DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Skeive kan vere meir utsette for faktorar i arbeidsmiljøet som har negativ påverknad på trivsel og helse, viser ein svensk kunnskapsoppsummering.

Skeive kan oppleve diskriminering og trakassering på arbeidsplassen

– Alle vil tene på eit arbeidsliv der vi kan vere oss sjølve fullt ut, og der vi opplever psykologisk tryggleik, seier STAMI-direktør Therese Hanvold.

Norske yrkesaktive er generelt motiverte og trivst på jobb. Tal frå STAMI syner at ni av ti seier at dei er nøgde eller svært nøgde i arbeidet sitt.

Samtidig viser ei kunnskapsoppsummering gjort i Sverige at skeive eller LHBT-personar, kan vere meir utsette for faktorar i arbeidsmiljøet som har negativ påverknad på trivsel og helse.

LHBT-personar omfattar lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i tillegg til fleire kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar.

 Dei opplever fordomsfull åtferd, diskriminering og trakassering på arbeidsplassen.

Slike opplevingar på jobb er forbunde med lågare trivsel og engasjement i jobben. Vidare kan det gje auka risiko for å utvikle symptom på angst og depresjon, søvnproblem og høgare risiko for lengre sjukefråvær.

– Denne kunnskapen er det viktig at leiarar i arbeidslivet er merksame på. Slik kan dei legge til rette for trivsel og å førebygge sjukefråvær blant tilsette i desse gruppene, seier STAMI-direktør Therese Hanvold.

Møter fleire fordommar

Det finst i dag lite nasjonale fakta og kunnskap om arbeidsmiljøet til LHBT-personar i Noreg, sjølv om det blir forska stadig meir på det mangfaldige arbeidslivet.

Ein systematisk kunnskapsoppsummering gjennomført av Myndigheten för arbetsmiljökunskap i Sverige i 2022 gir også verdifull innsikt.

Her har forskarane sett nærare på kva positive og negative faktorar LHBT-personar møter i det organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøet. Oppsummeringa er basert på 300 vitskapeleg publiserte artiklar frå heile verda.

Organisatorisk arbeidsmiljø

Omgrepet organisatorisk arbeidsmiljø er vidt og karakteriserer dei strukturelle og formelle vilkåra på ein arbeidsplass.

Det omfattar mellom anna arbeidstidsordningar, tryggingsrutinar, organisasjonsstruktur, leiing, utforming av arbeidsplassen og formelle vegar for kommunikasjon.

Dette er vilkår som har stor innverknad på helse, motivasjon, arbeidsevne og jobbtrivsel.

Psykososialt arbeidsmiljø

Psykologiske arbeidsfaktorar handlar om opplevinga av arbeidssituasjonen og arbeidsinnhaldet.

Sosiale arbeidsfaktorar handlar om det mellommenneskelege samspelet på jobb.

Samlenemninga psykososialt arbeidsmiljø blir brukt om desse to aspekta ved arbeidet.

Samla sett viser forskinga at LHBT-personar ikkje nødvendigvis opplever arbeidsmiljøet sitt som dårlegare enn yrkesbefolkninga generelt. 

Likevel er det mange som, parallelt med positive faktorar ved arbeidsmiljøet, opplever fordomsfull åtferd, diskriminering og trakassering.

Risikoen for å bli utsett for diskriminering og trakassering hang ofte saman med kva biologisk kjønn, yrkesposisjon, alder og etnisitet ein person hadde.

Sidan denne kunnskapsoppsummeringa inneheld studiar frå ei rekkje land, gjev ho oss ikkje noko fullstendig bilete av situasjonen for LHBT-befolkninga i Noreg.  Lovar og reglar på arbeidslivsområdet i dei ulike landa skil seg nemleg i stor grad frå kvarandre.

Likevel peiker ho på nokre tendensar som det kan vere viktig å merke seg.

– I Noreg og i verda elles finst det lite forsking på kjønns- og seksualitetsmangfald i samanheng med arbeidsmiljø. Men vi har god oversikt over risikofaktorar og vernande faktorar knytt til trakassering på arbeidsplassen, seier Hanvold.

Passive leiarar gjer trakassering mogleg

Eit tydeleg funn i kunnskapsoppsummeringa er at mangel på synleg støtte eller passivitet frå leiarar gjer spelerommet for diskriminering og trakassering større. Diskriminering og trakassering har samanheng med lågare grad av trivsel og høgare grad av stress, psykisk uhelse og dårlegare arbeidskapasitet.

Oppsummeringa peiker samstundes på ulike formar for organisatorisk støtte som viktige, beskyttande faktorar i arbeidsmiljøet til LHBT-personar. 

Dette inkluderer mellom anna policyer og aktivitetar for å motverke diskriminering.

Det har også betydning at leiarar og kollegaer viser støtte i praksis. Det kan for eksempel vere ved å seie i frå når andre kjem med krenkande utsegn, stiller ufine spørsmål eller bevisst brukar feil pronomen om LHBT-personar på arbeidsplassen.

– Vi veit frå forskinga at faktorar som rettferdig leiing, god leiarstøtte og autonomi er viktige både for jobbengasjement og arbeidshelse. I Noreg har høg grad av tillit og autonomi i arbeidslivet bidratt til høg verdiskaping, høg kompetanse og god kvalitet på velferdstenestene. Dette er verdiar vi må ta vare på også i framtida, seier Therese Hanvold.

Om kunnskapsoppsummeringa

I den svenske kunnskapsoppsummeringa har forskarane først og fremst kartlagt med breie forskingsspørsmål. Fokuset har vore å samanstelle kjenneteikn på, og risiko- og «friskfaktorar» i, det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet til LHBT -personar.

Det blei gjort søk i 2021 i 15 ulike databasar etter relevante vitskapelege artiklar publiserte mellom 2010 og 2021 innan felta helsevitskap, arbeidsmiljøforsking, samfunnsvitskap og kjønnsforsking. Alle typar studiar blei inkluderte, så sant dei tilfredsstilte kriteria forskarane hadde satt opp. 

Ein stor del av studiane (167) er heilt og halde gjennomførte i USA. I 11 av studiane er USA eitt av fleire land der studiedeltakarane kjem ifrå. Høvesvis 53 og 7 av studiane er heilt eller delvis gjennomførte i Storbritannia, og 12 er gjort i Sverige. Resten av studiane har i hovudsak blitt gjennomførte i EU-land, Australia eller Canada.

Talet på deltakarar varierer sterkt mellom dei ulike studiane. Studiar med transpersonar har som regel det minste talet på deltakarar.

Spørsmåla forskarane har sett på, er mellom anna:

  • Kva er dei viktigaste risikofaktorane i det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet til LHBT-personar?
  • Kva er dei viktigaste beskyttande faktorane («friskfaktorane»)?
  • Kva for skilnadar finst mellom arbeidsmiljøsituasjonane til dei som reknar seg som høvesvis homofile, bifile, transpersonar og queers? Finst det berøringspunkt mellom desse situasjonane?
  • Kva kjenneteiknar ein inkluderande arbeidsplass, det vil seie eit arbeidsmiljø som LHBT-personar sjølve opplever som godt?

Referanse:

Andrea Eriksson mfl.: Hbtq-personers sociala och organisatoriska arbetsmiljö – Myndigheten för arbetsmiljökunskap. Rapport frå  Myndigheten för arbetsmiljökunskap i Sverige, 2022.

Powered by Labrador CMS