Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Julia (27) har eit yrke nærmast ingen kvinner har
Julia Mehre Ystgaard jaktar OL-medaljar som hovudtrenar for det canadiske langrennslandslaget. Ny forsking viser tydeleg kvifor berre sju prosent av topptrenarar er kvinner, og kva for tiltak idretten bør gjere.
Julia Mehre Ystgaard er inne i sin fjerde sesong i verdscupsirkuset med Canada.
Ho er oppgitt over den skjulte diskrimineringa ho har opplevd i starten av sin trenarkarriere.
– Når du får beskjed om at du berre må vere litt meir sjølvsikker, eller høyrer om andre kvinnelege kollegaer som får høyre at dei kunne ha vore gode om dei berre hadde turt å snakke litt høgare, seier ho.
– Idretten må stille seg spørsmålet om det er etisk å tilby eit yrke som er mykje meir tilrettelagd for eit stereotypisk kjønn, seier forskar Marte Bentzen.
Rett frå mastergrad til toppjobb i Canada
Alt som 25-åring hadde Julia fått drøymejobben.
Plutseleg skulle den nyutdanna trenaren trene og ha ansvar for Canadas verdscuplag i langrenn. Laget består av både kvinner og menn.
I verdscupsirkuset, som nærmast reiser verda rundt saman gjennom heile vinteren, opplevde ho tidleg diskriminering av henne som ung kvinneleg trenar.
Men det var ikkje for å ta kvinnekampen at Julia kom inn i trenaryrket.
– Eg trur på hardt arbeid og at ein kjem dit ein ynskjer å vere viss ein jobbar for det. Du lærer å velje dei riktige kampane, så kjem du sterkare ut av det.
Ho legg retorisk til:
– Skal vi verkeleg lære kvinner å tole diskriminering betre, eller skal vi sørge for at diskrimineringa forsvinn?
Meir berekraftig for alle trenarar, uavhengig kjønn
NIH-forskar Marte Bentzen har akkurat presentert ny forsking om kvinnelege topptrenarar i Noreg og Frankrike.
Etter 15 år med forsking på trenaryrket kjente ho på ein viss motstand på å forske spesifikt på kvinnelege trenarar.
– Eg blir på ein måte litt irritert på at vi må ta opp denne debatten. Vi lever i 2025 og kunne jo ha tenkt oss at det å vere trenar skulle vere eit yrke som skulle vere likestilt og tilgjengeleg for alle. Men vi ser dessverre at det ikkje er slik. Då må vi som forskar på dette ta tak i det og finne ut kvifor det er slik, seier Bentzen.
Men tiltaka forskarane foreslår er det ikkje berre kvinnelege trenarar som vil sette pris på.
– Vi trur på å gjere yrket meir berekraftig. Det veit vi at mannlege trenarar også ynskjer seg, seier ho.
Stor utfordring å bli mor som trenar
I intervju med forskarane, fortel dei kvinnelege trenarane mellom anna om skjult diskriminering, mangel på rollemodellar og ei arbeidsmengde som er vanskeleg å kombinere med familieliv.
Eit eksempel kan vere at den kvinnelege hovudtrenaren automatisk blir tiltalt som fysioterapeuten, medan den mannlege assistenttrenaren automatisk blir tiltalt som hovudtrenaren.
Kan aldri bli ein 8-4 jobb
Målet til forskarane har vore å finne ut meir om kva som skal til for at jobben er haldbar og at dei vil og kan vere i jobben over tid.
– Vi har ikkje ei naiv haldning til at dette kan bli ein rein 8-4 jobb. Trenarane vi har snakka med er heilt innforstått med at trenarjobben aldri kan bli det. Men det finst tiltak som det går an å gjere rundt reise- og arbeidsbelastninga, meiner Marte Bentzen.
Forskargruppa meiner at tiltaka som tidlegare har blitt gjort i idretten, har hatt for stort fokus på å gjere noko med kvinnene.
– Tiltaka har stort sett vore i retning kvinnene, som skulle få betre sjølvtillit og kompetanse. Vi må heller fikse systemet, meiner Bentzen.
Bentzen trur vi kjem til å miste mange gode kompetente trenarar som kan tilføre idretten noko anna, om ikkje idretten tar tak.
I tillegg meiner ho i det store at dette er djupt uetisk.
– Idretten må stille seg spørsmålet om det er etisk å tilby eit yrke som er mykje meir tilrettelagd for eit stereotypisk kjønn.
Julia vil bli lenge i trenaryrket
Like før OL-sesongen tek til, kjenner Julia seg igjen i mange av funna forskaren presenterer.
– Absolutt. Eg har vore heldig med gode kollegaer eg har kunne ha lent meg på, men eg har kjent på presset for å levere og representere andre kvinnelege trenarar.
Ystgaard føler seg heldig som har kome inn i yrket tidleg og får ein del år i sirkuset før det er naturleg å tenkje på familie.
Men slik trenarjobben er no, meiner ho det ikkje er mogleg å kombinere med eit familieliv.
– Den store draumen er jo å kunne gjere dette til yrket ein kan ha lenge, seier ho.
Mange ho snakkar med i miljøet er audmjuke og seier at dette ikkje hadde gått utan ein sterk partnar heime.
– Men kanskje kan vi endre på det her, slik at det faktisk blir lagt litt meir til rette og at ein ikkje er avhengig av å lene seg 100 prosent på ein veldig sterk partnar heime, seier Ystgaard.
Høyr meir om forskinga og Julias historie i NIH-podden.
Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
-
100 dagar ute i kulde og utan forsyningar: Kva skjedde med musklane?
-
Menn får størst effekt av styrketrening, men det kan vere viktigare for kvinner
-
Ny studie: Korte gåturar og mindre stillesitting gir lågare dødsrisiko
-
Knuser myte om artrose og trening: – Vi må slutte å bruke det ordet
-
– Jenter i lagidrett bør starte med styrketrening tidlegare
-
Det handler om mer enn plagsom erting og utskjelling: Over halvparten har opplevd dette i barne- og ungdomsidretten