Vil utvida den norske morellsesongen
Dei norske morellane kjem stadig tidligare. Ny dyrkingsteknikk kan gi lengre sesong, større avlingar og betre kvalitet.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
I fjor planta Jøran Wiig 580 trær i eit eldre veksthus. Tomatplantane vart bytta ut med søtkirsebær, eller morellar som folk flest seier i Noreg. Haustinga starta 2. juni, og Wiig vart dermed den første til å levere norske morellar i år.
Produsenten i Klepp kommune er ein av elleve produsentar i Rogaland og Hordaland som deltek i eit nytt forskingsprosjekt, der målet er å utvikle lønnsame metodar for å dyrke morellar i veksthus og tunnel.
– Vi har forska på tomatar i 70 år, men intensiv veksthusdyrking av søtkirsebær har vi berre prøvd i tre år, seier prosjektleiar Åge Jørgensen ved NIBIO. Han synest resultata så langt har vore svært lovande og meiner norske morellar bør ta ein del av marknaden utanom vanleg sesong.
– Eg ville aldri rådd nokon til å byggje nye veksthus for å dyrke morellar. Men det er ei god ressursutnytting å bruke eldre anlegg, som ikkje held dagens energikrav for å dyrka tomatar og andre varmekrevjande kulturar. Me treng ikkje tilføre energi for å produsere søtkirsebær i veksthus. Samstundes utnyttar me dei andre fordelane og teknikkane vi har her, seier Jørgensen.
Startar forsiktig
Bygda Orre på Jæren har eit svært aktivt landbruk med grønsakdyrking både i veksthus og på friland. Her driv Jøran Wiig 20 mål med tomatar i veksthus. Nå prøver han ut ulike morellar i eit av dei eldre veksthusa.
– Det er både interessant og spennande å prøve nye kulturar. Vi er veldig entusiastiske, og det kan ein jo leva lenge på, seier Wiig.
Han og de andre produsentane startar forsiktig og det er ein lang veg fram, men Wiig har fleire eldre veksthus som kan vere aktuelle å dyrke søtkirsebær i.
Åge Jørgensen meiner alternativ utnytting av eldre veksthus er ei rimeleg investering.
– Eit ferdig planta morelltre med potte og jord kostar rundt 200 kroner. Om ein haustar tre kilo per tre det første året, er produksjonsapparatet i hovudsak betalt. Kor lenge vi kan ha treet i produksjon, har vi ennå ikkje fått prøvd ut, men vi håper på sju til åtte år, seier Jørgensen.
Kan endra dyrkingspraksis
Målet med det nye prosjektet, som er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet, er å utvikle lønnsame metodar for å dyrke søtkirsebær i både veksthus og tunnel.
I dag skjer det meste av produksjonen på friland med plastdekke og i plasttunellar. Her blir trea planta rett i bakken. I det nye prosjektet skal ein dyrke trea i 35 liters potter og blant anna teste ut ulike sortar, grunnstammer og klimastyring og gjødselvatning. Medan ein planter rundt 150 morelltre per dekar i vanleg produksjon på friland, gjer ein i veksthus forsøk med inntil 1000 tre per dekar.
– Eg trur vi kan overføre mykje av veksthustankegangen til dagens produksjon i tunellar.
Det seier seniorforskar og forskingsansvarleg i prosjektet, Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang. Han trur vi kan øke mykje av dagens dyrking ved å dyrke i potter med dryppvatning for å gi best mogleg tilførsel av vatn og næring. Det vil også gi betre utnytting av arealet.
Klare til 17. mai
Den store fordelen med veksthus er at morellane kan henge lenger på trea før hausting. For jo lenger dei heng, desto større og søtare blir dei.
– Vi klarer ikkje å konkurrere med tyrkarane på pris, så vi må satse på kvalitet, med store, velutvikla, ferske og kortreiste morellar, meiner Jøran Wiig.
– Sjølv om vi i veksthus kan få til modne morellar allereie til 17. mai, er det kanskje i siste del av sesongen vi har dei største marknadsmogligheitene, meiner Åge Jørgensen.
SE OGSÅ
-
-
Norden kan høste fruktene av global oppvarming
-
Norske barn spiser mye frukt og grønt
-
Klimaendringer kan gi mer norsk frukt
-
Hva er sunnest av juice og frukt?
-
Gratis skolefrukt gir sunnere spisevaner
-
Frukt, grønnsaker og lavkarbodiett
-
Mer frukt og grønt kan gjøre deg gladere
-
Sitrusfrukter kan dempe kvinners slagrisiko