Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Medisinplante på fortauskanten
Utstyrte med oversikter over tradisjonelle medisinplantar jaktar forskarane på nye legemiddel mot betennelsar. Forskingsmaterialet kan dei finna på dørstokken sin, eller på fortauet.
Mellom asfalt og kantstein har tunbalderbrå funne sin heim.(Foto: Torstein Helleve / UiO)
– Der er ein tunbalderbrå, men den var
litt puslete.
Vi går to meter til før Andrea Angelov Eltvik set seg på huk og plukkar ein liten bukett av ein plante som pressar seg opp mellom asfalten og kantsteinen.
Dei fleste av oss ville tenkja på han som ugras, dersom vi i det heile tatt registrerte han der vi hasta forbi. Men for Eltvik har planten interesse som kjelde til potensielle nye legemiddel.
Berre nokre få meter frå inngangen til Farmasøytisk institutt kan forskar Andrea Angelov Eltvik finna tunbalderbrå.(Foto: Torstein Helleve / UIO)
Mange plantar som vart brukte i folkemedisinen er ikkje særleg undersøkt for verkestoff som kan nyttast som legemiddel. Ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo har forskarar i fleire år studert slike plantar med utgangspunkt i gamle, skriftlege kjelder. Eltvik er ein av forskarane.
– Eg har teke utgangspunkt i arbeida til tre forfattarar som alle samla inn opplysningar om gamle medisinplantar i førre hundreår, seier ho.
To ekstrakt frå kvar plante
– Dei beskreiv kva plantar som skulle
hjelpa mot kva sjukdommar. Dei fortalde kva delar av planten som vart brukt, om
det var røtene, blada eller heile planten, og når den skulle haustast, sier Eltvik.
Nokre
gonger har dei òg beskrive om dei har laga ekstrakt i etanol, i vatn eller til
og med i feitt.
– Det er nyttig når vi skal simulera dei gamle oppskriftene, seier forskaren.
Eltvik valde fyrst ut dei plantane som var
blitt brukte til å behandla ulike typar betennelsar, alt frå betente sår til
leddgikt. Så sjekka ho fleire forskingsdatabasar for å sjå
kva for plantar som var lite forska på og som det dermed mangla god
nok kunnskap om.
– Vi enda opp med tolv plantar som vi
ville undersøkja nærmare. I laboratoriet laga vi to ekstrakt frå kvar plante, eitt
i etanol og eitt i diklormetan, fortel Eltvik.
Reduserer betennelse
– Så testa vi desse ekstrakta på
cellekulturar som vi hadde påført ein betennelse. Ved å måla nivåa på bestemte stoff såg vi kva planteekstraktar som reduserte betennelsen mest, seier forskaren.
Vidare undersøkte dei om nokre av
ekstrakta kunne beskytta mot biverknadar av legemidla som går under nemninga
NSAIDs. NSAIDs er mykje brukte betennelsesdempande legemiddel, og omfattar mellom
anna kjende legemiddel som Ibux, Voltaren og Naproxen.
– Ulempa med desse er at dei kan forårsaka
mageplager. Vi ynskte derfor å sjå om ekstrakta kunne beskytta cellene i tarmveggen,
forklarar Eltvik.
Eit heilt vanleg tre
Forskarane dyrka fram celler som etterliknar
tarmcellene, og testa dei i to løysingar: Ei som inneheldt ein NSAID, og ei som
inneheldt den same NSAIDen pluss ekstraktet som skulle testast.
– Ved å senda
straum gjennom cellelaget kunne vi måla motstanden. Di mindre motstand, di
større sjanse for at det er skadar på cellene. Der vi målte større motstand,
antok vi at ekstraktet hadde ein betre beskyttande effekt, seier Eltvik.
Annonse
Til slutt undersøkte dei den kjemiske
profilen til ekstrakta for å finna innhaldet av fenolar. Det er ein type kjemiske
forbindelsar som er kjend for å ha god effekt mot betennelsar.
– Her såg vi at etanolekstrakt frå gråor
og skogstorkenebb hadde spesielt høgt innhald av desse forbindelsane, seier forskaren.
Då dei skulle plukka ut to plantar dei
skulle gå vidare med forsking på, var det likevel berre gråor av desse to som
vart med. Gråor er eit av dei vanlegaste treslaga i Noreg, og finst over det
meste av landet.
Samanlikna med kamille
Den andre er altså tunbalderbrå, som vi
møtte i innleiinga på fortauet framfor Farmasøytisk institutt.
Med ein norrøn
gud i namnet skulle ein tru planten hadde vore her i landet i tusenvis av år,
men han stammar faktisk frå Amerika og kom antakeleg fyrst på 1800-talet her
til landet.
Dermed har den heller ikkje så lange
tradisjonar innan folkemedisinen, anna enn at den har blitt brukt i ein
sårsalve, forklarer Eltvik.
– Men den er i slekt med kamilleblomen,
som har blitt brukt mot mange tilstandar: Betennelsar, angst, søvnløyse,
mageplager og meir til. Så no er eg i gang med å samanlikna tunbalderbrå med
kamille, for å sjå om tunbalderbrå kan ha tilsvarande effektar, seier forskaren.