Annonse

En notis fra NIBIO - les mer.

Halldis Myhre Tvete, t.v., og Kari Bentzen, t.h., mottok Plantearvenprisen 2019 for reetablering av hagen ved Ringebu Prestegard. Prisutdelar var divisjonsdirektør Hildegunn Norheim i NIBIO Kart og statistikk. (Foto: Nina Sæther).

Fekk pris for bevaring av rips, roser og rabarbra

Publisert

Halldis Myhre Tvete og Kari Bentzen fekk Plantearvenprisen 2019 for reetablering av hagen ved Ringebu Prestegard. Dei to eldsjelene har lagt ned eit stort arbeid i å finne og ta vare på historiske pryd- og nytteplantar med lokal tilhøyrsle.

Plantearven-prisen blir delt ut av Norsk genressurssenter til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfold.

Juryen skriv om Tvete og Bentzen at dei: «... mottar prisen for sin innsats med reetablering av hageanlegget ved Ringebu Prestegard i Gudbrandsdalen. Et omfattende og verdifullt arbeid er lagt ned i oppsporing av lokale sorter av bær, stauder og roser, til bruk i reetableringen av hagen.»

Innsamlingsarbeidet har gitt viktig norsk plantemateriale til dei nasjonale klonarkiva, skriv juryen. Plantegenetikar Morten Rasmussen i Norsk genressurssenter forklarer:

- Klonarkiva si rolle i bevaringsarbeidet er å ta vare på norsk mangfald av kulturplanter som ikkje formeirar seg med frø. Det betyr at ein må bevare sortar og arter gjennom podekvistar, stiklingar og liknande. Slik blir plantene tatt vare på for framtida.

Rasmussen er samd med juryen i at hagegruppa sitt arbeid i prestegardshagen er blitt eit viktig forbilde for hagerestaurering i Noreg.

Les meir om prisen på heimesidene til Nibio

Powered by Labrador CMS