Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Polarinstitutt - les mer.

Flensing av kval på Sør-Georgia i samband med Antarktisekspedisjonen til Dronning Maud Land 1956–1960. Flensing er fjerning av spekk, som så blei til kvalolje.

Spektakulære historiar frå isøydet er no berre nokon tastetrykk unna

Forskarar har samla forteljingar om Noreg i Antarktis.

Visste du at Noreg snappa Dronning Maud Land framfor nasen på Adolf Hitler, at Antarktis er det tørraste kontinentet på kloden eller at luftboblar i innlandsisen inneheld kunnskap som går 900.000 år tilbake i tid?

I ein ny offentleg database frå Norsk Polarinstitutt, Antarktis-bibliografi, finst informasjon om desse sakane og mykje meir.

Databasen er gratis og open for alle, seier prosjektleiar og bibliotekar Petr Masat.

Frå 1884 til i dag

Totalt er over tre tusen verk om Antarktis samla i nyvinninga. Dei er samla frå 1800-talet og fram til i dag. Det har bibliotekarane Petr Masat og Ivar Stokkeland vore med å sørgja for.

– I databasen finst det tekstar frå naturvitskapane, politikk, historie og andre felt, frå den eldste kvalfangstlitteraturen frå 1894 til dagens polarforsking, fortel prosjektleiar Petr Masat.

Her blir alt sør for 60 grader definert som Antarktis. I tillegg inngår litteratur frå det norske bilandet Bouvetøya i Sør-Atlanteren.

Forskingsartiklar, ekspedisjonsdagbøker, heftar, faktabøker og skjønnlitteratur utgjer hovudinnhaldet. 

Dei eldste publikasjonane handlar mest om kvalfangst og ekspedisjonar. I nyare tid er det den internasjonale polarforskinga som dominerar.

I databasen finn du mykje om kvalfangst, ekspedisjonar og om nyare, internasjonal polarforsking. På bilete arbeidar eit forskarlag på havisen i Sørishavet under ein ekspedisjon i 2022.

Gravearbeid

Kriteriet for at noko skal inngå i databasen, er at litteraturen må ha minst éin norsk forfattar. Publikasjonsstad må vera Noreg eller det må ha utspring eller tilknytning til eit norsk forskingsprosjekt. 

Kanskje er dette noko navleskodande, men for forskarane ville det nok verte for mykje å samla all Antarktis-litteratur i verda.

Kvalfangsten i Antarktis var ein kjærkomen inntektskjelde for Noreg. På bilete er ein av kvalskutane i aksjon sør på kloden.

Vestfold – sentral i norsk kvalfangsthistorie

Masat har brukt mange timar på å grave etter bøker og anna skriven informasjon om Antarktis i hyllane på polarinstituttet sitt bibliotek og i alskens databasar.

Undervegs har han vorte nærare kjent med fleire av faga. Nokre funn overraska han meir enn andre.

– Eg oppdaga at Vestfold var sentral i kvalfangstlitteraturen om Antarktis. Eg blei litt overraska over at ein del av vesle Noreg var ein så stor aktør på andre sida av kloden. Etter kvart som eg undersøkte meir, ser eg at det ikkje er tilfeldig, seier Masat. Han er sjølv frå Tsjekkia.

Sandefjord-reiaren Lars Christensen utrusta ni vitskaplege ekspedisjonar til Antarktis. Kona Ingrid Christensen (t.v.) var med på fire av dei. Ho blei og den første kvinna som sette sin fot på fastlands-Antarktis.

Polarutforsking på kvalfangstprofitt

I første halvdel av 1900-talet var kvalfangsten i Antarktis og Sub-Antarktis ei svært kjærkomen inntektskjelde for ein ung nasjon. Det la mykje av grunnlaget for at Noreg blei ein polar stormakt.

Mykje av denne aktiviteten var finansiert av vestfoldingane Lars Christensen og Carl Anton Larsen. Dei hyra i stor grad inn kvalfangstarbeidarar frå dei heimlege traktane. Opptil 70 prosent av fangstfolka kom frå Vestfold.

Hvalfangstpionéren Lars Christensen utrusta ni vitskaplege ekspedisjonar til Antarktis. Han deltok sjølv på fire av dei saman med kona Ingrid Christensen. Ho var den første kvinna som sette sin fot på fastlands-Antarktis.

Lars Christensen finansierte mellom anna dei fire Norvegia-ekspedisjonane. Den første ekspedisjonen annekterte Bouvetøya for Noreg 1. desember 1927.

Kvalfangstmuseet som var bygd i 1917, blei overlevert til Sandefjord kommune som gåve frå Lars Christensen.

Christina Alsvik Pedersen ved Norsk Polarinstitutt jobber mykje med Antarktis-sakar og ser fram til å utforske innhaldet i databasen.

Fem geografiske område

I databasen kan ein søke på tittel og forfattar, og filtrera på nøkkelord. Mange av referansane har direktelink til publikasjonar. 

Det er også mogleg å søke i fem geografiske område: Sørishavet, Antarktis, Dronning Maud Land, Peter I. Øy og Bouvetøya.

Bouvetøya er ei av fem geografiske søkeområdar i Antarktis-databasen. På bilete slår ein sørkjempepetrell ut vingane foran ein elefantsel.

Petr Masat understrekar at mange har vore med å utvikla bibliografiarkivet, frå teknisk personell til forskarar.

– No kan vi hausta fruktene av innsatsen til mange. Håpar folk som vil utforska Antarktis-tema, vil taste seg inn i databasen. Han er gratis og open for alle, seier Masat.

Database over den norske Antarktis-litteraturen

  • Målet med Antarktisbibliografi er å visa fram norsk forsking i Antarktis og annan historie i det ekstreme sør.
    Bibliografien er laga ved biblioteket til Norsk Polarinstitutt.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS