DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Arbeid med boremaskiner i tunnel gir risiko for å bli utsett for kvarts
Under bygginga av Follobanen har forskarar studert kva tunneldrivarar blir utsett for under arbeid med tunnelboremaskiner. Resultata viser at eksponering for kvarts og støv fanst for alle som jobba på maskinene.
Den nye Follobanen er det hittil største samferdselsprosjektet i Noreg. Den lengste jernbanetunnelen i Norden er ein del av den. Blixtunnelen er 19,5 kilometer lang.
To metodar er vanlege for å lage ein tunnel – drive tunnelen, som det heiter: den konvensjonelle metoden med boring og sprenging eller å bruke tunnelboremaskiner (TBM) som borar seg gjennom fjellet.
Det er hovudsakleg desse TBM-maskinene som har drive Blixtunnelen på Follobanen. Det har ikkje vore vanleg i Noreg tidlegare.
TBM-maskinene er 150 meter lange og borar og transporterer bort knust stein. Entreprenørane brukte fire slike maskiner for å drive Blixtunnelen.
Alle vart utsette for steinstøv og kvarts
– Det finst lite vitskapleg litteratur om eksponering ved driving av tunnelar med tunnelboremaskiner. I denne studien fekk vi høve til å kartleggje eksponeringa frå eit tidleg tidspunkt i prosjektet i starten av 2017 og heilt til siste gjennomslag i februar 2019.
Det fortel Mimmi Leite som er lege og forskar på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Under boringa kan TBM-arbeidarar bli eksponerte for ulike partiklar som er kjende for å auke risikoen for redusert lungefunksjon, lungesjukdomen silikose og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols).
– Dei viktigaste eksponeringane er steinstøv, kvarts og eventuelt oljetåke, forklarer Leite.
Oljetåke er damp som oppstår når olje blir brukt til å kjøle eller smørje maskiner.
Forskarane såg på resultat frå datainnsamling med spørjeskjema, undersøkingar av lungefunksjon og blodprøver.
Kartlegginga viste at alle arbeidarane på tunnelboremaskina vart utsett for steinstøv og kvarts. Dei som jobba framme på maskina, var høgast eksponert.
– Dette er i tråd med kva vi venta. Desse arbeidarane er tettast på støvkjelda, sjølve borehovudet på maskina, seier Leite.
Nyttig for framtidige prosjekt
Nivåa på kvartseksponeringa låg på ganske likt nivå som eksponering som tidlegare er funne på tunneldriving ved bruk av boring og sprenging.
Nivåa for dieseleksos var låge, og oljetåke vart berre funnen i nokre prøver i svært låge nivå.
– Å bruke TBM er altså knytt til risiko for kvartseksponering viss fjellet består av kvartshaldige bergartar. Dette er nyttig kunnskap å bruke i planlegging av framtidige tunnelprosjekt. Det er viktig å vite kva ein har å gjere med når arbeidsgivarar skal planleggje og utføre førebyggjande arbeid, konkluderer Leite.
Referanse:
Mimmi Leite mfl.: Exposure to Particulate Matter and Respirable Crystalline Silica in Tunnel Construction Workers Using Tunnel Boring Machines. Annals of Work Exposures and Health, 2023. Doi.org/10.1093/annweh/wxad004
Les også disse sakene fra STAMI
-
Bygg og anlegg: Hvordan forebygge arbeidsulykker og dødsfall i en utsatt næring
-
Slik kan arbeidsgivarar redusere sjukefråværet blant gravide
-
Kulde kan påvirke de indre klokkene i kroppens celler
-
Hjemmestjenesten: Hvordan påvirker Arbeidstilsynets virkemidler arbeidsmiljø og helse?
-
Hørselstap gir høyere risiko for å falle ut av arbeidslivet. Men noe har endret seg
-
Slik kan ledere beskytte sine ansatte mot emosjonelle belastninger i jobben
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER