Annonse

DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Teknisk krøll på jobben kan gi sjukefråvær

Støtte og opplæring til dei tilsette samtidig som ein innfører ny teknologi, kan hjelpe.

Kvinne foran PC
Mange er avhengige av digitale verktøy for å gjennomføre arbeid på ein effektiv måte.
Publisert

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på jobben kan skape uro og frustrasjon. Særleg når verksemder innfører nye verktøy og system som dei tilsette skal bruke for å kunne gjennomføre arbeidet.

Dersom tilsette kan ha vanskar med å forstå nye digitale verktøy, kan det føre til forstyrringar. Det gjer at arbeidsdagen blir mindre føreseieleg. Det same gjeld om det er svakheiter ved desse verktøya.

Summen av mange små digitale problem i løpet av ein arbeidsdag kan bidra til det forskarane kallar teknostress. Over tid kan det påverke helsa til dei som opplever det.

Mange små hindringar

Kvar enkelt episode med tekniske problem og hindringar i arbeidet kan ein kanskje oppleve som ganske ubetydeleg. Slike episodar kan ein derfor kalle for mikrostressorar.

Men dersom det stadig gjentar seg, og kanskje til og med dominerer arbeidet, kan det til slutt få konsekvensar for helsa.

Likevel har ikkje tidlegare studiar undersøkt korleis utfordringar med nye digitale verktøy kan påverke sjukefråværet.

Derfor har forskarar undersøkt det dei kallar IKT-hindringar. Det er tekniske problem som hindrar at ein får gjort arbeidsoppgåvene sine på ein ordentleg måte. 

– Vi har undersøkt kva effektar desse hindringane kan ha på kort, middels og langt sjukefråvær på grunn av psykiske diagnosar.

Det seier Jan Olav Christensen. Han forskar på psykososialt arbeidsmiljø på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Dette er teknostress

Teknostress er eit omgrep som skildrar ulike belastningar arbeidstakarar kan oppleve når ein jobbar med digital teknologi. Dette kan til dømes komme av at:

  • arbeidstakar opplever å ha mindre kontroll over arbeidet.
  • teknologien ikkje fungerer som han skal, som kan føre til avbrytingar og hindringar i arbeidet.
  • arbeidsoppgåvene blir meir komplekse.
  • arbeidsbyrda aukar fordi ein stadig må lære seg nye verktøy og oppgåver.
  • arbeidstakar er usikker på eigen teknologisk kompetanse eller fryktar å bli erstatta av teknologiske nyvinningar.

Spørjeskjema og registerdata

Forskarane har brukt data frå arbeidsmiljøkartlegginga Den nye arbeidsplassen for å finne ut korleis datatrøbbel kan påverke helsa. Kartlegginga, som STAMI tidlegare har gjennomført, har svar frå tilsette i 96 verksemder.

Her har tilsette svart på spørsmål om sitt eige arbeidsmiljø. Dei har mellom anna svart på om «kor ofte ein opplever å ikkje kunne arbeide, på grunn av tekniske problem». 

Undersøkinga gav også opplysningar om arbeidsmengd og tidspress. Informasjon om kontroll over avgjerder i arbeidet, og støtte og opplæring i arbeidet var også med.

Desse opplysningane har forskarane sett i samanheng med registerdata om legemeldt sjukefråvær, med psykiske diagnosar. 

Til saman var det over 8.500 spurde i datagrunnlaget.

Opplæring og støtte er avgjerande

Undersøkingane viste at det å stadig oppleve tekniske problem med IKT i arbeidskvardagen har samanheng med ein større risiko for sjukefråvær.

Samtidig fann Christensen og kollegaane at dei som har fått teknisk støtte og god opplæring, hadde lågare risiko for sjukefråvær. Dette gjaldt uavhengig av kva slags krav og kontroll dei har i arbeidet sitt.

God opplæring gjer at tilsette er betre i stand til å bruke nye teknologiske verktøy meir effektivt. Opplæringa gir dei tilsette sjølvtillit i møte med oppgåver. Det gjer det lettare å sjølv løyse utfordringar som oppstår.

Men for at IKT-støtte og opplæring skal ha ein positiv effekt, må ein vere tidleg ute med desse tiltaka.

IKT-problem kan altså skape større risiko for sjukefråvær. Samstundes kan teknologisk støtte og opplæring forhindre det. Likevel er det kanskje ikkje er nok å tilby støtte etter at problem har oppstått. 

– Dette tyder på at det er mest effektivt å førebygge at tekniske problem kan oppstå. Det gjer ein ved å tilby opplæring samtidig som ein innfører nye teknologiske system og verktøy, seier Christensen.

Forskarane ved STAMI skal gjennomføre nye studiar om dette temaet framover. Det er for å få meir kunnskap om korleis teknologiske utfordringar kan påverke helse, sjukefråvær og evna til å arbeide effektivt. 

Referanse:

Jan Olav Christensen, Stein Knardahl og Morten Birkeland Nielsen: IT really matters: Associations of computer hassles and technical support with medically certified sickness absence due to mental health complaints. Computers in Human Behavior Reports, 2024. Doi.org/10.1016/j.chbr.2024.100537

Powered by Labrador CMS