Denne artikkelen er produsert og finansiert av NTNU - les mer.

Denne soppen trivst i barnehagen

Forskarane fann noko overraskande då dei undersøkte kva soppar som finst heime hjå folk og i barnehagar. 

Barn har meir av ulike soppar på huda enn vaksne.
Publisert

Vi er omgjevne av mikroorganismar. Sopp, virus og bakteriar svevar i lufta vi pustar inn, er på flatene vi rører ved, og florerer både inni og utanpå kroppen vår. 

Vi veit at dei er der, men vi veit ikkje så mykje om kva artar det er.

Professorane Håvard Kauserud og Inger Skrede ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo bestemte seg for å undersøkja kva soppar som finst heime hjå folk og i barnehagar. 

Det starta som to ulike studiar. Då dei samanlikna dei fann dei noko overraskande.

– Framgangsmåten vår for å undersøkja private heimar var å rekruttera frivillige deltakarar. Det gjorde vi via sosiale medium, private nettverk, folk som vi tenkte kunne vera interesserte i å delta i eit slikt folkeforsking-prosjekt. Vi fekk god geografisk spreiing med deltakarar over heile landet, til og med frå Svalbard, seier Kauserud.

Inger Skrede og Håvard Kauserud sendte ut bomullspinnar og hanskar til deltakarane.

Barnehagar over heile landet

– Vi sendte ut bomullspinnar og hanskar, og bad dei om å ta støvprøvar over bestemte dørkarmar, som inn til hovudrommet, inn til badet og på utsida. Prøvane putta dei i eit røyr, skrudde att og sende det til oss i posten, fortel Inger Skrede.

Framgangsmåten var den same for prøvane som vart tekne i barnehagane, bortsett frå rekrutteringa.

– Her hadde vi ei liste over alle barnehagane i landet, slik at vi kunne gjera eit utval av like mange kommunar i kvart fylke. Litt over halvparten av barnehagane vi spurde sende oss prøvar i retur, fortel ho.

Hermetiske trøflar 

På laben vart DNA frå prøvane ekstrahert og sekvensert. Det blei tusenvis av seriar frå kvar prøve, til saman millionar av seriar.

Kauserud fortel ei historie for å understreka kor kraftfull denne metoden er.

– I ein av prøvane fann vi DNA frå sommartrøffel. Denne arten er aldri funnen naturleg i Noreg før, så vi vart jo litt ivrige, seier han.

– Men det viste seg at prøven skreiv seg frå ein kollega som hadde ete hermetiske trøflar. Så det var ikkje ein gong frå ein levande sopp, men antakeleg berre DNA som hadde frigjort seg frå glaset med trøflar. Så vi kan potensielt bruka metoden til å finna ut kva folka i huset pleier å livnæra seg med.

Barn har større mangfald av sopp

Men det var altså ikkje matvanar mykologane var ute etter å kartleggja, men kva artar som var å finna innandørs. Og då oppdaga dei noko interessant.

– Vi såg at medan det var muggsopp som dominerte heime hjå folk, var det gjærsoppane som rådde grunnen i barnehagen. Det fekk oss til å lura på kva årsaka til denne forskjellen kan vera, seier Skrede.

Gjærsoppar er meir knytte til menneske. Vi har dei både på huda og i tarmane. Sidan det vanlegvis er fleire menneske samla i barnehagen enn i ein heim, kan det vera ein del av forklaringa, fortel forskaren.

– Vidare er det slik at barn har større mangfald i det vi kallar mykobiomet – den delen av mikrobiomet som vert utgjord av sopp – på huda enn vaksne. Det kan òg ha spelt inn, seier ho.

Hus er ekstreme tilhøve

Andre faktorar som kan ha hatt noko å seia er at ein stor del av matstellet i barnehagen er gjærbakst, og at barna leikar utandørs. 

Saman med levering og henting av barna gjev det mykje trafikk inn og ut av utgangsdøra, som kan sleppa inn mikroorganismar og biologiske partiklar frå utsida.

– Det var primært dei innandørs soppane vi var interesserte i, men vi fann jo óg DNA frå soppar frå utemiljøet. Så ein del av funna kom frå artar på utsida, som ikkje i utgangspunktet heldt til der vi testa, seier Kauserud.

– For soppane har husa våre eigentleg ekstreme tilhøve, turre og relativt reine som dei er. Soppane som trivst best her, er ganske like dei som finst på andre ekstreme stader, som på havbotnen eller på ein stein høgt til fjells, seier han.

Soppflora og helsetilstandar

Nokre vil kanskje spørja seg om forskjellen mellom heim og barnehage kan utgjera noko helsemessig trugsmål. Men det kan ikkje forskarane gje noko svar på.

– Dersom eit hus får vasskadar, kan det bli ei oppblomstring av muggsopp, som kan vera skadeleg for menneske. Folk med nedsett immunforsvar er meir utsett for soppinfeksjonar, seier Skrede.

– Å undersøkja om det finst samanhengar mellom soppflora og helsetilstandar kunne vore interessant. Men det ville ha vore ein langt større og meir komplisert studie og godt utanfor det som var forskingsfokuset vårt i desse studiane, seier ho.

Referanse:

Håvard Kauserud, Inger Skrede mfl.: Yeasts Prefer Daycares and Molds Prefer Private Homes. Microbial Ecology, 2025. Doi.org/10.1007/s00248-025-02505-4

Powered by Labrador CMS