Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Slik vil forskarane gjere farleg OL-sport tryggare
Ein av tre skadar seg i skicross kvar sesong. Nå jobbar norske forskarar, på oppdrag frå det internasjonale skiforbundet, for å gjere løypene tryggare.
Forskarane jobbar med GPS-måling av løypene i verdscupavslutninga i svenske Idre i mars. Denne forskinga er NIH med Matthias Gilgien i spissen verdsleiande på.(Foto: NIH)
– Det er fint å sjå at vitenskapelege nyvinningar
blir tatt i mot med opne armar og sett i system i av eit internasjonal forbund.
Alpinforskar Matthias Gilgien ved Norges idrettshøgskole (NIH) fortel oss om
prosjektet i telefonen på veg til sesongens siste verdscup i skicross i svenske
Idre.
Brukar avansert
GPS-teknologi
I OL-greina startar fire
løparar på likt på toppen. Alt handlar om å ta seg gjennom løypa med
utfordrande hopp og svingar, før dei tre andre.
Sporten er attraktiv og
spennande for publikum, men NIH har tidlegare kartlagt at heile ein av tre
utøvarar får ein skade som held dei borte frå konkurranse kvar sesong.
Derfor har Det internasjonale ski og
snowboardforbundet (FIS) henta inn NIH-forskarar. Dei skal forske på korleis dei
kan gjere verdscupløypene i skicross både tryggare og betre ved hjelp av
moderne teknologi.
Forskarar har
kartlagt kor ulykker eller nesten-ulykker skjer for å forstå kva slags moment i
løypa, som hopp eller svingar, som fører til farlege situasjonar.
Kvinner og menn brukar same løype i skicross, men ifølgje forskinga skadar dei seg på forskjellige måtar og plassar i løypa.(Foto: NIH)
Kvinner og menn skadar
seg på forskjellige stader
Eitt av funna er at
faremomenta i løypa er forskjellige for kvinner og menn, som i skicross
konkurrerer i same løype.
Gilgien fortel at mannlege utøvarar oftare skadar seg i svingar der dei har kontakt med andre, medan kvinner
kræsjar meir fordelt over heile løypa.
– Det er eit dilemma. For vi må ha same løype for kvinner og menn. Løypene for damer kan
ikkje vere for krevjande, da vil dei skade seg. For herrer må den vere såpass
vanskeleg at dei ikkje begynner å knive med olbogane mot kvarandre. Det er ein
vanskeleg balansegang, seier Gilgien.
Derfor prøvar han og
forskargruppa å finne ut av korleis løypene kan bli tilpassa for å senke
skaderisikoen for begge kjønn.
Må også tenkje på kva som
er attraktivt for publikum
Samtidig analyserer
forskarane kva som fører til forbikøyringar mellom utøvarar og kjem med forslag
for korleis dei kan bli tilpassa for å auke talet på vekslingar i feltet.
Det gjer sporten meir
attraktiv å sjå på.
– Målet er å finne ut av
korleis ein kan lage løypene slik at det blir meir forbikøyringar og mindre
skaderisiko.
Forskarane målar løypa og omgjevnadane i ein digital terrengmodell ved hjelp av
GPS-teknologi og dataanalyse. Dei målar også utøverenes
skikøyring med GPS.
– Ved hjelp av desse data
og videoanalyse av renn kan vi forske på korleis utforminga av løypa og farten
til utøvarane påverkar korleis dei interagerer med kvarandre og korleis det
fører til farlege situasjonar, seier Gilgien.
Annonse
Forslag til endringar
blir utarbeida saman med renndirektørane i FIS. Desse blir sett i system med arrangørane
som bygger løypene for framtidige verdscuprenn.
Verdscupen er innom dei
same arenaene kvart år. Dermed kan arrangøren gjere endringar etter kva
tilbakemeldingar forskarane gir.
Forskarane har vore rundt på fem forskjellige verdscuparenaer rundt om i Europa på oppdrag frå FIS.(Foto: NIH)
Vil lage tryggare hopp
Dei aller fleste
skadane skjer i dei innlagte hoppa, anten fordi utøvarane kjem borti kvarandre
eller at hoppa ikkje er utforma godt nok.
Forskarane brukar avansert simulering for å
kartlegge korleis hoppa kan bli bygd slik at dei er trygge for både menn
og kvinner. Dei ser også på forskjellige snøforhold som gjer at farten inn til hoppa
endrar seg.
Med data og datasimulering kan forskarane beregne kor utøvarane kan falle og i kva slags retning og fart dei køyrer ut
av løypa.
– Med den type simuleringar kan vi kartlegge kor arrangørane må sette opp
sikkerheitsnett eller anna beskytting langs løypa for å beskytte utøvarne når
ulykka fyrst er ute.
Forskargruppa har vore på
plass og samla og analysert data på ti verdscuparenaer dei to siste sesongane.
Tidlegare har det blitt
forska på liknande idrettar som big air og slopestyle, i eit mangeårig
samarbeid med FIS og IOC.
I tida framover vil forskargruppa utvikle verktøy for å planleggje og vidareutvikle nye løyper, særleg med tanke på skaderisiko.
– Vi er spesielt glade
for at vi både kan utvikle forskinga på området samtidig som det har ein
konkret innverknad i verkelegheita, seier Gilgien.
Han viser også til eit
anna eksempel på ein vitskapelege artikkel der forskarane har analysert
skaderisikoen i slopestyle-greina i friski.
Annonse
Referanse:
Mai-Sissel Linløkken mfl.: Equivalent Fall Height and Aerial Maneuver Difficulty Both Influence Landing Stability on World Cup Slopestyle Rollover Jumps For Skiers and Snowboarders. Scandinavian Journal of Medicine & Science in Sports, 2025. Sammendrag. Doi.org/10.1111/sms.70053