DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Kropp og sinn har godt av å logge av, sjølv om ein ikkje kjenner seg sliten.
Kropp og sinn har godt av å logge av, sjølv om ein ikkje kjenner seg sliten.

Forskar anbefaler: Logg av i ferien!

Å kvile og nyte livet med mindre krav og mas er sjølve poenget med ferien for mange. Første skritt mot målet er å logge heilt av jobben, seier forskar.

Norske arbeidstakarar har rett til tre veker samanhengande ferie om sommaren. Det er godt, for vi brukar lang tid på å omstille oss frå kvardag til ferie, seier Live Bakke Finne.

Ho er forskar i arbeidspsykologi og -fysiologi ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI.

– Av tre ferieveker går kanskje den første til å lande og den siste til så smått å byrje å tenke på kva som ventar etter ferien. Dermed koplar du eigentleg heilt av berre i den mellomste veka, seier ho.

Vane med å vere «pålogga»

Ein føresetnad for å ha fri er at vi klarar å legge jobben heilt frå oss, noko Finne trur mange strevar med.

– Det er så lett å vere «på» heile tida, særleg viss kontoroppgåver er del av jobben din. Då får du kanskje e-post på telefonen i tillegg til meldingar frå Teams eller ein tilsvarande app. Jobbrelatert informasjon kan nå deg til alle tider på døgnet.

– Fyll feriedagane med mest mogleg lystprega aktivitetar og gløym jobben med godt samvit, seier forskar Live Bakke Finne.
– Fyll feriedagane med mest mogleg lystprega aktivitetar og gløym jobben med godt samvit, seier forskar Live Bakke Finne.

Forskaren trur det er fleire grunnar til at vi kan synest det er vanskeleg å skru av desse varsla, også når ferien kjem. Ein av dei er dei nye vanane vi fekk under pandemien då mange nordmenn vart nøydde til å jobbe heimanfrå.

Ubalanse mellom jobb og fritid

Sjølv om koronarestriksjonane no er historie, har mange – både arbeidsgivarar og arbeidstakarar – framleis ønskt å halde på høvet til å fjernjobbe. Ofte blir den auka fleksibiliteten ved heimekontor brukt som argument. Det er lett å tenke at meir fleksibilitet vil gi lågare stressnivå, men slik er det ikkje nødvendigvis.

– Over tid kan ein ubalanse mellom jobb og privatliv gi ganske alvorlege konsekvensar både for enkeltindividet og organisasjonen, seier Finne.

Denne ubalansen kan bli større med heimekontor enn når ein må møte hos arbeidsgivar, fordi grensa mellom jobb og privatliv då lettare blir viska ut. 

Det kan òg vere vanskeleg å sameine krava frå arbeidsgivar og krava frå familien.

Gode pausar gir meir produktiv arbeidskvardag

Når ein først har vent seg til at kontoret får plass i lomma, kan vegen til å ta med jobben på hytta i ferien bli kort. 

Men Finne oppmodar til å ha heilt klare grenser for når du jobbar og når du har fri.

– Også i kvardagen bør ein seie at «no er eg på jobb, så no jobbar eg» og så berre gjere det eit visst antal timar. Deretter kan ein gjere heilt andre ting. Ein skal ha tid til familie og vennar. Ideelt sett bør ein ha nokre hobbyar også slik at ein får kopla heilt av.

Ho peikar på at jo meir utkvilt og restituert du er når du kjem på jobb, jo meir vil du klare å gjere dei timane du jobbar. 

Avkopling og restitusjon gjer oss faktisk meir effektive.

Kos deg med godt samvit

Finne nemner vidare at ein tener på å logge av, sjølv om ein ikkje kjenner seg sliten. Dei fleste av oss er nemleg svært gode til å lure seg sjølv.

– Vi veit at folk kan stå i svært høg belastning over tid. Dei kan føle at dette meistrar dei heilt fint. Men det vil gjerne skuldast at kroppen «skrur seg på» og blir så aktivert at du toler å stå i det. Når belastninga endeleg blir redusert, kan ein kjenne at «no har presset vore for stort for lenge, men eg skjønte det ikkje der og då,» seier forskaren.

Over tid kan slik aktivering bidra til meir alvorlege plagar, som angst, depresjon og muskelskjelettplager eller fysisk og psykisk utmatting – det vi kallar yrkesmessig utbrentheit.

– Difor kan du fylle feriedagane med mest mogleg lystprega aktivitetar og gløyme jobben med godt samvit. Det har du faktisk vitskapeleg støtte for, seier forskaren.

Powered by Labrador CMS