Denne artikkelen er produsert og finansiert av NTNU - les mer.

Ein del artar, som fjellrev og snøugle, ynglar stort sett berre i smågnagarår. Andre artar får fleire og større kull i desse åra. Her lemen.
Ein del artar, som fjellrev og snøugle, ynglar stort sett berre i smågnagarår. Andre artar får fleire og større kull i desse åra. Her lemen.

Difor er det viktig med lemenår

Talet på lemen varierer sterkt frå år til år. Også andre artar har liknande svingingar. Kvifor er det slik og kva skjer om lemenår kjem sjeldnare?

Talet på lemen (Lemmus lemmus) i fjellet kan svinga kraftig frå eitt år til det neste. Dette er viktig for mange andre artar. Mellom anna har fleire rovdyr og rovfuglar gode dagar. Dei får gjerne fleire avkom enn vanleg når det er godt med lemen.

– Hjå ein del artar ser vi at populasjonsstorleiken, altså talet på dyr av ein art i eit område, endrar seg etter eit syklisk mønster. Vi får regelmessig ein vekst opp til ein topp, etterfølgd av ein rask nedgang i populasjonsstorleik, seier Aline Magdalena Lee.

– Svingingane treng ikkje å vera synkrone over heile Noreg, fortel forskar Aline Magdalena Lee.
– Svingingane treng ikkje å vera synkrone over heile Noreg, fortel forskar Aline Magdalena Lee.

Ho er forskar ved Gjærevollsenteret for framtidsanalysar av naturmangfald og forskar ved Institutt for biologi på NTNU.

Populasjonsveksten opp mot toppen kan skje veldig raskt eller meir gradvis. Det same mønsteret gjentek seg gong på gong i ein gjentakande syklus.

Hjå lemen kunne desse svingingane tilsynelatande kome regelbunde med tre–fire års mellomrom, med store toppar og djupe dalar. Vi kallar slike svingingar sykliske svingingar.

Men no fryktar enkelte forskarar at det er blitt lenger mellom kvart lemenår. Er det slik?

Lemenår er ikkje borte

– Det kan sjå slik ut, men det er faktisk ganske vanskeleg å vurdera. På 1990-talet og tidleg tusental var det ein lang periode utan lemenår. Fleire var redde for at det var heilt slutt på fenomenet, kanskje på grunn av klimaendringar, seier Lee, som understrekar at dette ikkje er noko ho sjølv har forska på.

Men no har syklusane teke seg opp att. I alle fall i delar av landet.

– Svingingane treng ikkje å vera synkrone over heile Noreg. Ofte er dei ikkje det, sånn at toppane til dømes kjem i eit år i sør og eit anna år i nord, påpeikar Lee.

Det vil alltid vera naturleg variasjon i populasjonssvingingar. Når toppår i gjennomsnitt kjem kvart tredje eller fjerde år, må ein ha ei ganske lang tidsserie, altså mange år med data. Det er for å kunna seia om mønsteret har endra seg med omsyn til kor ofte toppane kjem eller kor store dei er.

Fjellreven har ikkje noko imot eit saftig lemen.
Fjellreven har ikkje noko imot eit saftig lemen.

I tillegg er det større variasjonar i talet på lemen i nokre område enn i andre. Korleis dette utviklar seg over tid kan difor vera vanskeleg å føreseia, forklarar ho.

Lemenår viktige for fleire artar

Men kvifor er desse svingingane viktige?

– Svingingane er ein del av kompliserte naturlege system som har vorte utvikla og tilpassa over veldig lang tid. Systemet er difor tilpassa til desse svingingane, og andre artar kan vera avhengige av dei. Om dei endrar seg, kan det påverka heile næringsnett, seier Lee.

Lemen er ein av nøkkelartane i fjellet i Norden.
Lemen er ein av nøkkelartane i fjellet i Norden.

Lemen vert rekna som ein av nøkkelartane i fjellet i Norden. Dei utgjer ei viktig matkjelde for mange rovdyr.

– God tilgang på denne maten er for mange artar heilt naudsynt for å kunna fø opp ungar, seier Lee.

Nokre artar ynglar nesten berre i smågnagarår

Ein del artar, som fjellrev og snøugle, ynglar stort sett berre i smågnagarår. Andre artar får fleire og større kull i desse åra.

Snøugla vandrar gjerne over store område på leiting etter gode hekkeforhold. Ho kan difor vera heilt fråverande i år med få smågnagarar. Ettersom dette er artar med relativt lang levetid, går det bra å oppretthalda populasjonen med gode yngleår kvart tredje eller fjerde år.

– Men dersom toppane forsvinn heilt, vert det vanskeleg for desse artane å klara seg. Når det er få smågnagarar, må desse rovdyra finna andre byttedyr for å klara seg. Dette går ut over populasjonar av andre små byttedyr i fjellet, til dømes rype.

År med store mengder lemen påverkar og vegetasjonen i fjellet. Dette kan vera viktig for nyspiring og artssamansetjinga vi ser i plantesamfunnet.

Endringar i svingingane kan difor få store konsekvensar med ringverknader som kan vera vanskelege å føreseia.

Spesialiserte rovdyr svingar i takt med lemenår – forseinka

I rovdyr-byttedyr-syklusar ser vi det same mønsteret hjå eit byttedyr og eit rovdyr eller rovfugl som spesialiserer seg på byttedyret.

Men svingingane er forskyvd i høve til ein annan, sånn at rovdyrtoppane kjem etter byttedyrtoppane. Det er ikkje så merkeleg når du høyrer kvifor.

– Dette er fordi ein topp i byttedyrpopulasjonen gjev stor mattilgang for rovdyret og gode høve for yngling. Dermed får vi sterk vekst i rovdyrpopulasjonen rett etter eit slikt toppår, seier Lee.

For byttedyra blir toppåra prega av sterk konkurranse om mat og ressursar. Dermed dør ein stor del av dei raskt. Stress og smittsame sjukdommar kan og spela inn.

– Ettersom rovdyrpopulasjonen aukar, vil byttedyret og oppleva meir jakt. Det samla resultatet vert at byttedyrpopulasjonen krasjar, seier Lee.

Dette vil igjen føra til matmangel for rovdyret. Dermed går talet på rovdyr ned igjen.

Når det er få smågnagarar, må rovdyra finna andre byttedyr for å klara seg. Dette går ut over andre små byttedyr i fjellet, til dømes fjellrype.
Når det er få smågnagarar, må rovdyra finna andre byttedyr for å klara seg. Dette går ut over andre små byttedyr i fjellet, til dømes fjellrype.

Med færre rovdyr og mindre konkurranse byrjar byttedyrpopulasjonen å byggja seg opp att, og syklusen vert gjenteke.

Snøskohare og gaupe i Nord-Amerika er eit klassisk døme på dette som har vore mykje studert.

Mange faktorar spelar inn

I praksis er det likevel vanskeleg å fastslå heilt sikkert kva som styrer svingingar i ulike artar. For nesten alltid er fleire artar involvert, og det er mange moglege faktorar som påverkar i naturlege system.

Kvar art av byttedyr er mat for fleire rovdyrartar, og rovdyra lever av meir enn eitt byttedyr. I tillegg er det mange ting som skjer samtidig og som kan spela inn.

– Når ein får dei verkeleg store lementoppane i lemenår, har det til dømes gjerne samanheng med at lemen kan yngla under snøen, så klima og snøforhold kan nok ha mykje å seia for lemendynamikken i ulike område.

Til dømes kan plantar reagera på mykje beiting ved å produsera antibeitestoff. Dette kan ha ein tilleggseffekt på byttedyrpopulasjonen.

– Akkurat kva som styrer til dømes lemensyklusane, har me dermed ikkje heilt svaret på. Men mest sannsynleg er det ein kombinasjon av ulike faktorar med rovdyr som ein av dei viktigaste, seier Lee.

Powered by Labrador CMS