Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Berggylt er den største av leppefiskane, og er populær som reinsefisk i oppdrettsanlegg.

Berggylt frå sør og nord er genetisk ulike

Flytting av fisk til bruk i oppdrettsanlegg kan klusse med det.

Frå før av visste forskarane at den beslekta arten grøngylt deler seg i to bestandar nord og sør for Jæren. Den vetle leppefisken kan nemleg ikkje bygge reir på dei lange strekka med sand.

No har forskarane vist at den same grensa også deler berggylt i to genetisk ulike grupper.

– Vi har samanlikna genmaterialet til 1025 berggylter frå ulike stader i Norge, Sverige og Spania. For den skandinaviske fisken finn vi eit tydeleg skilje ved Jæren, seier forskar Gaute W. Seljestad.

– Denne fisken bygger ikkje reir, men er avhengig av hard botn med forhøgningar, som stein, til å klistre fast egga sine. Dette er det lite av på dei lange strekka med sandstrender på Jæren, som truleg er årsak til delinga.

Fraktar sørleg fisk over gen-grensa

Fleire millionar både sør-norsk og svensk leppefisk blir frakta nordover til område med oppdrettsanlegg. Der blir dei brukte som reinsefiskar - altså for å ete lakselus av laksen.

– Når leppefiskane har gjort jobben sin, er det mange som aldri kan gjerast greie for. Nokre har truleg rømt ved å klemme seg gjennom maskene i merden forklarar Seljestad.

Når forskarane plottar dei genetiske markørane til dei 1025 berggyltene, klumpar dei seg saman etter likskap. Majoriteten av dei nordlege fiskane er éi gruppe (oransje) medan dei sørlege er i ei anna (blå). Dei spanske fiskane skil seg endå meir frå resten i grøn.

Kan vatne ut ut lokale gen

– Då kan du få same situasjon som med rømt oppdrettslaks – at fiskane spreier genane sine i område dei ikkje høyrer heime. I verste fall kan det «vatne ut» spesielle tilpassingar hos den lokale fisken, seier han.

For grøngylt var forskarane i stand til å dokumentere at rømt fisk frå sør faktisk hadde kryssa seg inn med lokal fisk i Flatanger.

– Vi har enno ikkje studert rømming og innkryssing for berggylt, men det er sannsynleg at det skjer, sidan vi veit det er tilfelle hos grøngylt. Dette er noko vi må sjå nærmare på, seier forskaren.

Stort behov for reinsefisk – dermed også forsking

I 2019 brukte oppdrettsnæringa om lag 60 millionar reinsefisk – om lag ein tredel villfanga fisk .

Det er den enorme auken i bruk av reinsefisk som gjer det nødvendig å finne ut så mykje som mogleg om både bestandsstatusen og biologien til dei ulike artane.

– Kunnskap er ein føresetnad for berekraftig fiskeri og forvaltning, seier Gaute Seljestad.

Resultata går inn i Havforskningsinstituttets Risikorapport for norsk fiskeoppdrett 2019.

Fakta om rensefisk

  • Samleomgrep for fiskar som blir sett til å ete lakselus i oppdrettsmerdar.
  • I 2019 brukte oppdrettsnæringa om lag 60 millionar reinsefisk
  • 2/3 er oppdretta rognkjeks
  • Resten er for det meste villfanga artar av leppefisk: i hovudsak bergnebb, grøngylt og berggylt
  • Leppefisk blir fiska i kvoter fordelt på landsdel: Sørlandet (4 millionar), Vestlandet (10 millionar) og nord for Stad (4 millionar)
  • Det er lite oppdrett i sør, og leppefisken derfrå blir frakta til andre område.

Referanse:

Gaute Seljestad mfl.:“A cleaner break”: Genetic divergence between geographic groups and sympatric phenotypes revealed in ballan wrasse (Labrus bergylta). Ecology and evolution, 2020. Doi.org/10.1002/ece3.6404

Powered by Labrador CMS