– Det må meir til enn
ekstra språkstøtte for å lage eit fullgodt opplegg for fleirkulturelle.
Linda Opheim ved Universitetet i Agder forskar på undervisningsmetodar og underviser lærarstudentar i matte.(Foto: Maria van Schoor / UiA)
Det seier forskar Linda Opheim ved Universitetet i
Agder (UiA).
Saman med kollegaer har ho forska på eit matematikkurs for tospråklege lærarstudentar. I samarbeid med undervisaren og studentane, vart undervisninga endra.
Før omlegginga strauk 30 prosent av studentane til eksamen.
Etter omlegginga strauk fire prosent.
– Vi må kunne seie at vi har lykkast med kurset, seier Opheim.
Einaste utdanning i landet
UiA er det einaste
universitetet i Noreg som tilbyr ei eiga lærarutdanning for tospråklege lærarar.
Programmet starta i
2005 og gir ein treårig bachelor som kvalifiserer til å undervise som
faglærar.
Matematikkurset på 30
studiepoeng er ein del av utdanninga.
Opheim overtok
undervisninga i 2022. Ho oppdaga etter kvart at ho måtte endre kurset.
– Det vart klart at vi
ikkje kunne leggje opp studiet på same måten som for dei norske studentane.
Ekstra språkleg støtte er berre det første steget mot betre undervisning og
læring, seier ho.
Fleirspråklege lærarar trengst
i skulen
Bakgrunnen for at
tospråklege treng ein skreddarsydd utdanning er todelt.
For det første vel
stadig færre å studere matematikk for å verte lærar. For det andre er det for få lærarar med fleirkulturell bakgrunn som underviser i faget på
grunnskulen.
– Vi er eit
fleirkulturelt samfunn, men det avspeglar seg ikkje i talet på mattelærarar.
Det prøver vi no å gjere noko med. Målet var aldri å gjere dei tospråklege lærarane
meir lik dei norske, men tvert imot å utnytte at dei er ein ressurs som
fleirspråklege, seier Opheim.
Dei kjem frå andre skulesystem
I
staden for å leggje vekt på det dei fleirspråklege studentane mangla, ville forskarane bruke den erfaringa dei hadde. Dei ville vise at studentane er ein ressurs i
skulen.
Annonse
– Vi måtte gjere
endringar som gjorde det tydeleg at vi ser på denne gruppa studentar som viktige
for skulen, seier Opheim.
Studentane fekk mellom anna
ekstra opplæring i lærar- og elevrolla i den norske skulen.
– Mange kjem frå land med
andre system for undervisning og pensum. Vi kan sjå ulikt på ting som forholdet mellom elev og lærar, og lærar og overordna læreplan, seier Opheim.
Ho viser til land der respekten
for læraren er så stor at elevane seier dei forstår sjølv om dei ikkje gjer det.
– Eit anna døme er at det
kan vere uvant for desse studentane at det går an å undervise annleis enn
læreboka føreslår. Vi lærer dei å planleggje undervisninga ut frå ein læreplan
i samspel med eigen fagkunnskap, seier ho.
Endra
kurset medan dei forska på det
I staden for tradisjonell forsking brukte forskarane såkalla aksjonsforsking då dei forska på undervisninga.
Det er ein metode der forskaren
endrar praksisen undervegs basert på det dei finn.
– Vi analyserer korleis undervisninga fungerer,
planlegg endringar og set dei ut i livet. Så ser vi kva som skjer og tilpassar
på nytt. Det er ein pågåande prosess med analyse, refleksjon og tilpassing,
seier Opheim.
Kurset er ikkje forenkla
Ho minner om at tilpassing
av undervisninga dreiar seg om å gi ulik undervisning slik at ulike
studentgrupper får lik sjanse til ei undervisning som vedkjem dei.
– Vi har ikkje laga eit forenkla eit mattekurs
for fleirspråklege studentar, men tilpassa det til deira behov, seier Opheim.
Annonse
Ein av kursdeltakarane,
Tariq (pseudonym), opphavleg frå Midtausten, samanfattar kurset slik:
«Å
hjelpe elevar med å forstå matte handlar ikkje berre om tal. Det handlar om
språk. Det handlar om å høyre til saman med andre. Det handlar om å vise kvar
elev at deira måte å tenkje på betyr noko.»
– Aksjonsforskinga har lært oss at det ikkje krev éin enkel og genial revisjon
for å endre eit undervisningsopplegg. Det krev eit vedvarande arbeid der vi må
vere villige til å lytte og reflektere og endre og tilpasse i fleire omgangar,
seier Opheim.