Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Slik kan perlesnormanet påverke oppdrettsfisk
Kolonimaneten kan dele seg i små bitar og såleis trenge inn i merdar.
Det er meldt om auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten, særleg på Vestlandet.
I løpet av førre veke fekk forskar Tone Falkenhaug inn kring 250 observasjonar av maneta – gjennom nettsida Dugnad for havet, på e-post og via telefon.
– Det har hagla inn med registreringar, seier Falkenhaug.
Perlesnormaneten er ikkje farleg for menneske endå han kan svi. For fisk kan han vere skadeleg.
Deler seg opp i mindre bitar
Perlesnormaneten er ein koloni sett saman av mange mindre individ. Nokre av desse individa har sterk neslegift for å beskytte kolonien og skaffe mat.
Maneta kan verte opptil 30 meter lang, men vert delt opp i mindre bitar av både bølgjer, turbulens og fysiske barrierar – som merdar. Innan han når norskekysten, kan han difor vere i mange små delar.

– Men neslecellene kan brenne anten maneta er 5 meter eller 30 centimeter lang, seier Falkenhaug.
To gongar tidlegare har perlesnormaneta ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg.
I 1997 døydde i alt 10–12 tonn laks på to anlegg ytst i Øygarden og Fedje. Eit ukjent tal tonn vart naudslakta. I 2001 var det 600 tonn fisk som døydde, derav 400 tonn i Trøndelag.
Brannskadar i skinn og gjeller
I 1997 var første gong auka dødelegheit i oppdrettsmerdar vart sett i samanheng med auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten.
Då dreiv store mengder perlesnormanet inn mot merdane ved eit anlegg i Fedje. Dei gjekk i oppløysing då dei trefte notveggen slik at dei gjekk gjennom maskene.
– Det er fremst desse små bitane som kan verte problematiske. Om individ med nesleceller kjem inn i ein merd og treffer fisk, kan han få sår og skadar på gjellene, seier forskingsleiar Lars Helge Stien.
Erfaringane frå 1997 synte at effektane på fisken varierte frå redusert appetitt og endra åtferd til død.

Fisken som kom i kontakt med manetene, fekk brannskadar på skinnet med auka fare for infeksjonar. Det oppstod òg augeskadar hos fisken. Det kan øydelegge synet.
Laksen som døydde, hadde fått manetene i gjellene.
– Viss gjellene får store skadar, kan dette føre til at fisken blir kvelt. Særleg viss det òg oppstår stress og panikk i populasjonen. Dette kan gi ytterlegare fysiske skadar på fisken viss han sym i notveggen eller dei kolliderer med kvarandre, seier Stien.
Samstundes kan nærkontakt med maneten få følgjer på sikt:
– Låge temperaturar på vinteren påverkar fisken og gir redusert immunforsvar. Om ein fisk får sår no, kan dette gi inngang for bakteriar og dødelegheit utover vinteren. Enn så lenge er det heldigvis relativt varmt i sjøen, seier Stien.

Utfordrande med avbøtande tiltak
Det er framleis kunnskapshol om perlesnormaneta og følgjene han kan ha i norske farvatn.
Kunnskapen vi har i dag, tyder på at maneta kan førekome i heile vassøyla. Det gjer det utfordrande for oppdrettsnæringa å finne avbøtande tiltak om store mengder av maneta er komen nært anlegg.

Tiltak som luseskjørt eller boblegardiner kan potensielt stenge han ute, men om små manetindivid då er komne på innsida av merden, kan dette stenge maneta inne hos fisken.
Erfaringane frå Øygarden tilsa at det var fisken som heldt seg i overflata som var mest utsett for å verte brent av manetene.
Usikkert kor tett han førekjem
Havforskar Tone Falkenhaug presiserer at det er utfordrande å seie noko sikkert om kor mange og i kva tettleikar perlesnormanet no førekjem langs norskekysten.
Talet observasjonar kan ha auka som følgje av at publikum er meir årvakne på havet etter å ha lese om maneta i avisa.
Mønsteret ein ser til no i haust, liknar mønsteret frå i fjor. Då tok observasjonane av perlesnormanet seg kraftig opp i november – og så dabba dei av i januar.
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Forskarane får perlesnor-maneta til å tenne på alle pluggar
-
Om fisk får ei perlesnormanet midt i fleisen, kan skadane utvikle seg til store innsøkk i vevet
-
Ørreten drar gjerne på harrytur til Sverige
-
Sugekopper, kroker og lysorganer – slik avslører blekksprut-detektivene ulike arter
-
Barentshavet: Slik påverkar varmare hav matvanane til lodde, torsk og plankton
-
Forskere fant 70 ekstra arter med miljø-DNA