Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Petter Rinde Øverland har trena ungdomar i Oslo-klubben Koll i mange år. Han blir både overraska og glad når han høyrer at forsking viser at leik kan vere like bra som hard trening tidleg i ungdomsåra.
Petter Rinde Øverland har trena ungdomar i Oslo-klubben Koll i mange år. Han blir både overraska og glad når han høyrer at forsking viser at leik kan vere like bra som hard trening tidleg i ungdomsåra.

12-åringar som trena hardt blei ikkje betre enn dei som leika

– Funna våre viser at puberteten er den viktigaste faktoren for utvikling av kondisjon, seier forskar. Kan bety mykje for å motverke fråfallet i langrennssporten, meiner langrennstrenar.

– Eg blei overraska. Må nok seie at eg hadde trudd det skulle bety meir å trene med høg intensitet i den alderen.

Viser at leikbasert trening fungerer

Petter Rinde Øverland rekk ein prat i haustkulda før juniorane hans skal ut på haustens store motbakketest. Han har mange år bak seg som ungdomstrenar for ivrige langrennsløparar i Oslo-klubben Koll.

Også for 12-åringar som akkurat denne studien er gjort på.

Nå har han akkurat fått høyre om den siste forskinga frå Norges idrettshøgskole (NIH) som viser at tøff motbakketrening som juniorane hans er ute på kveld, ikkje nødvendigvis gir betre kondisjon for 12–13-åringar.

Forskar Halvard Grendstad har fylgd tre grupper med 12-åringar av begge kjønn over åtte veker i oppkøyringa til ein ny vintersesong.
Forskar Halvard Grendstad har fylgd tre grupper med 12-åringar av begge kjønn over åtte veker i oppkøyringa til ein ny vintersesong.

– Det viser jo at leikbasert trening kan fungere godt. Det blei eg glad for å høyre. Det tenkjer eg er viktig i den alderen. Målet må jo vere å få med flest mogleg, lengst mogleg, seier Øverland.

To grupper fekk forskjellig opplegg

Forskar Halvard Grendstad forskar på vekst, modning og trening i puberteten ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. 

I denne studien fylgde dei tre grupper med 12-åringar av begge kjønn over åtte veker i oppkøyringa til ein ny vintersesong. Oppkøyringa varer frå september til november. Totalt 59 deltakarar var med.

Langrennsløperane hadde fire treningsøkter i veka, men det var ein stor forskjell på kva dei gjorde på to av desse øktene:

  • Gruppe 1 hadde to intervalløkter med høg intensitet. Dette var tradisjonell langrennstrening i sesongoppkøyring med hovudvekt på motbakkeintervallar.
  • Gruppe 2 hadde leikbaserte aktivitetar på roleg intensitet og enkel styrketrening.
  • Gruppe 3 var ei kontrollgruppe med 12-åringar som ikkje dreiv med langrenn og var mindre aktive enn dei to andre gruppene.

Gruppe 2 fekk også instruksjonar på at dei heller ikkje fekk trene intervall eller anna trening med høg puls utanom fellesøktene med klubben. Alle løparane sin trening blei følgt tett i perioden. 

Før prosjektet starta og etter vekene med dei to forskjellige treningsopplegga var dei inne på NIH til testing av maksimalt oksygenopptak.

Heile gruppa på start: Hard motbakketrening treng ikkje å vere nødvendig for dei yngste ungdomane, viser ny forsking. Her er eldre juniorar frå mange Oslo-klubbar i gang med testløp i oppkøyringa til ny sesong.
Heile gruppa på start: Hard motbakketrening treng ikkje å vere nødvendig for dei yngste ungdomane, viser ny forsking. Her er eldre juniorar frå mange Oslo-klubbar i gang med testløp i oppkøyringa til ny sesong.

Resultata overraskar nok fleire enn langrennstrenaren i Koll.

– Det var ingen forskjell mellom dei tre gruppene. Endringane var heilt like, og dei aller fleste deltakarane såg ut til å auke sitt maksimale oksygenopptak. Einaste forskjellen me fann var at gruppa som trena intervallar, sprang litt lenger på mølla enn dei to andre gruppene, fortel Grendstad.

Hjartet veks i puberteten

Gruppa som hadde trena harde intervalløkter gjennom heile hausten, hadde altså ikkje fått betre kondisjon enn dei som hadde leika på trening. Og heller ikkje enn kontrollgruppa som gjorde svært lite trening.

Kva skuldast det?

Langrenn slit som mange andre idrettar med fråfall i ungdomsskulealder. Denne forskinga som viser at ein ikkje treng å starte med systematisk hardtrening i denne alderen, kan bety at ein klarer å behalde fleire lenger i idretten.
Langrenn slit som mange andre idrettar med fråfall i ungdomsskulealder. Denne forskinga som viser at ein ikkje treng å starte med systematisk hardtrening i denne alderen, kan bety at ein klarer å behalde fleire lenger i idretten.

Perioden desse utøvarane er på veg inn i, kan vere årsaka, meiner forskarane.

– Dei endringane som skjer i kroppen i puberteten, er mykje av dei same endringane som skjer når me vaksne trenar uthaldenheit. Hjartet veks og pumpar meir blod, og blodet transporterer meir oksygen til musklane som jobbar. Det vil seie at desse ungdomane får dei same effektane av å vere i vekst som ein kan få av å trene intervall, forklarer Grendstad.

Spørsmålet dei stilte seg var om ein kunne få enda meir ut av treninga enn den utviklinga ein får av puberteten. 

Denne studien viste at gruppa som trena hardt, faktisk ikkje gjorde det.

Foreldre var skeptiske

Grendstad meiner at desse funna kan gjere det lettare for både langrennsklubbar og andre idrettar å ta vare på ungdomane lenger. Spesielt i alderen 12–14 år der puberteten gir ein størst drahjelp i utviklinga av kapasiteten.

– I denne alderen treng ein ikkje vere så systematisk i tilnærminga til trening som mange kanskje tenkjer. Det er viktig å ta vare på leiken så lenge som mogleg, også i oppkøyringa til sesongen, seier Grendstad. 

Han fortel at mange stressar mykje med oppkøyring. Denne studien viser at det kan vere viktigare å bruke tid på å trene på teknikk, koordinasjon og styrke. 

– Til dømes kan ein forbetre prestasjonen på ski med å trene teknikk og koordinasjon, slik at ein kan gå betre og «billigare». Som ein også kan gjere med leikbaserte aktivitetar, meiner Grendstad.

Han fortel at fleire foreldre var svært skeptiske til at barna i den eine gruppa ikkje skulle få lov til å få høg puls på trening i prosjektperioden.

– Det ligg nok i botn hos mange at ein må trene intensivt for å bli betre. Vi skal ikkje seie at ein ikkje skal trene intervall i det heile tatt, men det viktigaste er å trene variert og allsidig, seier forskaren.

Han seier at ungdom i den alderen ikkje må trene som Klæbo og forbilda på landslaget gjer, i sesongoppkøyringa. Kroppen til ein 12-åring er heilt forskjellig frå vaksne. 

Fokuset på å forbetre kapasiteten treng ikkje å vere viktig i denne alderen.

Foreldretrenarar køyrer hardare opplegg

Ved bautaen på Midtstuen i Oslo har ungdomar frå dei fleste store skiklubbane i Oslo gjort seg ferdig med oppvarminga. Trenar Petter Rinde Øverland gir dei siste instruksjonane før pulsen skal nærme seg maks for over 30 ivrige juniorar.

Etter mange år i langrennsmiljøet, også som aktiv utøvar sjølv, veit han at det er mange som trenar hardt og seriøst frå tidleg alder.

– Det er veldig forskjellig på kor mykje ein prioriterer leikbasert kontra intervallbasert i den alderen. Det kan nok vere litt ut frå om ein har foreldretrenarar eller betalte trenarar. Foreldre som gjekk på ski på 1980- og 1990-talet og er vant til å trene hardt, har nok ein tendens til å køyre det same systemet på ungane sine. Da kan det bli ganske tøft, seier Øverland.

Samtidig er han klar på at det ikkje berre kan vere leik.

Kan lure inn harde økter i leiken

– Dei skal jo gå skirenn på vinteren, så eg tenkjer det kan vere greitt å ha hatt nokre tøffe økter. Men eg har trua på ei blanding med både leik og høgintensitetstrening. Viss ein klarer å ha morosam leik der ein lurer inn litt høg puls i stafettar for eksempel.

Øverland er einig med forskarane om at det kan ha noko å seie for fråfallet som langrennssporten stadig slit meir med. Han trur harde intervalløkter ofte kan føre til fråfall.

– Denne forskinga kan bidra til at vi blir meir bevisste på at også lågintensitetstrening kan fungere. At ein ikkje treng å vere redd for å ha leikbasert trening i aldersgruppa 12–14 år. Nå kan vi trenarar faktisk argumentere for at det ikkje er så stor forskjell om ein trenar nokre økter med lågintensitet, seier Øverland.

Han gir nokre siste beskjedar til ein av utøvarane sine som også har fått prøve seg som trenar for yngre utøvarar.

Lars Sparrevik hugsar sjølv at han ikkje var glad i å trene intervall da han var på alder med 12–13-åringane han sjølv trenar i Koll.

Ungdom og trenar: Lars Sparrevik hugsar han sjølv ikkje likte intervall før han blei 15/16 år. Nå har han lært seg å like det, men når han trenar 12-åringane i klubben, køyrer han mest mogleg leik på øktene.
Ungdom og trenar: Lars Sparrevik hugsar han sjølv ikkje likte intervall før han blei 15/16 år. Nå har han lært seg å like det, men når han trenar 12-åringane i klubben, køyrer han mest mogleg leik på øktene.

– Det var eigentleg ikkje før eg blei 15-16 år at eg synest det blei moro å springe intervall. I gruppa eg trenar nå, har vi mykje leik. Vi prøver å ha det moro på trening med stafettar og legg både høg intensitet og styrke inn i det, seier han like før pulsen blir skrudd opp mot maks i haustmørket opp mot Holmenkollen.

Referanse:

Halvard Grendstad og Jostein Hallén:  Effects of adding high-intensity training during an 8-week period on maximal oxygen uptake in 12-year-old youth athletes. Scandinavian Journal of Medicine and Science in Sports, 2023. Sammendrag. Doi.org/10.1111/sms.14489

Powered by Labrador CMS