Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Drektige rotter fekk heroin-erstatningar. To generasjonar avkom fekk sosiale vanskar

Metadon og buprenorfin skal hjelpa folk å ikkje bruka heroin, inkludert gravide. Men rotteforsøk kan tyda på at verknadane på fosteret er alvorlegare enn ein har trudd.

Heroinerstatningane metadon og buprenorfin påverkar forsteret negativt.
Publisert
Henriette Nyberg tek doktorgrad ved Oslo universitetssjukehus.

Heroinbrukarar som vert gravide, får tilbod om metadon eller buprenorfin under svangerskapet. Det er legemiddel som vert brukt i behandling av heroinbrukarar i det som heiter legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

– Det er kjend frå før at desse påverkar fosteret negativt. Dei er forbunde med lågare fødselsvekt og abstinensar hjå det nyfødde barnet, og forsking tyder på at metadon er verre enn buprenorfin i begge tilfella, fortel forskar Henriette Nyberg ved Oslo universitetssjukehus.

– Likevel er begge anbefalt for bruk av gravide, fordi alternativet, altså framhalden heroinbruk, kan gje større skadar hjå fosteret. For mora har bruken av metadon eller buprenorfin òg positiv effekt, som betre helse og lågare risiko for tilbakefall og overdosar. 

Buprenorfin er det føretrekte legemiddelet av dei to, sidan metadon har verre fødselsutfall.

Fekk buprenorfin eller metadon

Nyberg har teke doktorgrad ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, og i arbeidet sitt viser ho at buprenorfin kan ha større skadeverknadar enn det ein har vore klar over til no.

– Vi veit ein del om korttidseffekten av metadon- eller buprenorfinbruk, altså ved fødselen og dei fyrste barneåra. Langtidseffektane veit vi mindre om, og det er det eg har konsentrert meg om i forskinga mi, seier Nyberg.

– Drektige rotter fekk buprenorfin eller metadon og så studerte vi ulike konsekvensar for avkomet samanlikna med ei kontrollgruppe.

Bekymringsfullt at legemiddelet vert anbefalt

I ein av studiane fann dei at avkom av rottemødrer som hadde fått buprenorfin, leika mindre enn kontrollgruppa, og òg mindre enn avkom av mødrer som hadde fått metadon.

– Det er oppsiktsvekkjande, sidan vi veit at leik i barnealder er viktig for utvikling av sosiale, emosjonelle og kognitive ferdigheiter. Vi såg at òg barnebarna leika mindre. Dette er nytt. Effektar av metadon eller buprenorfin over fleire generasjonar har aldri vore undersøkt hjå menneske eller i andre prekliniske studiar, seier Nyberg.

Prekliniske studiar vert vanlegvis brukt til å teste sikkerheita til legemiddel før det testast på menneske. Forskninga vert ikkje gjort direkte på menneske, men på celler eller dyr.

– Dersom effekten av mors buprenorfinbruk er den same hjå menneske, er det bekymringsverdig at det faktisk er det legemiddelet som vert anbefalt brukt for gravide.

Endring i kva gen som vert uttrykt i hjernen

Når ein skal studera effekten av metadon og buprenorfin på barn av mødrer som brukar heroin, kan det vera vanskeleg å fastslå årsakene til til dømes angstliknande symptom hjå barnet. 

Slike symptom kan skuldast sjølve medikamentbruken, men dei kan òg koma av at heroinbrukande mødrer ofte ikkje er fullt til stades i livet til barnet.

– Barna som hadde vore utsette for buprenorfin viste angstliknande åtferd. Men symptoma vart ikkje verre då dei vart skilde frå mødrene sine, fortel Nyberg.

– Blant dei som vart utsette for metadon, fann vi ein kjønnsforskjell. Hoene viste angstsymptom, men hjå hannane såg vi faktisk mindre angstliknande åtferd.

Forskarane kunne òg sjå at eksponering for metadon og buprenorfin førde til ei endring i kva gen som vart uttrykte i hjernen på rottene.

Samsvarar bra mellom rotter og menneske

– Vi ser at eit betydeleg tal gen vert uttrykt ulikt samanlikna med kontrolldyra. Spesielt har vi sett på gena for synapsesignalisering, fortel ho.

Synapsesignalisering er prosessen der nerveceller sender signal til kvarandre, noko som er sentralt for funksjonen til hjernen og nervesystemet.

– Igjen er det buprenorfin som gjev størst utslag. Her ser det ut til at hannane vert råka hardare enn hoene.

Ho understrekar at ho ikkje ventar ei snarleg oppdatering av retningslinjene basert på forskinga hennar.

– Ein kan aldri basera retningslinjer på ei enkelt doktorgradsavhandling, og desse studiane er gjort på rotter, ikkje menneske, seier ho.

– Samstundes finst det anna forsking der effektane av eksponering for metadon og buprenorfin som foster samsvarar bra mellom rotter og menneske, så dette bør vera ein del av totalbiletet i avgjerdsgrunnlaget. Det er det som er målet.

Referansar:

Nyberg m.fl.: Prenatal exposure to methadone or buprenorphine alters transcriptional networks associated with synaptic signaling in newborn rats. SammendragNeuropharmacology, 2025. https://doi.org/10.1016/j.neuropharm.2025.110368

Nyberg m.fl.: Maternal exposure to buprenorphine, but not methadone, during pregnancy reduces social play behavior across two generations of offspring. Psychopharmacology, 2024. https://doi.org/10.1007/s00213-024-06718-2

Nyberg m.fl.: Effects of prenatal exposure to methadone or buprenorphine and maternal separation on anxiety-like behavior in ratsDrug and Alcohol Dependence, 2024. https://doi.org/10.1016/j.drugalcdep.2024.111367

Powered by Labrador CMS