Ved første blikk kan det minne om eit tannlegekontor. Eit lyst og sterilt rom. I eit avlukke blir pasienten lagt godt til rette.
Ei kvinne i kvit frakk går ut av avlukket, stenger døra bak seg, trykker ned ein knapp. Det kjem eit kjapt BZZZ og så rullar eit ferskt røntgenbilete over PC-skjermen.
Men pasientane skil seg frå den vanlege typen pasientar i tannlegestolen.
I avlukket er det ingen stol, men eit brett. For her er det fisk og anna liv frå havet som blir røntgenfotografert.
Byrja med mammografi og mørkerom i bøttekottet
Tilbake i 2001, troppa ein ung doktorgradsstipendiat opp på mammografiavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.
Det var ikkje bryst Per Gunnar Fjelldal var interessert i – men fisk.
Dei tilsette tok han godt imot, for dei syntest at fisken var ei artig avveksling.
Besøket på mammografiavdelinga skulle bli utgangspunktet for mange fleire røntgenbilete og, ikkje minst, eit omfattande vitskapeleg arbeid.
– Vi fann ut at røntgen var eit så godt verktøy, at vi trengde å ha eit apparat sjølv, fortel Fjelldal.
– Dermed så kjøpte vi vår eiga maskin, men det var ein ganske tungvint prosess. Vi hadde heimesnikra blyveggar som var, vel, blytunge, og som vi måtte drasse med oss rundt. Vi måtte polstra oss godt i vernekle. Så improviserte vi til eit mørkerom i bøttekottet, kjøpte eit tørkestativ til å henge bileta på og bygde eit lysbord av ein gamal lyskastar, humrar han, nær tjue år seinare.
I dag har forskingsstasjonen fått flunkande nytt utstyr. Prosessen som før tok så lang tid, går no på sekund.
– Vi får bilete av høg kvalitet rett inn på PC-en. Der vi før måtte ta eitt og eitt bilete, kan vi no gå inn og ut av avlukket, justere litt på fisken, og vi kan ta så mange bilete vi vil på kort tid, smilar lab-leiar Karen Anita Kvestad.
Det er ein fordel at det går fort når «pasientane» tidvis er levande og brått kan vakne opp av bedøvinga.
Fiskeskjelettet avslører deformitetar og feil
Sidan 2001 har HI-forskarane på forskingsstasjonen i Matre publisert over 50 vitskaplege artiklar der røntgen har vore eit viktig verktøy.
Men kva er det forskarane finn ut ved å sjå på bilete av fiskeskjelett?
– Det eine er jo den grunnleggande, biologiske kunnskapen vi får ved å sjå korleis dei ulike artane er bygd opp og utviklar seg, fortel Fjelldal.
Annonse
– Men endå viktigare er det at vi kan finne ut kvifor deformitetar oppstår, «finne feilen», noko som igjen kan føre til at oppdrettslaksen, til dømes, får eit betre liv.
Pressar ryggvirvlar til dei knekk
Men jobben på labben er ikkje over når røntgenbilete er tatt. For vidare undersøkingar kan avsløre endå meir om beinhelsa til fisken.
Kvestad fileterer laksen og blottar ei finhekla ryggsøyle. Ho skal skjere ut ryggvirvlar, meir nøyaktig virvel nummer 40 til og med 44. Ho lirkar dei små beina forsiktig ut av fisken og legg dei varsamt ned på arbeidspulten.
Med virvlane under forstørringsglas, reinskar ho dei varsamt for blod og kjøt.
– Det er berre ryggvirvelen vi skal leggje inn under pressa. Så alt anna må vi ta vekk, utan å skade virvelen, seier ho.
– Og ja, dette er eit putlearbeid!
Så plasserer ho den vesle ryggvirvelen inn under «beinknusaren». Samtidig som bolten pressar sakte ned mot virvelen, kjem ei kurve til syne på Kvestads PC. Eit tydeleg hakk viser brekkpunktet – kor mykje press som måtte til, før beinet knakk.
– Dette verktøyet fortel oss om fisken hadde sunne, gode bein og tolte så mykje som den skal. Eller om den kanskje har for mjuke bein. Det får fisken når mineralinnhaldet i beinet er for lågt.
Røntgen avdekka alvorleg mangel i fiskefôret
Fjelldal er spesielt stolt over forsøk som HI gjorde saman med dåverande NIFES, no ein del av HI, Nofima og industrien, med utgangspunkt i bruk av røntgen. I ettertid har forsøka påverka heile oppdrettsnæringa.
– Ved hjelp av røntgen og «beinknusing» oppdaga vi at oppdrettslaksen hadde eit for mjukt skjelett. Det viste seg at laksen ikkje fekk nok mineral i fôret.
Annonse
– Laksen treng kalsium og fosfor for å ha eit sterkt og sunt skjelett. Kalsiumet får han frå sjøvatnet. Men sjølv om fisk fulle av fosfor, som kolmule, vart brukt i fôret, så klarte ikkje laksen ta dette opp i kroppen.
– Dermed kunne vi avdekke at det er nødvendig å tilsette fosfor i maten til laksen, slik at han får ei god beinhelse. Dette er no standard i norsk oppdrettsnæring.
– På grunn av den forskinga, har no oppdrettslaksen fått eit betre liv, seier Per Gunnar Fjelldal .