Høg risiko for fjellskred fire stader
80 ustabile fjellparti som kan føre til fjellskred med store volum, er identifisert i Møre og Romsdal. Fire fjellparti har høg risiko og vert overvaka.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette går fram av ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som denne veka vart lagt fram i Molde.
ROS-analysa over fjellskred i Møre og Romsdal gir ei samla oversikt etter 15 års arbeid, over kvar og korleis risikoen for fjellskred gjer seg gjeldande.
Hovudmålet medarbeidet er å sikre menneskeliv. I nokre kommunar kan samstundes faresonene knytt til fjellskred og flodbølgjer dekkje store areal, noko som også gir føringar for arealbruken.

Ustabile fjellparti
- Kartlegginga har identifisert over 80 ustabile fjellparti som kan føre til fjellskred med store volum, fortel rapporten.
Den blei lagt fram av fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal og fylkesgeolog Einar Anda på ein pressekonferanse i Molde denne veka.
Fjellpartia er klassifiserte etter risiko, eller ein funksjon av sannsyn og konsekvens.
Fire fjellparti har høg risiko: Det gjeld Mannen i Rauma, Åknes i Stranda og øvre og nedre del av Hegguraksla i Norddal.
15 fjellparti har moderat risiko og 36 har låg risiko.
33 fjellparti er førebels ikkje risikoklassifiserte, syner rapporten.
Kommunane med flest ustabile fjellparti er Norddal, Rauma, Stranda og Sunndal.

Under overvaking
Den nye ROS-rapporten gir samstundes råd om beredskapstiltak, vidare risikovurderingar og oppfølging gjennom arealplanlegging og utbygging.
Fjellpartia med høg risiko vert allereie handterte og overvaka av det interkommunale selskapet Åknes/Tafjord Beredskap IKS.
For ustabile fjellparti med moderat risiko, er det så langt ikkje etablert rutinar for oppfølging. Rapporten tilrår etablering av eit program for periodiske rørslemålingar.
- Fjellpartia som ikkje er risikoklassifiserte bør følgjast opp gjennom vidare undersøkingar i det nasjonale kartleggingsprogrammet for fjellskred, heiter det i ROS-analysa.