Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Kreftoverlevar Monica trena i fem månader: Resultata er oppsiktsvekkande
– Funna våre viser at trening bør bli inkludert som ein del av rehabiliteringa etter kreftbehandling, meiner forskar Sara Hassing Johansen. Monica Hjertholm fekk ny livsglede etter å ha vore med på forskingsprosjektet.
Tre økter i veka trena Monica Hjertholm på treningssenteret på NIH under forskingsprosjektet. Ved sidan på alle økter var forskar Sara Hassing Johansen.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
Monica må berre glise i det ho kjem inn på
treningssenteret og ser tredemøllene som står på rad og rekke.
– Her hadde vi det jammen gøy!
Ho hadde aldri sett sine bein på ei tredemølle før
ho sa ja til å bli med på forskingsprosjektet.
Ti år etter at ho som småbarnsmor fekk påvist
brystkreft ein sommardag på hytta i Østfold, skulle ho for alvor teste kva
kroppen var laga av.
Ville kroppen tole intervalltrening? Ville ho
kjenne like god respons på treninga som kvinner på same alder som aldri har
hatt kreft?
Skal få vite forskingsresultat
Monica er tilbake på Norges idrettshøgskole (NIH) med
eit heilt anna forhold til trening enn då ho var klar til fyrste økt i
forskingsprosjektet.
Men spørsmåla er mange. Kva viste eigentleg
resultata av dei mange fysiske testane ho tok? Kva har eigentleg treninga
betydd for ho og resten av kreftoverlevar-gruppa?
I dag får ho svaret.
Etter kvart følte Monica at ho nærmast flaug ut av treningssenteret etter harde 4x4 minuttsintervallar.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
Monica har funne tilbake til si faste mølle
gjennom fem månader på treningssenteret på NIH.
Forskar Sara Hassing Johansen står
ved sidan av og heiar ho fram som ho gjorde tre dagar i veka under
forskingsprosjektet. Ho er idrettsfysiolog og tek doktorgrad ved
Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH.
– Du var heilt ekstrem. Eg måtte nesten bere deg
av mølla, fordi du hadde det så gøy og pressa deg så hardt, ler forskaren som
også var personleg trenar undervegs i prosjektet.
Dei har fått eit spesielt band etter mange tidlege
morgonøkter akkurat her.
Har større risiko for hjarte- og karsjukdom
I dag er ein i stand til å diagnostisere
tidleg og gje god behandling av brystkreft. Prognosane for brystkreft er generelt gode.
Men sjølv om mange overlever, er kvinner som har
hatt brystkreft utsett for ei rekke langvarige seinskadar som redusert fysisk
form, fatigue og nedsett livskvalitet.
Studiar viser at over 50 prosent framleis har betydelege
seinskadar åtte år etter diagnosen.
Kreftoverlevarar som Monica har også større risiko
for å få hjarte- og karsjukdommar som kan vere minst like alvorlege som kreft.
Annonse
Det å gjennomføre kreftbehandling reduserer også
oksygenopptaket med ni prosent i løpet av ei behandling på 13 veker, viste ein
oversiktsstudie som er ein del av forskingsprosjektet på NIH.
Likevel er det framleis uklart kva slags effekt
trening har på denne gruppa.
For forskarane var det store spørsmålet kva slags
treningseffekt Monica og resten av gruppa som har vore gjennom tøff
kreftbehandling eigentleg kan oppnå.
Får dei like mykje igjen for intervalltrening som
vi andre gjer?
– Det har vore lite forsking på korleis kroppen
reagerer på trening ti år etter kreftsjukdom. Det har berre blitt hinta til i
litteraturen, og ingen har inkludert ei referansegruppe som vi har gjort før,
fortel Sara om studien som er den fyrste og største randomiserte kontrollerte
studien på kvinner som har hatt brystkreft for ei tid sidan.
Ein randomisert kontrollert studie er ein forskingsmetode der deltakarar blir tilfeldig delt inn i grupper for å samanlikne effekten av eit tiltak med ei kontrollgruppe som ikkje får tiltaket.
Dei 2,5 åra som har gått sidan Monica gjekk
gjennom dei mange fysiske testane, har Sara brukt på å analysere resultata.
Fleire gonger har ho og forskarteamet blitt
forbausa.
Ingen av kvinnene trena regelmessig før
Det var ikkje før for fire år sidan at eg klarte å sjå meg i spegelen etter at eg blei sjuk. Fordi eg syntest at eg hadde blitt stygg.
I prosjektet The Cause blei 140
brystkreftoverlevarar rekruttert.
Alle hadde hatt brystkreft for 10–15 år sidan og
hadde ein gjennomsnittsalder på 59 år.
Ingen av dei trena regelmessig frå før.
Annonse
Kvinnene blei delt inn i to grupper. Den eine fekk
eit tilpassa treningsprogram der dei trena med personleg trenar, tre gonger i
veka.
Den andre var ei kontrollgruppe og hadde ingen
treningsøkter i kalenderen. I tillegg var 70 kvinner utan tidlegare
kreftsjukdom med på same treningsopplegg, i ei referansegruppe.
Slik trente dei
Etter ei tilvenningsperiode bestod treningsprogrammet av moderate-harde kondisjonsøkter på tredemølle. Det er viktig å nemne at treningsprogrammet er designa for forsking. Forskaren vil understreke viktigheita av kondisjonstrening kombinert med styrketrening for denne gruppa.
I ei standardveke var det:
4x4 min intervall måndag (over 90 prosent av makspuls)
Roleg langkøyring 30-40 min (75 prosent av makspuls) onsdag
4x8 minutt fredag.
Sjølv om gruppa var relativt frisk, sleit mange av kvinnene med seineffektar og fatigue ved oppstart.
Klarte ikkje å sjå seg sjølv i spegelen
Forskaren har tatt oss med inn på eit tomt
klasserom på idrettshøgskolen for å fortelje Monica om funna.
Ho var ei av deltakarane som i alle åra etter har
kjent korleis den tøffe behandlinga prega kroppen.
– Det har eg absolutt. Likevel har eg vore
fast bestemt på at det ikkje skulle prege livet mitt, seier ho med eit bestemt
smil.
For andre har 57-åringen nok blitt sett på som
sterk og uanfekta. Men det var jo ikkje slik det var på innsida.
– Det var ikkje før for fire år sidan at eg klarte
å sjå meg i spegelen etter at eg blei sjuk. Fordi eg syntest at eg hadde blitt
stygg. Det kan ein akseptere, men det gjer noko med ein og relasjonane til
andre menneske. Du blir annleis.
Forskaren nikkar anerkjennande.
Ho kjenner det igjen frå dei mange svara ho har
dykka ned i dei siste åra.
Brystkreftkvinnene låg i gjennomsnitt bak den
friske gruppa når det kom til kor nøgd dei var med livet.
Men noko hadde skjedd da dei svarte på dei same
spørsmåla fem månader etter.
Annonse
– Me skulle eigentleg ikkje undersøke dette og
blei eigentleg litt sett ut.
For brystkreftgruppa skaut i vêret med både
forbetring i fatigue, livskvalitet, kroppsbilde, søvn og funksjon.
Dei blei faktisk til og med meir nøgde med
livet enn gruppa som ikkje hadde hatt kreft før.
Monica merka det også når ho møtte gruppa igjen.
– Den fyrste gongen vi møttest gjekk praten i: Kor
sjuk er du, kvar er du sjuk og alt er så trist. Etter treningsperioden og andre
test var det trillande latter og alle snakka om dei fine resultata sine. Det
var ein heilt annan planet.
Slik blei kvinnene testa
Både før og etter dei fem månadane med trening var kvinnene gjennom ei rekkje fysiske testar.
Dei tok blodprøver, kroppssamansetning via DXA scan, ultralyd av hjartet, lungefunksjonstestar, muskelbiopsi, kartlegging av aktivitetsnivå og kardiopulmonal belastningstest på tredemølle.
I tillegg svarte dei på ei rekkje spørjeskjema om mellom anna livsstil og helse, sjukdommar og plager.
Referansegruppa fekk dobbelt treningseffekt
Tida er inne for å få fakta på bordet.
Monica skal få vite kva forskarteamet har sett av
resultat trening på fysiologiske undersøkingar blant brystkreftkvinnene. Og
ikkje minst samanlikninga dei har gjort med referansegruppa, altså gruppa som har gjennomført same treningsprogram, men ikkje hatt brystkreft.
57-åringen legg ikkje skjul på at ho er spent.
Har treningseffekten vore like god?
– Sjølv om referansegruppa gjorde akkurat den same
treninga, viser funna våre at dei fekk dobbelt effekt av treninga på det
maksimale oksygenopptaket. Dei auka i snitt 2,6 milliliter per kilo kroppsvekt
per minutt, medan brystkreftkvinnene auka med 1,2 milliliter. Det bekreftar jo
det me har trudd, at kreftbehandlinga dessverre sit lenge i, seier Sara og
kikkar på Monica.
– Det er jo eit eller anna fysiologisk som
framleis pregar dykk. Dette er jo kvinner som deg som blei behandla for over ti
år sidan. Nå gjeld det å finne ut om dette sit i hjartet, lungene eller i
muskulaturen.
Nyhenda er tung å svelgje for Monica.
Annonse
– At vi er såpass mykje under den friske gruppa,
er litt sårt å høyre eigentleg. Til tider kan eg kanskje skjønne det, men eg er
ikkje villig til å akseptere det.
Gåturar gir glede og energi
Monica tar oss med ut og går mot Nordmarka med sol
i fleisen. Det er slike gåturar, helst i motbakke, omgitt av skog og
fuglekvitter, ho nå helst vel i kvardagen.
Sjølv om løpemølla gav ho stor glede under
prosjektet, er det turane ute som i dag gir ho mest glede og energi.
Monica Hjertholm skulle etter kvart bli veldig glad for at ho blei trekt ut til å vere med i gruppa som skulle trene under forskingsprosjektet.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
Klassikaren opp motbakkane frå Sognsvann til
Ullevålseter er ein favoritt. Ho har blitt glad i å kjenne pulsen stige og
nærme seg maks.
Noko ho aldri hadde vore i nærleiken av før.
Heldigvis har Sara også gode nyhender å ta med seg
på tur.
– Berre det at de klarte å auke oksygenopptaket
sitt er jo superbra. Det er ein viktig helseindikator som vi veit minskar
risikoen for ei rekkje sjukdomar, seier Sara.
Orkar å leike med barnebarna igjen
Dei positive nyhendene tar ikkje slutt med det.
Forskarane blei som sagt forbløffa over resultata
frå spørjeskjema. Eigentleg skulle det berre vere ein bonus.
No har det blitt til viktige funn som viser kor
essensielt trening kan vere for akkurat denne gruppa.
– I tillegg til auka oksygenopptak såg vi at dei
som gjennomførte treningsopplegget vårt mellom anna rapporterte at dei hadde
mindre fatigue, fekk betre kroppsbilde, dei sov betre og dei hadde auka
livskvaliteten.
20 prosent av gruppa rapporterte at dei var plaga
av fatigue ved studieoppstart. Det var faktisk også desse som sleit mest i
forkant, som også fekk dei største effektane av treningsopplegget.
– Ein ting er jo om du har oksygenopptak på 27
eller 28 milliliter, men korleis dei har det med seg sjølv er jo det som er
viktigast for desse kvinnene. Berre det at dei fortel at dei orkar å leike med
barnebarna igjen eller å gå på langrenn igjen er jo veldig positivt, seier forskaren.
Følte ho flaug ut av treningssenteret
Monica har lett for å smile. Men den gleda ho
kjente på etter å ha gjennomført knallharde intervalløkter i forskingsprosjektet
hadde ho aldri kjent på før.
– Eg følte at eg flaug kvar gong eg gjekk ut
derfrå. Eg var så lykkeleg og kjente på ei sånn lykke av å ha trena som eg
aldri hadde kjent på før.
57-åringen som har bytta ut byliv i Oslo med
gardsliv i Vestby i Akershus, kjente seg sterkare, meir uthalden og at det blei
lettare å sove.
Livet blei rett og slett betre å leve.
No håpar dei at studien kan inspirere nye
kreftpasientar til å finne denne gleda i løpet av kreftbehandlinga.
– Sjølvsagt er det aller viktigaste å bli frisk
frå kreftsjukdomen. Men kanskje har ikkje helsevesenet tenkt nok på at dei
framleis er utsette for ei rekkje forskjellige plager den dagen dei går ut av
sjukehuset, seier forskaren.
Ho siktar til fatigue, nedsett livskvalitet og andre risikofaktorar.
Forskargruppa håpar at funna kan bidra til at
trening blir ein integrert del av kreftbehandling og rehabilitering.
– Vi er på god veg, ved at 22 av sjukehusa våre i
dag har Pusterom- treningssenter for kreftpasientar. Men fram til no har det
vore litt flaks om legen din er opptatt av trening eller ikkje. Når legen viser
til MR på måndag, så bør hen også vise til ein helse- og treningsfysiolog på
Pusterommet på onsdag.
Pusterommet: Treningssenter for kreftpasientar på norske sjukehus
På Pusteromma får kreftpasientane kyndig treningsrettleiing av fagpersonar, i eit sosialt og triveleg miljø, før, under og etter behandling.
Pusteromma blir etablert av stiftinga Aktiv mot kreft.
Aktiv mot kreft gir også sjukehuset midlar til drift dei fyrste tre åra, mot ein garanti for at sjukehuset viderefører driften frå det fjerde året.
I tillegg er det viktig å tilpasse treninga til
kvar enkelt.
Forskaren som også har lang erfaring som personleg
trenar, meiner kreftpasientar og overlevarar er ei av dei vanskelegaste gruppene å
trene.
– Kreftbehandling kan opplevast forskjellig noko
som gjer dette til ein svært variert gruppe. Nokre har lymfødem i arm, og andre
sliter med fatigue. Det understrekar behovet for tett oppfylging av folk med
kompetanse.
Skriv treningsdagbok
Monica er ikkje i tvil om kva ho vil anbefale
andre kreftpasientar.
– Eg ville hatt ei treningsdagbok. Alle dagar
under behandling er ikkje like. Enkelte dagar er du så sjuk at du ikkje kjem ut
av senga. Og det er heilt greitt.
– Andre dagar kjem du deg ut, om det så er 100,
500 meter eller ein kilometer. Skriv det ned og lag ein konkurranse med deg
sjølv og finn tilhøyrsle i ei gruppe og di greie, rår Monica.
Kanskje kan trening med eller utan høg puls
faktisk gje stor livsglede for fleire som Monica, sjølv om ein har vore gjennom
tøff kreftbehandling.