Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Fotball er stort i Ghana og blir ofte prioritert lokalt. Det går utover satsinga på likestillinga, viser studien til Derrick Charway.

Dette hindrar kvinner i Ghana frå å delta i fotball

 Idretten klarer ikkje å vere inkluderande. 

Mange organisasjonar blir målt på om dei klarer å oppnå FNs berekraftsmål. Dette er verdas felles arbeidsplan for å møte dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov.

I fleire utviklingsland blir også idrett brukt som eit verktøy for å oppnå mange av desse måla. 

Men kor godt fungerer dei eigentleg?

Positive konsekvensar er overdrivne

Derrick Charway, stipendiat ved Norges idrettshøgskole, fann mange utfordringar da han reiste rundt i Ghana for å sjå korleis tiltaka blei utført i praksis. 

– Eg trur mange har meint at dei positive følgjene med idrett i land som Ghana er overdrivne. Og det er nok også sant, seier Charway. 

Derrick Charway jobba innan sport og samfunnsutvikling i Storbritannia og Sør-Korea før han kom til Noreg for å ta doktorgrad.

Sunn livsstil, kjønnslikestilling og styrking av kvinners og jenters posisjon og rettigheiter til personar med nedsett funksjonsevne blei vald ut. 

Desse måla var også sentrale i planane til dei ghanesiske myndigheitene.

Måla har stor støtte

Charway reiste rundt i heimlandet sitt og gjorde kvalitative intervju med høgtståande personar som har ansvar for å sette politikken til regjeringa ut i livet. 

Det var representantar frå myndigheitene, regionale idrettsdirektørar, idrettsorganisasjonar, nasjonale idrettsforbund og organisasjonar for utvikling og fred. 

Han gjorde intervju med 52 personar.

Funna hans viser at det er ikkje noko å seie på støtta og villigheita til å bruke idrett som eit ledd for likestilling og styrka rettar.

Politikken er tydeleg og har brei støtte hos myndigheitene. Slik er det også i Zambia og andre nasjonar, fortel Charway.

Fotball blir prioritert

Likevel viser studien at idretten ikkje klarer å vere inkluderande for kvinner og personar med nedsett funksjonsevne som måla tilseier. 

– Sjølv om dei vil at fleire kvinner skal delta i idrett, er det kulturelle krav, spesielt ute i distrikta i Ghana som vil at jenter skal hjelpe til heime. I tillegg er det religiøse krav, der ein har nokre muslimske samfunn og Jehovas vitne som ikkje tillèt jentene å delta i idrett, fortel Charway. 

Det er også svært få kvinner i desse leiarposisjonane som blei intervjua.

Charway intervjua tre som faktisk hadde fått ei leiande stilling. Dei fortalde om store utfordringar og harde kampar for å få posisjonen dei hadde. 

– Når eg snakkar med dei, erkjenner dei at, ja, ei kvinne kan delta i idrett, men realiteten er at mange lever under kulturelle reglar som får dei til å tru at idretten er for brutal eller tøff for kvinner til å få slike posisjonar. Det er slike sosiale strukturproblem som gjer at det kan vere utfordrande å bruke idrett som verktøy for å oppnå berekraftsmål i land som Ghana, meiner Charway.

Ghana har i mange år vore ein stor fotballnasjon og kom heilt til kvartfinalen i VM i 2010. 

Men den store populariteten til fotball går også utover oppfyllinga av berekraftsmåla. 

– Det er ein klar skeiv fordeling av midlar, der fotball svært ofte blir prioritert. Når ikkje kvinnene slepp til på fotballbanen er det negativt for arbeidet for likestilling gjennom idretten, forklarer Charway. 

Den mannstyrte kulturen i Ghana pregar i stor grad idretten og kven som får vere med, fortel Derrick Charway.

Fire hovudfunn

Det er eitt av fire hovudfunn Charway peikar på i avhandlinga.

  • Politiske avgjerder som mellom anna skeiv fordeling av midlar, der fotball blir prioritert. 
  • Sosiokulturell dynamikk som den ghanesiske patriarkalske kultur (eit mannsstyrt samfunn). Der den religiøse trua står sterk og med det også haldningar og fastlåste kjønnsroller. 
  • Mangel på ressursar og kvalifiserte idrettsleiarar og kvinner i leiarroller. 
  • Dei institusjonelle rammene. Som at det er få klare retningslinjer for å sette i gang politiske tiltak, dei politiske prosessane er ikkje inkluderande og organisasjonar som jobbar for berekraftsmåla har avgrensa legitimitet og tillit i befolkninga. 

Derick Charvay konkluderer på denne måten.

– Alt dette gjer det vanskeleg å bruke idrett som eit verktøy for berekraftig utvikling i Ghana. For å klare nå måla, må ein gjennomføre grundig vurdering av lokale behov og rådføre seg med statlege og ikkje-statlege aktørar, seier stipendiaten. 

Han har sjølv utdanna seg i både Ghana, Sør-Afrika og Sør-Korea før han kom til Noreg for å ta doktorgraden.

Hit kom han også med arbeidserfaring innan sport og samfunnsutvikling frå internasjonale organisasjonar i Storbritannia og Sør-Korea.

Referanse:

Derrick Charway og  Åse Strandbu: Participation of girls and women in community sport in Ghana: Cultural and structural barriers. International Review for the Sociology of Sport, 2024. Doi.org/10.1177/10126902231214

Idrett, utvikling og berekraft

Studiet «Idrett kultur og samfunn» på NIH er eit eksempel på korleis ein brukar idrett for å jobbe for å oppnå berekraftsmål i utviklingsland. Studiet er eit samarbeid mellom NIH og Norges idrettsforbund.

Powered by Labrador CMS