Annonse

En notis fra Nord universitet - les mer.

Forskarane sin hypotese er at forureininga skadar vadefuglanes mikro-RNA.

Vil bevise at vadefugl-død skuldast forureining

Publisert

I Asia og Australia går bestandane av fleire typar vadefuglar ned i eit alarmerande høgt tempo. No vonar forskarar å finne bevis for at fugledøden skuldast forureining.

Bohaibukta og Gulehavet i Kina er blant dei mest populære rasteplassane for ei rekke vadefuglar som er på veg frå arktiske delar av Russland til Australia. Her stoppar dei for å ete, drikke og kvile, slik at dei får energi nok til å lukkast med den siste etappen på si lange reise. Men sjølv om desse to rasteplassane er særs rike på byttedyr vadefuglane likar og treng, er det mykje som tydar på at dei også er reine dødsfeller.

Bohaibukta og Gulehavet er nemleg blant dei mest forureina områda i heile Kina, skal vi tru forskar Courtney Waugh ved Nord universitet.

– Vi meiner det er klar samanheng mellom den omfattande forureininga i desse områda og dei dramatiske bestandsnedgangane blant fleire artar av vadefuglar. Ingen har så langt klart å bevise det, men det vonar vi å lukkast med gjennom dette prosjektet.

Forsking syner at blant fuglar som legg bak seg dei lengste trekkdistansane, er det dei om lag åtte millionar vadefuglane som flyg frå arktiske delar av Russland til Australia som er spesielt hardt ramma av globale forandringar. Aller størst er nedgangen i bestanden av tundrasnipe, som har hatt ein reduksjon på over 80 prosent i løpet av dei siste tjue åra.

Courtney Waugh er fyrsteamanuensis ved Nord universitet sitt Fakultet for biovitenskap og akvakultur i Steinkjer. Saman med forskarkollega Veerle Jaspers frå NTNU er ho for tida i Australia for å gjennomføre feltarbeid i samanheng med forskingsprosjektet, som nyleg fekk gjennomslag hos Norges Forskningsråd (NFR).

NFR vedtok å innvilge Waughs og Jaspers søknad om prosjektstøtte til det treårige forskingsprosjektet, og går no inn med ti millionar kroner.

– Det gir oss ei unik moglegheit til å kunne slå fast gjennom forsking om det er ein klar samanheng mellom forureining i Kina og denne omfattande fugledøden, seier Waugh, som også skal samarbeide med professor og fugleekspert Marcel Klaassen frå Australia i dette prosjektet.

Les meir om prosjektet på heimesidene til Nord universitet

Powered by Labrador CMS