Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Tusenvis av foto syner når selane går på land
Billeg utstyr kan gje verdifulle data.
Vanlegvis vert viltkamera brukt i skogen for å finne ut kvar hjorten tek vegen.
Det siste året har eitt hengt på ein stolpe ved Lyngør, i Skagerrak-skjergarden.
Kvar time med dagslys har kameraet teke eit nytt bilete. Målet er å finne ut når steinkobbane kviler på land.
– Studien syner at ein sjølv med enkelt og billig utstyr kan få mykje gode data, seier havforskar Carla Freitas.
Men det kjem ikkje utan omhyggeleg arbeid.

To kamera, 12 månadar, 10.000 bilete
I samarbeid med Havforskingsinstituttet har mastergradsstudent Elsa van Meurs frå Universitetet i Agder undersøkt landvanane til steinkobbane: Korleis sesongar, miljømessige faktorar og menneskelege forstyrringar påverkar kor mange selar som trekker opp på land.
I 12 månadar tok viltkameraet i Lyngør timelapse-bilete. Etter kvart vart studien utvida med nok eit viltkamera som kvar time i fire månadar fotograferte sel på Østre Bolæren. Samstundes samla van Meurs kontinuerleg data om lufttemperatur, vindstyrke og vassnivå.
Til saman har masterstudenten finstudert over ti tusen bilete.
– Kvar sel på kvart bilete er telt, fortel van Meurs.
Det er ikkje alltid like enkelt å skilje ein steinkobbe frå ein stein om tåka ligg tett og det skortar på lys, men etter månadsvis med observasjonar kjenner ho skjeret betre enn dei fleste.
– Det var mykje arbeid, men eg er veldig nøgd med resultatet.

Færre på land i sommarmånadane
No er resultatet også publisert i ein artikkel i tidsskriftet Diversity.
– Studien synte at det var flest selar på land når det var varmt, lite vind og lågvatn, noko vi òg venta, seier Freitas.
I vindstilla, når sola steiker og lågvatnet gjev rikeleg med boltreplass, er det ypparlege høve for selen til å ta seg ei pustepause. Både for å kvile seg, få varmen igjen og fordøye maten.
Forskarane vart derimot overraska over sommarfunna i studien: Det var eit uventa lågt tal steinkobbar på land i Lyngør i juni og tidleg juli.
Dette er kasteperioden for sel – det er då dei trekker på land for å føde ungar, die og etterpå pare seg igjen. Forskarane hadde difor venta meir «landtid» på selane i dette tidsrommet enn studien synte.
– Det var også færre selar på land i helgane og i sommarferien enn på kvardagane. Ein av grunnane kan vere auka forstyrring frå båttrafikk, forklarar havforskaren.
Steinkobbene er ekstra vare for forstyrringar når dei kastar. Dei kan ha flytta utaskjers for å få ungar.

Nattevanar
Viltkameraet på Østre Bolæren hang ute frå hausten mot tidleg vinter. Det var sett opp nært nok til å fotografere sjølv etter at mørkeret hadde senka seg. Derfor var det mogeleg å undersøke døgnrytmen til steinkobbane.
Resultata synte at det var fleire selar på land om natta enn om dagen.
– Vi er ikkje sikre på kvifor, men med tanke på at ein vanlegvis tel sel på dagtid, er dette eit interessant resultat, seier havforskar Carla Freitas.
Referanse:
Elsa van Meurs, Carla Freitas mfl.: Haulout Patterns of Harbour Seal Colonies in the Norwegian Skagerrak, as Monitored through Time-Lapse Camera Surveys. Diversity, 2024. Doi.org/10.3390/d16010038
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Forskarane får perlesnor-maneta til å tenne på alle pluggar
-
Om fisk får ei perlesnormanet midt i fleisen, kan skadane utvikle seg til store innsøkk i vevet
-
Ørreten drar gjerne på harrytur til Sverige
-
Sugekopper, kroker og lysorganer – slik avslører blekksprut-detektivene ulike arter
-
Barentshavet: Slik påverkar varmare hav matvanane til lodde, torsk og plankton
-
Forskere fant 70 ekstra arter med miljø-DNA