Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Algar har starta å vekse på denne mikroplast-biten. Han vart funnen i Repparfjord i Vest-Finnmark for nokre år sidan.

Mikroplast er meir enn berre plast

For overflata til mikroplasten kan òg ha lumske passasjerar.

Ein plastbit er ikkje berre ein plastbit. 

Den vesle mikroplasten, under fem millimeter stor, kan romme mange passasjerar. 

– Plastpartiklar, filmar og matemballasjar kan bokstaveleg talt innehalde tusenvis av kjemikalium, seier havforskar Michael Bank. 

Makro – mikro – nano

  • Makroplast = stor plast
  • Mikroplast = under ein halv cm (frå 1 μm til 5 mm)
  • Nanoplast = under ein mikrometer

Plast, plast, plast – overalt 

Mikroplast har vorte påvist så å seie overalt på jorda. I nesten alle økosystem – på land, i vatn og i atmosfæren. Verken plantar, dyr eller menneske har sloppe unna.

Kjeldene til denne forureininga er mange. 

Frå bildekk som vert slitne på motorvegen, små mikroperler i kosmetikk og den syntetiske t-skjorta du hiv i vaskemaskina til større plastartiklar som langsamt vert brotne ned i mindre og mindre bitar i naturen. 

– Mikroplast er slik ei kjelde til bekymring på verdsbasis fordi forureininga er overalt. Ho er vedvarande, samansett og giftig. Og ho aukar stadig. Det er ein dårleg kombinasjon, seier havforskaren. 

Eit nytt plastparadigme

Bank er ein av forskarane bak ein ny vitskapeleg artikkel. Der tek dei til orde for eit paradigmeskifte i forståinga av plastproblemet. Dei lanserer omgrepet mikroplastom.

Han peikar på behovet for ei heilskapleg tilnærming til plastforureining. 

– Vi må løfte blikket frå berre partikkelpåverknaden til å også ta med kjemisk forureining og virus i risikovurderingane, seier Bank og held fram:

– Det såkalla mikroplastom-rammeverket understrekar kor avgjerande det er å vurdere heile regimet for eksponering. 

Eit mikroplastom er definert som alle plastpartiklar mindre enn fem millimeter som finst innanfor ei gitt prøve. Det inkluderar kjemikalia og mikrobane som bur på plasten, og konsekvensane desse har miljømessig og toksikologisk. 

Eit slikt fleirdimensjonalt perspektiv er viktig for å avdekke distribusjonen, transportmønsteret og skjebnen til mikroplast. Det er også viktig å sjå korleis han påverkar miljøet og organismar, meiner forskarane.

FN-møte om plast

Den vitskapelege artikkelen er skrive i forkant av det fjerde plast-toppmøtet til FNs miljøprogram. Det vert arrangert i Ottawa i Canada i slutten av april. 

FN-landa er samde om å framforhandle ei plastavtale innan utgangen av 2024. Denne avtala skal vere verdsomspennande og juridisk bindande. 

Målet er å få bukt med plastforureining og å verne miljø og helse. 

– For å sikre effektiv forvaltning er det avgjerande at ein forstår kor samansette utfordringane med plast er, seier Bank. 

Referanser:

Changchao Li, Michael S. Bank mfl.: The «Microplastome» – A Holistic Perspective to Capture the Real-World Ecology of Microplastics. Environmental Science & Technology, 2024. Doi:10.1021/acs.est.3c08849

Michael S. Bank mfl.: Embrace complexity to understand microplastic pollution. Nature Reviews Earth & Environment, 2022. (Sammendrag) Doi:10.1038/s43017-022-00365-x

Michael S. Bank mfl.: Microplastic's role in antibiotic resistance. Science, 2020. (Sammendrag) Doi:10.1126/science.abd9937

FNs plastavtale

I 2022, i FNs femte miljøforsamling, vart det semje om å få på plass ei internasjonal avtale mot plastforureining. Målet er å ha ei avtale klar i løpet av 2024. 

23–29. april føregår den fjerde forhandlingssesjonen i Ottawa, Canada. 

Utan ei avtala er det venta at plastforureininga vil verte tredobla innan 2040.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS