Annonse

Ein notis frå Havforskningsinstituttet - les mer.

Programleiar Maria Fossheim og forskingssjef Erik Olsen ved Havforskningsinstituttet skal begge på økosystemtokt i Barentshavet. (Foto: Gunnar Sætra, Havforskningsinstituttet)

Forskarar på fire fartøy skal utforske Barentshavet

Publisert

Det årlege toktet for å forske på økosystemet i Barentshavet er i gang. For femtande gang er norske og russiske havforskarar på veg for å undersøke det store havområdet.

Forskarane er på tokt til 4. oktober og har som mål å samle mest mogleg informasjon i dette fruktbare havområdet. Det dei finn blir sett saman med data frå tidlegare tokt. På den måten får forskarane tidsseriar som fortel om endringane som går føre seg i dei nordlege havområda. Data frå økosystemtokta har mellom anna gjort det mogleg for havforskarane å påvise at fisken i Barentshavet flytter seg nordover på grunn av klimaendringane, og at Arktis er i ferd med å krympe.

Tre norske og eitt russisk fartøy deltar under toktet. Dei norske skal dekke den norske økonomiske sona, medan det russiske fartøyet skal undersøke Russlands økonomiske sone i Barentshavet.

– Vi bruker å seie at vi undersøker Barentshavet frå topp til tå. Det betyr at toktet omfattar alt frå planteplankton til dei største kvalane, vi måler temperaturar og salthaldigheit og registrerer søppel som flyt i havet. I tillegg har vi eigne fugleobservatørar om bord som artsbestemmer og tel fuglar. På den måten får vi tatt pulsen på den økologiske tilstanden i Barentshavet, fortel forskingssjef Erik Olsen.

Økosystemtoktet i Barentshavet er det mest omfattande i sitt slag.

– Det er ei enorm informasjonsmengde. Den blir viktig når vi havforskarar skal gi råd til forvaltninga om størrelsen på fiskekvotar eller komme med andre råd om korleis ressursane i Barentshavet kan haustast. I tillegg nyttast desse dataa i samband med vitskapeleg publikasjonar, seier programleiar Maria Fossheim.

Les meir om toktet på nettsidene til Havforskningsinstituttet

Powered by Labrador CMS