Annonse
Kvifor kjem stormar som Dagmar, Nina eller Nyttårsorkanen når dei gjer? Kva gjer at dei blir dei så kraftige, og kva skjer når dei treffer norskekysten? UiB-forskarar vil finne svara. (Foto: Runar Andersen / Scanpix)

Vil finne ut kvifor julestormane blir så sterke

Natt til 26.desember 2011 råka ekstremvêret Dagmar, Norge. Kraftig vind, høg vasstand og bølgjer førte til store skadar på bustadar og infrastruktur, fleire område stod utan straum og telefondekning, og tusenvis av tre blei felte.

Dagmar vert rekna som ein av dei sterkaste stormane dei siste 30 åra, og er ein av dei som no blir undersøkt og analysert nærmare i eit nytt forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

– Stormar er blant dei mest vanlege vêrfenomena i våre område, og dei påverkar liva våre i både positiv og negativ forstand. Me treng dei for å danne og frakte nedbør, men viss dei blir for kraftige, kan dei vere skadelege, seier professor ved UiB og Bjerknessenteret, Thomas Spengler.

Han leier det NFR-støtta prosjektet Unifying Perspective on Atmospher-Ocean Interactions on Cyclone Development (UNPACC), som tek for seg fleire alvorlege stormar som Dagmar, Nina og Nyttårsorkanen, men også vinterstormar i Atlanteren generelt.

Powered by Labrador CMS