Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Førsteamanuensis Jamie Callison analyserer poesien til David Jones, T.S. Eliot og H.D. (Hilda Doolittle) i den nye boka si om poesi, modernisme og religion.

Poetane som endra tenkinga om religion

Modernismen er meir enn eit farvel til tradisjonen. Den er også eit forsøk på å nyskape religion og tradisjonell tenking, seier forskar i ny bok.

I boka Modernism and Religion: Between Mysticism and Orthodoxy (2023) utforskar Jamie Callison korleis poesi og kunst endra tradisjonell religion og tenking.

– Eg fortel historia om dei religiøse dimensjonane i modernismen på 1900-talet. Det perspektivet er ei undervurdert og underrapportert side ved modernismen, seier Callison.

Religion og poesi inspirerte kvarandre

Jamie Callison er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA). I den nye boka si utforskar han korleis religion og poesi har inspirert kvarandre gjennom det tjuande hundreåret.

Callison les og tolkar dikt av David Jones, T.S. Eliot og H.D. (Hilda Doolittle).

– Ezra Pounds slagord for modernismen var «Gjer det nytt!», «Make it new!» I boka mi viser eg korleis poetar som David Jones, T.S. Eliot og H.D. grip fatt i religiøse idear og bidreg til å fornye tenkinga om religion, seier Callison.

Han minner om at desse poetane ønskte meir enn berre å bli lesne. Dei ville at poesien skulle framførast.

– På same måte som liturgien i ei kyrkje vart poesien deira levande når han vart framført munnleg for publikum, seier Callison.

Han peikar mellom anna på Eliots diktbok The Four Quartets. Der får lesaren beskjed om å lese dikta høgt.

Poesi som ei kroppsleg oppleving

Callison understrekar at modernistiske poetar ville gi lesaren ei heilskapsoppleving. Poesien skulle ikkje berre vere noko for intellektet, men også for kjenslene og sansane.

– Poesi skal vere ei sanseleg totaloppleving. Poetar som Eliot og H.D. behandla verka sine nærast som teaterframsyningar, og nokre av dei skreiv også for teateret, seier han.

Dikta deira var meinte å bli talt høgt. Ifølgje Callison var dette poetar som forstod krafta i den munnlege opplesinga. Og slike framføringar liknar på religiøse talar, bønner og ritual.

– Dikta inviterte lesarane til å tenkje og sanse seg gjennom trua og tradisjonen på nytt, seier han.

Ei bru mellom det heilage og profane

Callison seier at denne typen poesi kan seiast å vere ei bru mellom den religiøse og den sekulære verda, mellom det heilage og det kvardagslege.

– Ein poet som Eliot skreiv bøker som oppmuntra lesarane til å reflektere over den religiøse fortida og korleis ho påverka på notida og framtida. Gjennom dikta søkte desse poetane å bidra med ei meditativ oppleving, seier han.

Callison understrekar at poetane ikkje var ute etter å erstatte religion og religiøse skrifter med kunst og poesi.

– At kunstnarane ville erstatte religion med kunst, er framleis eit utbreidd, men unyansert perspektiv på modernismen. Poetar som T.S. Eliot, H.D. og David Jones arbeidde med religiøse spørsmål. Men viktigare: Dei omarbeidde dei, nyskapte dei kanskje på enkelte område og gjorde dei tilgjengelege for eit sekulært publikum, seier han.

Gjer om minne

– Dei bevarer nok delar av den religiøse tradisjonen i dikta sine. Men viktigare er det at dei gjer om minna. Etter Ezra Pounds motto prøver dei å make it new, seier Callison.

Han minner om at Four Quartets er eit krigsdikt, skrive under andre verdskrigen. Det vart til i ei tid då Eliot og dei fleste andre i Storbritannia følte at dei kom til å tape krigen.

– Diktet nærmar seg ideen om ein tapt nasjon og tapt identitet. Kjensla av tap påkallar religiøse idear for å finne trøyst i det trøysteslause. Nøkkelen er ikkje at diktet blir religiøst, men at det prøver å kople seg til religiøse idear for å sjå om det kan bere gjennom nederlag, seier Callison.

På den måten meiner han diktet fungerer som ei slags påminning.

Poetar gjenoppdagar

– Det minner oss om den religiøse fortida og at ho kan vere verd å hugse. Denne typen poesi gjenoppdagar og prøver ut religiøse ritual og tenkjemåtar. Poetane viser oss kanskje berre restane av eit religiøst liv og ei kristen tenking, seier Callison.

Callison understrekar at poetar ikkje berre gjentek fortida eller vender tilbake til ho; dei gjenoppfinn og tolkar ho på nytt.

Han nemner nobelprisvinnaren frå 2023, Jon Fosse, som eit døme frå våre dagar:

– Jon Fosse ser ut til å vende tilbake til kristendommen i mange av bøkene sine, på ein nyskapande måte. Men eg meiner frasen «vende tilbake» er misvisande. I verka til ein kunstnar er «tilbakevending» ikkje berre ei tilbakevending, det er ei nytolking.

Powered by Labrador CMS