Annonse
Professor Gry Alsos frå Handelshøgskolen er delprosjektleiar, og har med seg mellom anna professor Elisabet Ljunggren og stipendiat Stian Bragtvedt frå Fakultet for samfunnsvitenskap. (Foto: Mari Lund Eide)

Undersøker kvifor ikkje fleire kvinner blir gründerar

Langt fleire menn enn kvinner blir gründerar, og spesielt store er kjønnsforskjellane i teknologibedrifter. Kvifor er det slik? Og er det mogleg å endre på dette?

Gry Alsos er professor ved Handelshøgskolen ved Nord universitet og har i over tjue år forska på dette med kjønn og entreprenørskap.

Dei tre neste åra skal ho ta del i eit stort forskingsprosjekt innan likestilling og entreprenørskap: EU-prosjektet «Overcoming the Entrepreneurial Ecosystem Gender Divide: A Cross Cultural Perspective».

Prosjektet skal gå frå 2019 til 2021 og er eit samarbeid mellom fire forskingsmiljø i fire land: Noreg, Sverige, Israel og Irland.

– Det har vore forska mykje på dette med likestilling og entreprenørskap allereie, og vi veit til dømes at entreprenørskap i Noreg er mannsdominert. Det er fleire menn enn kvinner som startar opp bedrifter, og forskjellane er enda større ved teknologibedrifter, fortel Alsos.

– Noko av det vi håpar å avdekke gjennom dette prosjektet er om det finst skjulte og umedvitne prosessar som indirekte medverkar til å forsterke denne skeivfordelinga.

Les meir om prosjektet på Nord universitet sine nettsider.

Powered by Labrador CMS