Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Fylkeskommunen: Korleis drive strategisk leiing i turbulente tider
Vestfold og Telemark fylkeskommune vart slått saman og skal no skiljast etter fire år. Forskar Anne Gry Fadum Carlsen har studert leiing i nettopp fylkeskommunen.
– Kort fortalt er strategisk leiing det
leiarar og medarbeidarar gjer saman, seier forskar Anne Gry Fadum Carlsen.
Ho har gått breitt til verks i si forsking. Studien inkluderer leiarar frå fleire nivå i organisasjonen. Leiarane skreiv refleksjonsnotat, og Fadum Carlsen gjennomførte både intervju og var med på møte for å observere korleis strategisk leiing vert utøvd.

– Det er turbulente tider. Derfor er det viktig med kunnskap om kva strategisk leiing inneber, seier Fadum Carlsen.
Samfunnsendringar generelt, og politisk vedtak om fusjon og delingar av fylkeskommunar spesielt, skaper nye vilkår for strategisk leiing.
Det gjer Fadum Carlsens si forsking meir aktuell.
– Strategisk leiing er det leiarar og medarbeidarar gjer saman.
Leiarar har eit repertoar av strategiske handlingar
Forskinga hennar viser at leiarar har eit repertoar av strategiske handlingar når dei utøver strategisk leiing. Til dømes legg dei til rette for medverknad, utformar reglar og prosedyrar og deltar aktivt på uformelle arenaer for samhandling.
– Dette inneber å løyse både rutineoppgåver og oppgåver som ikkje er rutine. Det inkluderer det formelle og det uformelle, interne og eksterne aktivitetar, seier forskaren.
– Strategisk leiing inkluderer å sjå lenger enn berre her og no ved å tenke og handle langsiktig, vurdere alternative val-moglegheiter og sette enkeltdelar saman til eit heile.
Ein krevjande plass å vere leiar
Forskaren seier at offentleg sektor ofte er prega av tvitydige og konkurrerande forventningar og krav.
Det gjer det krevjande å vere leiar.
– Strategisk leiing er som balansekunst. Ein skal kople saman dei strukturelle rammene, til dømes organisasjonskart og formelle prosedyrar, organisasjonskultur og interne læringsprosessar, seier Fadum Carlsen.
– Strategisk leiing er som balansekunst.
Strategisk leiing er noko som vert gjort i fellesskap
Ifølge forskinga handlar strategisk leiing om det som oppstår og vert utvikla når leiarar og medarbeidarar jobbar saman. Det handlar ikkje om den enkelte leiaren, men det som skjer når leiarskapet vert utøvd på ein handlekraftig og effektiv måte.
Dette kan til dømes skje ved å analysere og stake ut ein strategisk kurs for vegen vidare.
Eit anna døme er når leiarar legg til rette for å skape meining saman med dei tilsette.
– Ein sentral strategi blant leiarane forskaren har studert, er å kople nye idear og strategiske avgjerder fatta på organisasjonsnivå til lokal praksis og det medarbeidarane allereie gjer i kvardagen, seier forskaren.
Forventningar og krav
Det er minimale forskjellar mellom sektorar når leiarar beskriv strategisk leiing.
– Det er likevel nokre forskjellar i perspektiv mellom leiarnivåa som inngår i studien.
Fadum Carlsen utdjupar.
– Toppleiarar rettar i større grad fokus mot omgjevnadene til organisasjonen og realisering av samfunnsoppdraget. Mellomleiarar trekker oftare fram interne organisatoriske prosessar og arbeid for å omsette mål og strategiar for medarbeidarane.
Forskinga viser også at det er viktig å balansere omgjevnadene sine forventningar og krav. Leiarar må kunne handtere og prioritere i kvardagen.
– Ein av leiarane fortalde at jobben er å vere ei form for portvakt: «Dette skal vi gjere, og dette skal vi ikkje gjere», seier forskaren.
Fylkesdirektøren er ikkje overraska over funna
– Vi som er leiarar, snakkar mykje om strategisk leiing. Derfor er det nyttig å sjå korleis dette vert definert og utøvd i ein stor organisasjon som fylkeskommunen.
Det seier fylkesdirektør Arve Semb Christophersen.
– Funna er ikkje overraskande for oss, men både forståelege og eigna til å jobbe vidare med for å styrke utøvinga av strategisk leiing i organisasjonen, fortset han.
Christophersen fortel at det er stor interesse for denne forskinga blant dei tilsette i fylkeskommunen.
1. januar 2024 blir Vestfold fylkeskommune
og Telemark fylkeskommune sjølvstendige kommunar att etter fire år saman. Kunnskap om leiing vil derfor vere viktig også i tida som kjem.
Referanse:
Anne Gry Fadum Carlsen: Strategisk ledelse i fylkeskommunen. En studie av lederes fortellinger og strategiske handlinger ved gjennomføring av strategiske planer. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo, 2023. (Nettside på UiO om avhandlingen)
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER