Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Korleis kan forsking gjere nye lærarar meir robuste i møte med kvardagen i klasserommet?

Kan vi løyse rekrutteringskrisa til læraryrket?
– Vi lærarar er sårbare og gjer feil heile tida. Det må vi vise dei nye lærarane

Det er viktig å ruste dei nye lærarane for ein krevjande kvardag, seier lærarar med brei erfaring.

Tove Seiness Hunskaar og Ingeborg Øvern deler av kunnskap og erfaringar om korleis ein kan forbetre rettleiinga. 

Hunskaar er forskar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo. Øvern er lektor i norsk og historie ved Hartvig Nissens vidaregåande skule i Oslo.

– Det er viktig å gi nyutdanna gode opplevingar tidleg, men kanskje også førebu dei på at ikkje alt kan lærast på lærarutdanninga, men må lærast i yrket. Og der kjem god rettleiing av nyutdanna lærarar inn, seier Hunskaar.

Podcast: Om rettleiing av lærarar

I denne episoden av podcasten Læring møter du lærar Ingeborg Øvern og forskar Tove Hunskaar i samtale om rettleiing av lærarar.

Høyr heile episoden her.

Eit felles ansvar for dei nye lærarane

Både Hunskaar og Øvern er samde om at det er viktig å ruste dei nye lærarane for ein krevjande kvardag.

For det er mange forventingar til nye lærarar, og desse må i større grad avklarast, seier dei to.

– Det kan også vere hensiktsmessig at det vert gitt ein enklare start for dei nye lærarane ved skulane, seier Hunskaar. 

Kanskje dei «gamle ringrevane» kan ta dei mest utfordrande klassane? spør ho.

– Vi lærarar er sårbare og gjer feil heile tida. Det må vi vise dei nye lærarane. Og vi som jobbar på skulane, må ta eit felles ansvar for dei nye lærarane som kjem til skulen, seier Øvern.

Kven er mentor for mentorane?

Hunskaar utdjupar kven som skal ta ansvar for å gjere nye lærarar førebudd på det som kjem.

– Det er relevant å spørje seg om kven som er mentor for mentorane, altså kven er det som rettleier dei som sjølv skal rettleie dei nye lærarane?

Lærar Ingeborg Øvern og forskar Tove Hunskaar møtes til samtale i podkasten Læring.

Forskaren trekk fram universitets- og partnarskulesamarbeidet som særleg viktig. Det er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og 18 skolar i Oslo og Viken. 

Der har skulane forplikta seg til å jobbe med forskings- og utviklingsarbeid knytt til praksisopplæringa av lærarar.

Forskingsbaserte verktøy for rettleiing

For å gjere rettleiinga meir konkret kan samtaleverktøy vere til hjelp. Hunskaar og forskarkollegaene har utvikla ei rekke slike verktøy i prosjektet Verktøy for veiledning.

Til dømes avgjerdssimulatoren. Her kan nye lærarar få testa seg på ulike utfordrande situasjonar dei kan møte på i klasserommet.

Øvern har bidradd med sine erfaringar og fortel om korleis han kan nyttast i rettleiingssamtalar.

Råd til rettleiarane

Kva vil dei to erfarne mentorane råde dei som skal rettleie anten ein ny kollega eller lærarstudent i praksis til?

– Det er viktig for mentorane å skilje mellom undervisning og rettleiing av lærarstudentar og nyutdanna lærarar. Ein lærar er jo ein vaksen og meir som ein kollega å rekne, seier Hunskaar.

Øvern trekker fram at det er viktig å vere tydeleg på kva ein forventar av rettleiingssamtalen. Ein må stille spørsmål om kva slags forventningar begge partar har til samtalen.

– Det kan også vere smart at dei som er mentorar på skulen, kan samarbeide litt og utveksle erfaringar, seier Øvern.

Ho tilråder også boka Konstruktive hjelpesamtaler av Cato Bjørndal. Han er relevant og tydeleg på dei ulike verktøya som ein kan nytte seg av. 

Høyr heile episoden her:

Om podkasten

Gjester i episoden er Tove Hunskaar, stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking og Ingeborg Øvern, som er lærar i historie og norsk ved Hartvig Nissens vidaregåande skule i Oslo.

Programleiar og research ved Magnus Heie. Teknisk produsent er Sunniva Raknes.

Powered by Labrador CMS