
Tida renn ut for havets regnskogar
Sjølv ved ein klimaavtale i Paris kan det vere for seint for verdas korallrev, meiner forskarar.
Viss ein skal berge verdas korallrev må ein få på plass ein meir drastisk reduksjonsplan for CO₂-utslepp. Det meiner leiande geokjemikarar, som no er samla på eit møte i Praha.
Sjølv med ei svært vellukka klimaavtale Paris vil nemleg oppvarminga av havet og havforsuringa halde fram resten av dette hundreåret.
Korallrev husar eit stort biologisk mangfald av dyre- og fiskeartar, og er derfor svært viktig for fiskeri-industri.
– Situasjonen er svært alvorleg. Eg trur det er lite sannsynleg at korallrev slik vi kjenner dei frå midten av 1960-talet vil finnast nokon stad på denne planeten i midten av hundreåret, seier professor Peter F. Sale frå University of Windsor i Canada i ei pressemelding.
- Les også: Vil frede sjeldent korallrev

Heller 1- enn 2-gradersmål
Sale meiner at ei oppvarming på rundt 1 grad, ville gi reva ein god sjanse.

Men dersom ein i staden held fram med «business as usual», eller siktar mot det såkalla togradarsmålet, vil dette få svært store konsekvensar.
– Dette er ei global krise, som krev av oss at vi blir karbonfrie i løpet av dei neste 20 åra, elles vil vi oppleve temperaturar som vil utslette økosystem som korallreva, og også andre system som menneske er avhengige av, seier Professor Ove Hoegh-Guldberg, som er hovudforfattar på kapittelet om hav i den siste klimarapporten frå IPCC.
Forsuring går ekstremt raskt
Norske marinbiologar deler uroa for korallreva. Også norske kaldtvasskorallrev er tilhaldsstad for mange artar.

– Det er viktig at myndigheiter og ålmenta forstår kor mykje dette faktisk røyrer ved oss. Viss den kjemiske balansen i havet blir forstyrra meir, kan det påverke oss fundamentalt, seier Johanna Järnegren i Norsk institutt for naturforsking, NINA.
Ho fortel at den levande delen av korallreva til dels klarer å tilpasse seg havforsuring. Men størstedelen av korallreva er dødt kalkskjelett, som har ikkje noko beskyttande lag av levande vev. Dette kalklaget står i fare for å bli løyst opp og forvitre, noko som igjen kan føre til at heile revet kollapsar.
– Havforsuringsprosessen går ekstremt fort no i forhold til det vi har sett i vår geologiske historie. Vi veit også at det tar svært lang tid før situasjonen går tilbake til normalt igjen, seier Jan Helge Fosså i Havforskningsinstittutet.
Han trur at det havet vi kjem til å sjå om 50 år, ikkje er det vi har i dag.
– Brenning av hydrokarbonar bør reduserast så mykje som mogleg - og det fort, seier Fosså.