Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Unge lærarar ser føre seg ei kortare karriere

Nedgangen er større enn i dei andre nordiske landa, viser ny analyse.

I 2018 såg norske lærarar under 29 år føre seg omlag 32 år til i yrket. I 2024 var talet 15 år.
Publisert

Planlegg norske ungdomsskulelærarar å halde fram i yrket?

Fakta om TALIS

  • Teaching and Learning International Survey (TALIS) er undersøkinga til OECD retta mot lærarar og rektorar i 55 land.

  • Undersøkinga har som formål å belyse viktige sider ved læraryrket, blant anna arbeidsforholda og arbeidsvilkåra til lærarane, den faglege og yrkesmessige utviklinga og kor nøgde dei er i jobben.

  • Ved å delta bidreg lærarar og rektorar til eit solid kunnskapsgrunnlag for politikkutforming i den norske skulesektoren.

  • TALIS er no gjennomført for fjerde gong. Det gir unik kunnskap om korleis fagmiljø og skulesektoren utviklar seg over tid, både i Noreg og internasjonalt.

  • Tidlegare har undersøkinga vorte gjennomført i 2018, 2013 og 2008.

  • Bidragsytarar i «Et blikk på norske ungdomsskoler: Sekundæranalyser av TALIS 2024 er Hedvig Abrahamsen, Julius Bjørnsson, Eyvind Elstad, Ann Elisabeth Gunnulfsen, Hilde Marie Madsø Jacobsen, Guri Nortvedt, Anubha Rohatgi, Alexander Selling, Dijana Tiplic-Lunde, Jelena Veletić og Mark White.

  • Lansering: Den nye studien som undersøker læreres og skolelederes yrkeshverdag blir lansert under et åpent arrangement ved Universitetet i Oslo 14. oktober 20, og det kan følges via strømming. 

Det har forskarane Jelena Veletić, Hilde Marie Madsø Jacobsen og Alexander Selling undersøkt.

I ein ny bok går dei i djupna på nye tall frå den internasjonale undersøkinga Teaching and Learning International Survey (TALIS).

I den fortel lærarar og rektorar om arbeidskvardagen, arbeidsvilkåra og skulen dei jobbar ved.

Noreg skil seg ut

I 2018 såg norske lærarar under 29 år føre seg omlag 32 år til i yrket.

I 2024 var talet 15 år.

‒ Samanlikna med dei andre nordiske landa var det dei yngste lærarane i Noreg som hadde den største nedgangen i kor lenge dei ser føre seg å bli i yrket, seier Veletić.

Det er nettopp dei yngste lærarane skulesektoren treng mest på sikt, skriv forskarane.

Lærarar som opplever at yrket blir verdsett i samfunnet, ser oftare føre seg å bli verande i det. For lærarar under 29 år er denne anerkjenninga særleg viktig.

Anerkjenning betyr mest for dei yngste

– Funna våre tyder på at det er viktig for unge lærarar at yrket har ein sterk posisjon i samfunnet. Og at det blir sett på som ein attraktiv og verdsett profesjon med eit godt arbeidsmiljø, seier Veletić.

Prosjektleiar Mark White sa då TALIS-tala kom i 2025 at tre av fire lærarar kjenner seg verdsette av elevar og foreldre, men at yrket ikkje blir verdsett i samfunnet.

Les meir om det i denne artikkelen publisert av forskning.no.

Dei fleste lærarane er likevel nøgde med jobben sin.

– Vi må tolke funna med varsemd, sidan vi berre har data frå lærarar som framleis er i yrket, og ikkje frå dei som allereie har slutta, legg Veletić til.

Fagleg utvikling er ein annan faktor for å behalde lærarane.

Bilde av boka.
I den nye boka bruker forskarane data frå TALIS til å undersøkje norske ungdomsskular.

Kurs gir ikkje alltid betre undervisning

Alexander Selling og Mark White har undersøkt kva slags utviklingsbehov norske lærarar har, og kva lærarane har lært av etter- og vidareutdanning.

‒ Lærarane treng særleg etter- og vidareutdanning innan digitale ferdigheiter og pedagogikk, men også i eigne fag. Likevel seier 32 prosent av lærarane at etter- og vidareutdanning ikkje har forbetra korleis dei underviser, fortel Selling.

‒ I intervjua skildrar både lærarar og skuleleiarar mangel på tid og overskot til å identifisere eigne utviklingsbehov og følgje opp det dei har lært. Fleire lærarar fortel til dømes at dei ikkje rekk å arbeide vidare med kursmateriellet, seier White.

Han legg til at når lærarar får konkrete tilbakemeldingar på undervisninga frå kollegaer eller leiarar, fører det oftare til betre undervisning.

‒ Skuleleiarar og lærarar må få betre tid og den administrative belastninga må reduserast slik at ein kan prioritere observasjon, rettleiing og oppfølging. Det vil føre til ei reell endring av arbeidsmåtar, seier White.

Referansar:

Nettside ved Universitetet i Oslo om «Teaching and Learning International Survey, TALIS», OECD si internasjonale undersøking av undervisning og læring.

Mark White (redaktør): Et blikk på norske ungdomsskoler: Sekundæranalyser av TALIS 2024. Vitenskapelig bok, Cappelen Damm Forskning, 2026.

Fakta om den nye boken

Boka «Et blikk på norske ungdomsskoler: Sekundæranalyser av TALIS 2024» blir tilgjengeleg 14. oktober.

I den nye boka tek forskarar opp ulike tema som viser endringar frå 2018 til 2024. 

Redaktør er Mark White. Han leier den norske delen av TALIS og er forskar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).

Powered by Labrador CMS