Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Ei normal julefeiring for ein viking bestod av brutale og valdelege ritual. I staden for julegåver, ofra vikingane blod og dyr til gudane.

Blod, ofring og fyll: Slik var julefeiringa i vikingtida

Kristninga av Noreg vaska vekk dei mest brutale spora etter høgtidsfeiringa til vikingane. Men nokre juletradisjonar har vi behalde.

Vi et julekaker, ser julefilmar på tv og et godteri frå julestrømpa. På julaftan opnar vi gåvene som ligg under treet, og til julemiddagen blir torsk, ribbe eller pinnekjøtt servert.

Men blir tida skrudd tilbake til før år 800 e.Kr., finn vi ei litt annleis høgtidsfeiring hos dei norrøne forfedrane våre – med tradisjonar som hadde fått sjølv julenissen til å styre unna.

Helje Kringlebotn Sødal er professor ved Institutt for religion, filosofi og historie på UiA.

– Offerseremoniane og måltidsfellesskapen med rikeleg mat og drikke, var det viktigaste i høgtida til vikingane. Julegåver slik som hos oss, var det ikkje snakk om, seier professor Helje Kringlebotn Sødal ved Universitetet i Agder (UiA).

Ofra til gudane

Med andre ord var festen til vikingane mykje mindre ei høgtid for barn enn den moderne jula vår. Det var ikkje noko søtt, nostalgisk og koseleg med ho, slik mange av oss ofte knyter til jula.

Ordet jul slik vi kjenner det i dag, kjem av det norrøne jól, ein offerseremoni som gjekk føre seg på vinteren. Han vart feira ein gong mellom vintersolnu i desember og midten av januar.

Gudane fekk offergåver i form av slakting av dyr, og vikingane drakk til æra til gudane for å få noko igjen frå dei.

– Innvigd øl og kjøtt var mat og drikke til jól, og det var ritual knytte til begge. Vikingane rekna hesten som eit heilagt dyr, og det var vanleg å ofre hestekjøtt, seier professoren.

Det var også vanleg å ofre gris, det heilage dyret som var knytt til fruktbarheitsguden Frøy. Kanskje svineribbe- eller svinesteiktradisjonen vår i jula er ein arv frå førkristen tid?

Blod på veggene

Men då kristendommen kom til landet, vart det strengt forbode å ete hestekjøtt. Slikt kjøtt vart i for stor grad knytt til den gamle offerkulten.

Offerseremoniane (blota) var bokstaveleg talt blodige og gjekk gjerne føre seg slik at offerblodet vart spreidd på alle vegger, på gudesymbola og på dei som deltok.

– Tidlege kristne kjelder omtaler blota som uanstendige, seier Sødal.

Likskapstrekk med notidsjula

Elles var jól først og fremst ei høgtid for heimen og storfamilien.  Ho har visse likskapstrekk med jula vår.

Det var mykje skåling, drikking og fyll. Ikkje så ulikt byturane fleire tradisjonelt tek første eller andre juledag.

Den tidlegaste skriftlege kjelda om høgtidsfeiringa til vikingane, handlar om Harald Hårfagre på 900-talet. Her blir ordet jól knytt til det å «drikke jul», altså feire jul med drikkoffer til gudane.

Rituell drikking var med andre ord ein viktig del av julefeiringa til vikingane. Det var for at dei norrøne gudane skulle gi dei eit godt år med rike avlingar, høg fruktbarheit og fred.

Strenge straffer

Ved overgangen til kristen tid fekk feiringa eit nytt innhald. Juleølet vikingane skålte i til dei norrøne gudane, skulle no velsignast.

– I Gulatingslova heiter det at ølet på julenatta skulle signast til Kristus og Sankta Maria til takk, til godt år og fred, seier Sødal.

Den nye lova sa at dei som tre år på rad ikkje brygga juleøl og innvigde det rett, kunne få den strengaste straffa: Å bli vist bort frå landet og fråteke hus og alt av eigedelar.

I etterpåklokskapens lys var det lurt å tilpasse gamle høgtider og skikkar til kristendommen i staden for å kvitte seg med dei.

– Dei som var tilhengar av den nye trua, mista ikkje ein viktig fest, dei berre feira den annleis i samsvar med kristentrua. Sjølv ølet vart overteke som ein rituell drikk også for kristne, seier ho.

Powered by Labrador CMS