Inntil nyleg var radiofarmasi – behandling
med radioaktive legemiddel – ein nisjeaktivitet som i hovudsak fann stad på
sjukehus.
– Men i det siste har vi hatt suksess med visse typar for terapi òg, ikkje berre diagnostisering som tidlegare, fortel fyrsteamanuensis Verena Pichler ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Så no opplever vi ein sterk vekst innan feltet, med etablering av mange ulike nye farmasøytiske selskap.
Redusert til ni prinsipp
– KI opnar store moglegheiter i jakta på nye verkestoff, men er eit energisluk, sier Verena Pichler.(Foto: Minitta Kandlbauer)
Pichler har alt
identifisert ei utfordring å ta tak i for radiofarmasien: å gjera han
berekraftig.
«Grøn kjemi» vart for alvor eit tema på
slutten av 1990-talet.
Grøn kjemi handlar om å lage dei stoffa og produkta vi treng, men på ein tryggare og meir berekraftig måte. Grøn kjemi skader miljøet minst mogleg.
Målet er å bruke mindre energi, skape mindre avfall og unngå farlege stoff.
Pichler har latt seg
inspirera av Paul Anastas, som saman med John C. Warner i 1998 formulerte tolv
prinsipp for grøn kjemi.
– Med utgangspunkt
i desse tolv prinsippa har vi vore fleire som har arbeidd med å tilpassa dei
til radiofarmasien. Vi har redusert talet til ni, seier Pichler.
– Det er nokre forskjellar mellom
radiofarmasi og kjemi som gjer at vi ikkje utan vidare kan bruka kjemiprinsippa
på radiofarmasien.
Påverknad av transport
Som eitt døme nemner ho løysemiddel.
– Når eit legemiddelfirma masseproduserer
eit legemiddel, har det mykje å seia om ein brukar eit bionedbrytbart
løysemiddel, sidan det er snakk om store volum, forklarar Pichler.
– Men innan radiofarmasien behandlar vi
kanskje berre ein eller to pasientar om gongen. Dermed har løysemiddelet mykje
mindre å seia i forhold. Det er andre ting som har mykje større innverknad på
om bruken er berekraftig.
Eitt av områda som har meir påverknad
innan radiofarmasien er transporten.
Bevisst på kunstig intelligens
– I radiofarmasien er det radioaktive substansar vi har med å gjera. Vi ynskjer ikkje å utsetja
pasienten for meir stråling enn nødvendig, seier Pichler.
Annonse
Ho seier at den korte halveringstida gjer at ein ikkje kan produsera legemidla i eit anna land, som i tradisjonell farmasøytisk
industri. Radiofarmasi treng ein generator. Den må flyttast raskt frå reaktor til pasient, slik at medisinen framleis verkar.
Kunstig intelligens er eit anna område å
vera bevisst på.
– KI opnar på den eine sida store
moglegheiter i jakta på nye verkestoff, både innan radiofarmasi og innan
farmasi generelt. Samstundes veit vi at KI er eit energisluk, så her må
fordelar og ulemper vegast opp mot kvarandre.
Ut av startgropa
Pichler ventar ikkje at dei foreslegne
prinsippa hennar skal takast i bruk på direkten.
Ho ynskjer fyrst og fremst å starta
diskusjonen og vekkja merksemda om berekraftperspektivet hjå dei som jobbar
innan radiofarmasi.
– Hugs at kjemien vart hundrevis av år
gammal før ein fekk prinsippa om grøn kjemi. Prinsipp for grøn radiofarmasi kan
vi få med oss så å seia ut av startgropa, seier ho.