Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Korleis skal ein få testa om eit legemiddel har effekt på gravide?
Ny, norsk forsking gir svar.
Det tek 10 til 20 år å utvikla eit legemiddel. Eit av dei viktigaste stega kjem mot slutten av perioden.
Det er dei kliniske prøvane, der ein sjekkar at legemiddelet har den effekten det skal ha. Helst har det ikkje så mange andre effektar, det vi kallar biverknadar.
– Slike prøvar vert hovudsakleg utførde på friske vaksne. Dei kan sjølve gje beskjed om det oppstår biverknadar som gjer at ein må vurdera å avbryta prøven. Dei har óg gode føresetnadar for å unngå varig men, seier forskar Mahmoud Zidan ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– For eit foster i mors mage er situasjonen sjølvsagt annleis. Og sidan fosteret er i utvikling, er det større risiko for at varige skadar kan oppstå. Derfor er det rekna som uetisk å gjera kliniske prøvar på gravide, seier han.
Korleis skal ein få testa?
Det fører til eit anna problem: Korleis skal ein få testa om eit legemiddel har effekt på gravide?
Det går an å bruka data frå helseregister til å anslå om eit legemiddel vil vera effektivt for gravide å bruka, forklarar Zidan.
– Men fram til no har vi ikkje hatt god nok kunnskap om kor tett slike anslag ligg opp til dei resultata ein randomisert kontrollert studie (RCT) vil gje, altså ein studie der ei gruppe forsøkspersonar vert samanlikna med ei kontrollgruppe som ikkje får legemiddelet, seier han.
Seks norske helseregister
Zidan og kollegane tok utgangspunkt i ein amerikansk RCT-studie frå 2021–2022 som hadde målt effekten av Pfizer sin Covid-vaksine på gravide.
– Dei fann at vaksinen var 41 prosent effektiv, men dei hadde mindre enn 200 forsøkspersonar. Dermed var ikkje funna deira særleg robuste, forklarar Zidan.
Sjølve henta dei opplysningar frå seks norske helseregister, blant anna Reseptregisteret, Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK), Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og Norsk pasientregister (NPR).
– Vi identifiserte og valde ut omtrent 4500 kvinner som var mellom veke 24 og veke 34 i svangerskapet, som berre gjekk med eitt barn og som hadde ukompliserte svangerskap, seier Zidan.
Kan brukast i andre samanhengar
– Vi samanlikna dei som hadde fått ein eller to vaksinedosar i denne perioden med dei som ikkje hadde fått. Dei sistnemnde vart rekna som uvaksinerte.
Resultatet låg tett opp til den amerikanske studien. Zidan og kollegane fann at vaksinen hadde ein effektivitet på 39 prosent.
– Det er så tett opp til den amerikanske studien sine 41 prosent at det i praksis er så godt som same resultat. Sidan vår studie inkluderte langt fleire personar er den meir robust, og han stadfestar dei amerikanske resultata, seier Zidan.
– Det har sjølvsagt vore viktig å finna ut kor effektiv vaksinen er. Men like viktig er at vi, som dei fyrste, har vist at dette rammeverket får så godt som dei same resultata som ein RCT-studie. Rammeverket kan dermed brukast i andre samanhengar òg, seier han.
Referanse:
Mahmoud Zidan mfl.: BNT162b2 mRNA COVID-19 Vaccine Effectiveness in Pregnancy: Emulating Trial NCT04754594 Using Observational Data from Norwegian Health Registries. Vaccine, 2025. Doi.org/10.1016/j.vaccine.2025.127908
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Antibiotika: – Lærebøkene bør nok skrives om
-
KI-skandaler: Er algoritmestyrt velferd en fattigdomsfelle?
-
Skipsloggbøker har formet vår forståelse av havet
-
En ny mikrobrikke kan revolusjonere måten vi tester nye legemidler
-
Etter 15 generasjoner ser forskere fremdeles effekt av miljøgifter
-
Nei, havstrømmen som bringer varmere vann opp langs norskekysten vil ikke stanse og gi oss kuldesjokk eller en ny istid
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER