Annonse

En notis fra Nord universitet - les mer.

Haldis Kismul, doktorgradstipendiat ved Nord universitet, Fakultet for biovitenskap og akvakultur. Her i sitt rette element. (Foto: Fredrik Bergenkvist).

Månadens artikkel i internasjonalt topp-tidsskrift

Publisert

Da stipendiat Haldis Kismul fekk mail med beskjed om at hennar artikkel var kåra til Månadens artikkel i Journal of Dairy Science, trudde ho det var spam.

– Dette må være spam, tenkte ho. For i bakhovudet visste ho jo at artikkelen hadde gått nokre rundar før den vart endeleg godkjent. Men nett før ho trykka på delete, valde ho likevel å sjekke det opp med rettleiaren sin. Sånn for sikkerheits skuld.

Overraskinga var difor stor da ho fekk bekrefta at det ikkje var ein tullemail. Med andre ord: artikkelen hennar om kyr på nattbeite er kåra til månadens artikkel, eller Editor´s choice, i det vitskapelege tidsskriftet JDS – Journal of Dairy Science.

– Dette er det mest prestisjetunge tidsskriftet i min fagkrets, så det er veldig gledeleg og eit skikkeleg klapp på skuldra. For som stipendiat er det nok av tunge dagar, medgir ho.

Doktorgraden sin tar Haldis Kismul ved Svenske landbruksuniversitetet. Ho byrja på det lange løpet i januar 2015, og vonar å forsvare si avhandling i september 2020. Artikkelen som ho no vert heidra for har følgande tittel: Nighttime pasture access: Comparing the effect of production pasture and exercise paddock on milk production and cow behavior in an automatic milking system.

Dette er ein veldig omfattande artikkel, med i alt tre såkalla outputs:

  1. Korleis påverkar nattbeite dyra si åtferd
  2. Kva effekt har nattbeite på avkastninga – klarar dyra å få i seg nok fôr på beite til å oppretthalde produksjonen sin
  3. Korleis effekt på dyra si åtferd har det faktum at natta i nordlege strok av verda endra seg slik, både i lengde og grad av mørker, får juni til september?

– Frå eit publiseringspoeng-synspunkt ser eg at dette kunne ha vore tre artiklar. Men som leser av forsking gir det betre oversikt å få heile historia servert i ein artikkel, for å slik kjenne seg trygg på at dyr og periodar inkludert i analysane er det same – og at dei kan tolkast i lag. – Det har vore det viktigaste for meg, seier 35-åringen frå Arendal, som til dagleg er tilset ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur ved Nord universitet i Steinkjer.

Les meir om kåringa på heimesidane til Nord universitet

Powered by Labrador CMS