikna
med utgangspunktet. Men vi veit ikkje om det betyr at dei har fått ein ny
normaltilstand, eller om det berre betyr at tre veker er for kort tid til å
koma tilbake til den gamle normalen, seier Glenna.
Annonse
Forskarane såg òg at medan bakteriane frå
miljøet – jorda, plantane, vatnet – nesten var borte frå hendene, vart dei
verande lenger på underarmane.
– Årsaka kan vera at vi vaskar hendene oftare, men
òg at bakteriesamfunn på hendene er meir motstandsdyktig mot endringar. Hendene er jo
meir eksponerte for miljøet rundt oss enn underarmane.
Bakteriar i fleirtal
Voie understrekar at dette er å rekna som
ein innleiande studie. Mykje forsking står att før det vert snakk om tiltak som
kan brukast i felten.
– Som sagt har vi brukt ein metode som
berre kartlegg slekter av bakteriar. Men innan ei og same slekt kan det finnast
både nyttige og potensielt skadelege artar, så her trengst det meir detaljert kartlegging,
legg Glenna til.
– Og bakteriane er ikkje dei einaste
mikroorganismane som lever på huda vår, sjølv om dei er i fleirtal. Til dømes inngår
sopp og virus òg.