DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Lakse­industrien: Tiltak for å tryggja arbeids­forholda har ikkje hatt stor effekt

Filetering og slakting står fram som spesielt utsette arbeidsoppgåver. Men luftborne partiklar kan vere til stades overalt i anlegga.

Det er kjent frå tidlegare at det er protein i arbeidslufta der laks foredlast. Dei kan påverke helsa til dei tilsette.
Publisert

I Noreg arbeider tusenvis av menneske med å slakte, filetere og pakke laks før ho blir sendt ut i verda.

Dette er ei viktig næring, men også ein arbeidsplass der tilsette kan puste inn små dropar og partiklar som inneheld biologisk materiale, såkalla bioaerosolar.

I studien har forskarar teke prøver av lufta i ni lakseforedlingsanlegg langs norskekysten.

222 tilsette har deltatt i studien. Dei har hatt på seg personlege prøvetakarar festa i pusteområdet, for å fange opp svevande partiklar.

Nivåa av protein i lufta dei same som for over ti år sidan

Forskarane målte kor mykje protein og endotoksin arbeidarane vart eksponerte for i lufta gjennom ein typisk arbeidsdag.

– Vi ser at nivåa av protein i lufta er på same nivå som blei rapportert for over ti år sidan, sjølv om risikoen for luftvegsplager er godt kjend i denne industrien.

Det seier STAMI- og UiB-forskar Jorunn Kirkeleit, som er med i forskargruppa bak studien.

Funna viser tydelege forskjellar mellom ulike arbeidsområde. Tilsette som jobba med filetering og slakting, vart som venta eksponerte for meir protein i lufta enn dei som jobba i andre delar av anlegget.

– Filetering og slakting står fram som spesielt utsette arbeidsoppgåver. Det er fordi handteringa av rå fisk og bruk av mykje vatn gjer at biologisk materiale frå fisk, som allergen, enzym og endotoksiner, lett kjem ut i lufta, forklarer Kirkeleit.

Væskedropar frå skinnet og kjøtet blir kvervla opp

Slakting inneber til dømes å bedøve fisken før avliving, bløgge for avbløding og til slutt sløye fisken.

Alle desse trinna kan danne bioaerosolar når partiklar og væskedropar frå skinnet, kjøtet og innvollane til laksen, blir kvervla opp i arbeidslufta.

Arbeidsforholda varierer mellom anlegga, med ulik grad av automatisering, utforming, og bruk av maskiner og vatn.

Forskarane målte også nivå av endotoksin. Det er eit toksin som finst i celleveggane i bakteriar og som kan gi betennelse i luftvegane.

– Her var konsentrasjonane generelt låge. Lågare enn det som er funne i fleire andre sjømatindustriar, og langt under dei grenseverdiane som nokre land har tilrådd, seier Kirkeleit.

Eksponeringar fleire stader

Tidlegare målingar i norsk lakseforedlingsindustri frå 2007 og 2008 viste liknande nivå av protein i lufta, trass i ulike målemetodar.

Det tyder på at tiltak for å redusere eksponeringa i praksis ikkje har hatt stor effekt.

Forskarane såg vidare at tilsette som normalt ikkje står midt i produksjonslinja, også kunne bli eksponerte for bioaerosolar på nivå som ikkje var så mykje lågare enn i sjølve produksjonsområda.

Det gjaldt til dømes vedlikehaldsarbeidarar eller teknikarar.

– Dette tyder på at luftborne partiklar kan vere til stades overalt i desse anlegga. Ikkje berre der fisken blir behandla direkte, påpeikar Kirkeleit.

Referanse:

Marte Renate Thomassen, Jorunn Kirkeleit mfl.: Occupational exposure to bioaerosols in the Norwegian salmon processing industryAnnals of Work Exposures and Health, 2025. Doi.org/10.1093/annweh/wxaf038

Om prosjektet

Prosjektet SHInE er eit samarbeid mellom dei tre arbeidsmedisinske avdelingane i Tromsø, Trondheim og Bergen, UiT Noregs arktiske universitet og UiB.

Prosjektet er leia av Arbeids- og miljømedisinsk avdeling ved Universitetsjukehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø.

Powered by Labrador CMS