Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Barn startar å mobbe allereie i barnehagen
«Det er berre leik.» Både barnehagar og foreldre treng betre kompetanse i å sjå når barnehagebarn kryssar grensa frå uskuldig leik til skadeleg mobbeåtferd.
Uskuldig leik er ikkje alltid så uskuldig.(Foto: Colourbox)
Mobbing er eit problem som vert mindre di
høgare ein kjem i utdanningssystemet. Det viser tal
frå Elevundersøkinga 2024. Det yngste trinnet som er med i undersøkinga, er
femte klasse, men mobbeåtferda startar tidlegare – alt i barnehagen.
– Men i barnehagen kallar vi det ikkje mobbing. Barn i barnehagealder prøver seg i sosiale omgjevnadar. Dei er nysgjerrige, dei spelar roller, testar grenser. Dei eksperimenterer utan å vera heilt bevisste på korleis åtferda deira kan påverka andre.
Det seier professor Ella Idsøe ved Naturfagsenteret på Universitetet i Oslo.
– Men dersom for eksempel Erna heile tida tek leikene frå Jonas fordi ho har erfart at han ikkje reagerer på annan måte enn å bli stille og kanskje få tårer i augo, då kallar vi det for mobbeåtferd. Erna treng ikkje ha ein intensjon om å såra Jonas. For han er dette likevel vondt og vanskeleg. Særleg om det skjer gjentatte gonger.
Held ofte fram i same rollene
Saman med forskar Pål Roland frå
Universitetet i Stavanger er Idsøe bokaktuell med Mobbeatferd i barnehagen. Det er ein oppdatert og utvida versjon av fyrste utgåve av boka frå 2017.
– Mobbeåtferd må fyrst og fremst førebyggjast, seier Ella Idsøe.(Foto: Naturfagsenteret / UiO)
– Det er ei utbreidd haldning at små barn
berre leikar, og vi vaksne må la barna leika utan at vaksne involverer seg. Men
òg i det som tilsynelatande er uskuldig leik, kan krenkingar, som utestengingar,
skje, seier Idsøe.
Ho legg til at haldningane har betre seg litt etter at
omgrepet nulltoleranse mot mobbing kom inn i barnehagelova i 2021.
– Men vi har norsk og internasjonal
forsking som dokumenterer at mobbeåtferd finst i barnehagen. Vi ser òg at dei
som viser mobbeåtferd eller er utsette for det, ofte held fram i desse rollene
når dei etter kvart begynner på skulen.
Må trena opp musklane for inkludering
Boka er meint brukt
i utdanninga for barnehagelærarar. Ho fungerer òg som ei verktøykasse for tilsette i
barnehagane.
– Mobbeåtferd må fyrst og fremst
førebyggjast. Det er ikkje nok å seia «Stopp, ikkje gjer det» eller «Det er
ikkje lov å mobba». Barn viser mobbeåtferd fordi dei ynskjer å oppnå noko. Dersom
ei negativ handling gjev dei noko positivt, kan dei bli freista til å gjera det
igjen, forklarar Idsøe.
– Barnet må få hjelp av vaksne til å
erstatta mobbeåtferd med positiv åtferd. Kva er det barnet ynskjer å oppnå med
åtferda si? Er det popularitet? Er det makt? Manglar barnet ferdigheiter for å koma
i leik med andre? Noko anna? Hjelp barnet å oppnå det same med sosialt
akseptabel åtferd.
Inkluderingstrening kallar Idsøe det å
trena barn i å inkludera andre barn.
– Inkluderingsmusklane må trenast opp på
same måte som andre ferdigheiter. Det er ingen barn som set dei skitne
tallerkane i oppvaskmaskinen om ikkje dei får beskjed om å gjera det.
Få til god kommunikasjon mellom barnehage og føresette
Idsøe understrekar at barnehagane ikkje er
åleine om ansvaret for å førebyggja mobbeåtferd hjå barnet og læra dei sosiale
ferdigheiter.
Foreldra har òg eit ansvar.
Annonse
– Derfor har vi med strategiar og
aktivitetar foreldra kan gjera heime for å læra barna empati, å dela på ting, å
venta på tur. Hjelpa dei til betre å forstå deg sjølv og omgjevnadane betre,
seier Idsøe.
Idsøe minner om at barnehagane er
lovpålagde til å stoppa mobbeåtferd og å ha eit godt samarbeid med foreldra.
– Vi har derfor med råd om korleis
barnehagen kan snakka med krevjande foreldre og få til god kommunikasjon og
samarbeid mellom barnehage og føresette for å kunne skape eit trygt og
mobbefritt barnehagemiljø i barnehagen.
Referanse:
Ella Cosmovici Idsøe og Pål Roland: Mobbeatferd
i barnehagen. Bok på Cappelen Damm, 2025. Samandrag.