Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Marius Storvik samanliknar bruken av Kasper, Jesper og Jonatan til å sløkke brann hos Tobias, med den russiske rekrutteringa av fangar til krigen i Ukraina. Her er det Håkon Ramstad som speler Bastian i på Nationaltheatret.

Politimeister Bastian er ein diktator

PODCAST: Historia om Kasper, Jesper og Jonatan er ikkje ei historie om inkludering, rehabilitering og fellesskap. Dei vart utsette for  justismord, seier menneskerettsforskar Marius Storvik.

Kva definerer ein rettsstat? Kvifor lagar vi lover, kven lagar dei, og kven skal lovene verne?

Førsteamanuensis Marius Storvik har vigd mykje av forskinga si til helserett og menneskerettar. Han har mellom anna skrive doktorgradsavhandling om bruk av tvang i psykisk helsevern. Han har engasjert seg i så forskjellige ting som koronatiltak, tvang i fosterheimar og korleis samskipnadane organiserer depositum for studentane. Men her kjem den kanskje viktigaste kjepphesten hans:

– Saka mot Kasper, Jesper og Jonatan er kanskje det mest kjende justismordet i Noreg som ingen tenkjer på som eit justismord, seier Storvik.

Han bruker historia om kva som skjer med dei tre røvarane i Kardemomme by som eit eksempel på korleis rettsvitskapen kan vurdere lovverk og dei resultata lovverka får når dei vert brukt.

Førsteamanuensis Marius Storvik går hardt ut mot praktiseringa av kardemommelova.

Kardemomme by er ikkje det vi trur

Boka Folk og røvere i Kardemomme by, skriven av Thorbjørn Egner og gjeven ut i 1955, har vore meir eller mindre obligatorisk lesing for norske born i eit halvt hundreår. Sjå faktaboksen for ei kort oppsummering av den delen av boka som handlar om kriminalhistoria om røvarane, kardemommelova og politimeisteren.

Forteljinga om dei tre røvarane har vore omtala som ei historie om inkludering, rehabilitering og fellesskap, men Storvik er ikkje samd i det.

– Tvert imot, det er ei forteljing om ein mann med både lovgjevande, utøvande og dømmande makt; politimeister Bastian. Og sjølv om ein kan seie at han er ein hyggeleg fyr, så har vi eit namn på system kor all den makta er samla hos ein person: Diktatur, seier Storvik.

Laga rettssaka røvarane aldri fekk

Dei tre røvarane får aldri noka rettssak, men vert dømde til fengsel der og då, av politimeisteren. Storvik har fleire gongar dramatisert ei slik rettssak for born og unge, kor han har vore forsvarar for Kasper, Jesper og Jonatan.

I rettssaka argumenterer han for at kardemommelova ikkje er lik for alle. Slaktaren, kjøpmannen og bakaren har stadig mat til overs som dei ikkje gjev til dei som treng han.

– Er det å vere grei og snill? spør Storvik.

Vidare peiker Storvik på at røvarane visste at dei andre var redde for løva, så henne let dei vere heime, og dei stal berre det dei absolutt trengde. Dei gjorde derfor alt dei kunne for å redusere skadane, dei har plaga andre minst mogleg. Derfor må dei dømmast minst mogleg.

Dessutan var det ingen som hjelpte dei i kvardagen, sjølv om alle visste at dei svalt. For det er ikkje noko sikringsnett i dette samfunnet. Og då det var kardemommefest med gratis mat, vart dei ikkje inviterte.

Storvik, skodespelarar og born under den første framsyninga av rettssaka mot Kasper, Jesper og Jonatan.

Er røvarane i stand til å bu åleine?

Storvik set òg spørsmålsteikn ved evnene som røvarane har til å ta vare på seg sjølve og ha eigen bustad. Til dømes kidnappar dei heller ei åleinemor som vaskehjelp enn å rydde sjølve.

Storvik slår fast at dei tre har plaga andre, men dei har òg prøvd alt dei kunne å vere greie og snille, med dei føresetnadane dei har. Men kva med dei andre? Har samfunnet vore greie og snille med dei? Nei, meiner han.

Om storsamfunnet hadde vore snille med røvarane, til dømes ved å gje dei mat som elles hadde vorten kasta, hadde ikkje røvarane trunge å plage andre. Og Bastian er øvste ansvarlege.

– Eg har køyrt dette opplegget i alle fall ti gonger, for over 1500 menneske totalt, og eg er stolt over å seie at eg har vunne alle sakene unntatt éin. Den eine gongen eg ikkje vann, vart alle involverte dømde til fengsel, og det er eit utfall eg kan akseptere, seier Storvik.

Poenget med øvinga er å syne at jussen skal vere noko som verkar mellom oss menneske. Den skal vere bygga på eit samanhengande system som skal gjere liva til menneska betre.

– Ofte spør eg meg sjølv: toler denne saka ei barnejury? Det er testen på om det er rettferdig eller ikkje, om jussen er god og om han verkar, seier Storvik.

Propagandisten Thorbjørn Egner

Etter kvart som Storvik jobba med «Folk og røvere i Kardemomme by», fann han fleire problem. Som tidlegare sagt er politimeister Bastian i eigen person både utøvande, dømmande og lovgjevande organ. Kva kallar ein slike situasjonar? Jo, diktatur.

– Han er ein klassisk diktator, men alle tenkjer at han snill. Korleis kan det ha seg? Jo, han har fått hjelp av spinndoktoren Thorbjørn Egner, forklarar Storvik.

Når du les boka som eit propagandaverktøy frå den eineståande politimeisteren, retta mot det norske folket, kan du få tankar om korleis innbyggjarane kan forhalde seg til spinn frå makthavarane. Storvik tenkjer at det er eit godt argument for kvifor vi har et rettssystem.

 – Det er mellom anna ein reiskap for å tvinge ting inn i eit strukturert system, for å verne oss frå maktovergrep, seier han.

Samfunnet gjev Kasper, Jesper og Jonatan eit val

Storvik finn òg ein annan, nyare parallell mellom røynda og Kardemomme by.

Når det byrjar å brenne i tårnet til Tobias, er det ingen av borgarane som strekk til. Då slepp dei ut dei tre røvarane for at dei skal redde kikkerten, papegøyen og kvalpen til Tobias.

– Dei klarar jo dette, tenkjer kardemomittane. Og om ikkje, og dei døyr, synest ikkje innbyggjarane det er så farleg, meiner Storvik.

Samfunn i krise nyttar av og til dei som sit i fengsel til farlege oppdrag. Om dei risikerer sitt eiga liv, kan dei få fridomen sin.

– Akkurat slik Russland no gjer i krigen sin mot Ukraina og rekrutterer fangar til hæren sin, seier Storvik.

Så Bastian er ein diktator i eit samfunn utan sikringsnett, som opererer på same vis som Putin.

Det keisame, men naudsynte systemet

Men Storvik er ikkje ferdig med å øydeleggje barndomen til tallause nordmenn. Kardemommelova er nemleg for generisk og open for tolking.

– Kardemommelova er på mange måtar god og fornuftig, og på eit vis kan vi seie at Noregs lovar fungerer etter same mal. Vi har eit grundig system kor det er nokre ting ein ikkje har lov til, nokre ting ein gjere, og elles kan ein gjere som ein vil, seier Storvik.

Lova skil ikkje mellom å plage andre minst mogleg, slik røvarane prøver på, og å plage andre mykje. Ho seier heller ingenting om korleis ein skal vurdere forskjellane mellom dei. Og då vert det politimeisteren som avgjer, og kva slags kriterium har han? Det veit ingen, men det kan sikkert vere ein fordel å vere på godsida til Bastian.

– Ein veit aldri, og folk kan derfor ikkje føresjå sit eiga rettstilhøve. Det einaste ein kan gjere, er å vere ven med politimeisteren, seier Storvik.

Marius Storvik knuser barndomsillusjonar i podcast.

– Dette er kjernen av rettsvitskapen

Endå eit diktatorisk trekk, altså. Som aukar makta hans. Slik kan vi sjå at vi treng eit rettssystem og juristar som kan lage reglar som fungerer, så folk kan forstå rettstilhøvet sitt. Det trengst rettssikring, altså at det finst garantiar for at folk vert behandla likt i systemet.

Storvik legg likevel til at ein må finne ein balanse: eit passe stort system med passe mange reglar. Men i eit moderne samfunn vert det likevel særs komplekst ganske fort. Når rettsstaten vert eit enormt kompromiss, treng vi mellom anna forskarar som kan sjå på om balansen er riktig, og eventuelt føreslå nye og betre reglar.

– Og der ligg kjernen av kva rettsvitskapen gjer. Vi ser på korleis lovene verker i samfunnet, seier Storvik.

Kardemomme by

Kardemomme by er ein fiktiv småby i eit fiktivt land. Utanfor byen bur Kasper, Jesper og Jonatan. Dei er kjend som røvarane. Dei er ikkje eksplisitt omtala som brør, sjølv om mange (underteikna inkludert) trur det.

Røvarane har ei løve som kjæledyr, skyr husarbeid og er ikkje velkomne inne i byen. Dei stel mat til seg og løva for å overleve, men dei tar berre «så lite dei kan».

Ei natt vert dei fanga mens dei stel mat, og politimeisteren i byen, Bastian, set dei i fengsel. Det er han sjølv som avgjer dommen, basert på kardemommelova, som Bastian sjølv har laga og innført: «Du skal ikkje plage andre, du skal vere grei og snill, elles kan du gjere som du vil».

Når det byrjar å brenne i eit tårn i byen, hentar Bastian røvarane frå fengselet så dei kan sløkkje brannen. Det gjer dei, med fare for eige liv og helse.

Når brannen er sløkt, avgjer politimeister Bastian at dei tre no skal sleppast fri. Dei vert integrerte som borgarar i Kardemomme by. Kasper vert brannmeister og kjærast med åleinemora Tante Sofie, Jesper vert sirkusdirektør, og Jonatan vert bakar.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS