Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Tilfluktsstad: Ønsket om ein trygg tilfluktsstad eller eit trygt knutepunkt er blant hovudmotivasjonane til å skaffe seg eit utanlandsk pass. Kypros avvikla programmet med gylne pass i 2020, etter sterkt press frå EU og store oppslag i mediekanalen Al Jazeera.

Kjøp av pass er den ukjende luksusruta til Europa

Dei siste ti åra har ein ny type handel med «gylne pass» skote fart globalt. Handelen har opna dørene til Europa for rike russarar og kinesarar.

I 2020 vart det rabalder på Kypros. Årsaka var serien «The Cyprus Papers», eit stort journalistisk arbeid av mediekanalen Al Jazeera, der omfanget av ein særeigen handel vart vist fram.

Ifølgje kanalen hadde ei rekke menneske på Kypros tent seg rike på handelen med såkalla gylne pass («golden passports»). Dette inkluderte både straffedømde, folk som venta på å bli stilte for retten – og politikarar. Eit korrupt system vart avdekka.

Gylne pass på Kypros

  • Al Jazeera avdekket handel med 'gylne pass' på Kypros i 2020.
  • Programmet tillot folk å kjøpe kypriotisk statsborgerskap gjennom store investeringer.
  • Rundt 700 personer var involvert i handelen, hovedsakelig rike russere og andre russisktalende.
  • Programmet ble avviklet i 2020 etter politisk press og medieoppslag.
Theodoros Rakopoulos seier at handelen med gylne pass føregår verda over, mellom anna i Tyrkia, Moldova og Malta.

Theodoros Rakopoulos, professor ved Sosialantropologisk institutt på Universitetet i Oslo, hadde forska på det kypriotiske programmet sidan 2018. Han er ein av få internasjonale ekspertar på fenomenet «citizenship by investment». No gjev han ut boka Passport island. The market for EU citizenship in Cyprus.

– Det er i utgangspunktet ulovleg å kjøpe og selje pass. Men statar står fritt til å gje folk pass som ei belønning, og ein del statar tilbyr det til folk som gjer store investeringar i landet. Slik var det inntil nyleg også på Kypros, seier han.

Ein lukurativ business

I 2018 reiste Rakopoulos til byen Limassol på Kypros der han over tid levde tett på menneske som var involvert i slike handlar: juristar, revisorar, eigedomsforvaltarar og meklarar. Han møtte også folk som skaffa seg kypriotiske pass – i hovudsak rikfolk frå Russland og andre russisktalande land.

Under feltarbeidet fann han at rundt 700 personar var registrerte med yrke innan det som offisielt vart kalla «The Cyprus Investment Programme». Ifølgje Rakopoulos var det eit av verdas mest vellukka viss ein måler etter prisen: Ein utlending som ønska seg eit kypriotisk pass, måtte ut med 2,5 millionar euro. Det mest vanlege var å investere pengane i eigedom.

Ein jurist som fasiliterte ein slik handel, tente rundt 100.000 euro for eitt pass. Rakopoulos møtte juristar som formidla ti pass i året. Han utforska ordninga gjennom intervju, deltakande observasjon og dokumentanalyse.

Heilomvending etter Al Jazeera-serie

– Mange av dei som var involverte i dette, var ikkje rike i utgangspunktet. Dei fleste var kypriotar. Ein god del kom også frå russisktalande land sjølve, nokon var utdanna juristar eller revisorar frå heimlandet. Limassol har ei stor russisktalande befolking.

Sjølv om slike program er lovlege, og også gjev ein boost til landet sin økonomi, er det langt frå berre populært. Sterke stemmer i EU var misfornøgde med at to av landa i unionen – Kypros og Malta – i praksis selde EU-pass til dei som kunne betale for det. 

Etter sterkt politisk press samt medieoppslag hos Al Jazeera, vart programmet på Kypros avvikla i november 2020. I dag er Malta det einaste europeiske landet som tilbyr gylne pass.

– At statar belønner folk med pass, er ikkje noko nytt. Vi har mange eksempel på at fotballspelarar og kjende kunstnarar får statsborgarskap i opphaldslandet. Men denne handelen er av ein heilt annan skala. Det finst titusenvis av søkjarar globalt. Berre på Kypros var det 6-7.000 personar som tileigna seg slike pass før programmet vart avvikla, seier Rakopoulos.

Investorar med skjegget i postkassa

Etter avviklinga er det framleis mange som ventar. Kypros har fleire hundre delvis fullførte handlar som vart starta medan programmet pågjekk.

– Nokon investeringar har blitt tilbakekalla eller selde vidare og slik skapt frustrasjon hos dei opphavlege kundane. Dei andre sakene vil truleg bli løyste i retten.

Rundt to av tre av dei som har investert gjennom programmet på Kypros er russarar, ukrainarar eller folk frå andre russisktalande land. Den siste tredelen kjem frå Kina. Berre eit fåtal har busett seg på Kypros, forklarer han. 

– Rike menneske frå desse landa manglar éin ting: eit sterkt pass. Det gjer at dei ikkje kan reise til alle landa dei kanskje ønskjer. Ein fattig nordmann kan reise til nesten 190 land utan visum-problem. Ein rik russar kan berre reise til 115. Og då er ikkje viktige økonomiske land som Storbritannia og USA på lista.

Trygge hamner for pengar og menneske

Rakopoulos trur ikkje at interessa for utanlandske pass har blitt mindre i Russland etter at landet invaderte Ukraina i 2022.

– Det er no mange, både i Russland og Ukraina, som ser etter ein veg ut. Ein eg snakka med sa det slik: Du ønskjer deg eit pass nummer to anten du er mot Putin eller for Putin. Er du mot, vil du flytte fordi du fryktar å kome i vanskar i dag. Er du for, treng du ein plan B i tilfelle politikken i Russland endrar seg radikalt.

Ønsket om ein trygg tilfluktsstad eller eit trygt knutepunkt er blant hovudmotivasjonane til å skaffe seg eit utanlandsk pass, meiner Rakopoulos.

– Slik eg ser det, er det ikkje lenger berre pengar som flyt fritt over landegrensene, men også kapitalistar. Landa som tilbyr slike program, blir trygge hamner der både pengar og menneske kan gøymast bort.

Dei dyraste passa er europeiske

Handelen med gylne pass føregår framleis verda over, mellom anna i Tyrkia, Moldova, Malta og i mange karibiske øystatar. Prisen avhenger av kva nasjonalitet det er snakk om. I den vesle karibiske øystaten Saint Kitts og Nevis må du investere eit par hundre tusen euro. På Malta må du ut med minst ein million.

– Eit europeisk pass har stor verdi, seier Rakopoulos.

Han meiner at programma viser korleis globale handel tar stadig nye former. Sjølv er han kritisk til ei slik utviding av det kapitalistiske systemet.

– Nokon vil meine at det å kunne betale for eit statsborgarskap er ein god ting. For ein kan gjerne kritisere den ordninga vi har med statsborgarskap i verda i dag; dette er årsaka til at folk døyr på Gaza og druknar i Middelhavet. Men når det berre er den aller rikaste prosenten som har moglegheit til å betale for eit statsborgarskap, blir ikkje desse programma ei utjamnande ordning. Tvert imot, meiner Theodoros Rakopoulos.

Powered by Labrador CMS