Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Statue av Winston Churchill på Solli plass i Oslo.
I 2020 tok Grøn Ungdom til orde for å riva statuen av Winston Churchill på Solli plass i Oslo. Dei meinte at statuen bidreg til framandgjering og mindre tryggleik.

– Ikkje riv Churchill. Gi han heller nye klede

Statuar av Lenin og Stalin er for lengst fjerna i mange europeiske byar. Men kva med Winston Churchill, som representerer både Hitler-motstand og rasisme?

– Spørsmålet er korleis vi handterer problematiske sider ved vår eiga historie. Fjernar vi den delen vi ikkje likar, eller lèt vi han stå? spør kulturhistorikar Helge Jordheim. 

I fleire land har riving av statuar lenge vore eit brennbart tema. I Noreg blussa det opp i 2020, mellom anna som følgje av kampanjen Black Lives Matter. Då vart det argumentert for å fjerne statuane av Winston Churchill frå Solli plass i Oslo og Ludvig Holberg frå Nationaltheatret. 

Den tidlegare britiske statsministeren hadde nemleg rasistiske haldningar, medan Holberg tente pengar på slavehandel. 

– Sjølv er eg redd for å pynte på fortida. Viss vi heile tida skal redesigne byane fordi verdiane våre endrar seg, blir det historieforfalsking. Vi må heller finne andre løysingar, meiner Jordheim. 

– Vi treng byrom som viser oss historia vår, seier Helge Jordheim, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.

Lenin og Stalin vart fjerna 

Over heile verda står det statuar av despotar, krigsforbrytarar og slavehandlarar, først og fremst kvite menn, ifølgje Jordheim. Meiningane om kva ein skal gjere med dei, er delte.

Jordheim har sjølv tysk litteratur og kultur som eitt av spesialfelta sine. Nyleg gav han ut boka «Berlin. Byen og historien», ei historiebok skriven som ei rekkje vandringar i ein by som sidan 1990 har vore heimsøkt av akkurat dette spørsmålet: rive eller la stå? 

– Berlin er full av traumatisk og smertefull historie, blant anna frå to totalitære regime. Diskusjonane etter Murens fall har handla om kor mykje av denne historia som framleis skal få plass i byrommet, seier han.

Etter 1989 og Berlinmurens fall, vart statuer av Vladimir Lenin fjerna, både i Berlin og andre europeiske byar. Josef Stalin var tatt ned allereie, som del av avstaliniseringa av Austblokken. Helge Jordheim forstår behovet for å fjerne statuane av desse tidlegare sovjetiske statsleiarane. 

– Dei symboliserte eit undertrykkjande statsapparat, seier han.

I 1991 ble en statue av Lenin i Berlin demontert og fjernet.
I 1991 ble en statue av Lenin i Berlin demontert og fjernet.

Sigersgudinna Victoria har blitt til Gull-Else

Men nokon kontroversielle monument har fått stå. Seierssøylen (tysk: Siegessäule) er i dag eitt av dei mest kjende monumenta i Berlin. Det vart oppført mellom 1864 og 1873 til minne om sigrane til Preussen i dei blodige krigane mot Austerrike, Frankrike og Danmark.

På toppen står den romerske sigersgudinna Victoria, til minne om den endelege sigeren mot Frankrike som førte til grunnlegginga av det tyske keisarriket. 

Men assosiasjonane til statuen er ikkje det det ein gong var. 

– I dag omtalar berlinarar sigersgudinna berre som «Gull-Else». Ho har blitt eit symbol på sterke kvinner. I tillegg har monumentet blitt ein viktig stoppestad under Berlins Pride-parade, som samlar millionar av menneske, fortel Jordheim. 

«Siegessäule» er også namnet på gratismagasinet for LHGBT+-fellesskapet i byen, grunnlagt under aids-epidemien i 1984, legg Jordheim til. 

– Dette viser at sjølv det mest militaristiske, brutale monument kan bli til noko heilt anna.

Seierssøylen, «Siegessäule», er ein av Berlins mest berømte attraksjonar.

No kjenner vi den mørke baksida 

Han håper at noko liknande kan skje med Winston Churchill og Ludvig Holberg. 

– Heldigvis har vi i dag kome til eit punkt der vi vedgår at vi ikkje har fortalt den fulle historia tidlegare. Vi har i stor grad snakka om kvite menn og korleis dei på modig vis har lagt under seg resten av verda. Den historia har ei mørk bakside som vi både treng å vite meir om og snakke meir om, seier han.

Når fleire sider ved desse menneska blir kjende, blir dei også meir tvitydige, noko vi da må ta stilling til, påpeikar Jordheim.

– Eg er skeptisk til å pynte på historia. Men samtidig er Churchill-statuen sett der for å snakke til alle oss som lever no og dei neste generasjonane og overtyde oss om at Churchill var eit forbilde for oss alle. Da må vi få lov til å seie frå om at dette trur eg ikkje på. 

Churchill i ny drakt? 

Spørsmålet blir då på kva måte ein skal seie frå. Her finst det løysingar som er meir spennande enn berre å rive statuen, meiner professoren. 

– Éi løysing kan vere å setje opp ein plakett. Men sjølv er eg tilhengar av å gjere det på ein annan måte. Kanskje kunne vi ein dag i året ikledd Churchill andre klede? Eller kanskje kunne vi invitert kunstnarar til innimellom å setje opp installasjonar rundt han? 

Slike statuar står jo dera som kunst i det offentlege rom – men utdatert kunst, påpeikar Jordheim. 

– Om vi kunne aktivisere dei på nye måtar, trur eg vi kunne få ganske artige ting ut av det som også ville belyse historia på nye måtar.

Trur kvinnene vil komme 

Jordheim trur at vi framover vil gå inn i ein fase med korreksjon, der kvite, middelaldrande menn på sokkel etter kvart får selskap av både kvinner og andre etnisitetar. 

– Det kan også tenkast at vi vil bli ei nedkjøling på monumentfronten. Statuar blir ofte sette opp av private aktørar, og kanskje vil ein framover i mindre grad setje opp nye statuar fordi risikoen er så stor for å trå feil. Kven er eigentleg heilstøypt nok til å få ein statue av seg i dag? 

Han håper at vi aldri får statuefri byrom. Han håper også at statuane som blir sette opp i framtida vil vere med å samle oss, heller enn å polarisere og splitte oss. 

– Vi treng byrom som viser oss historia vår. Dette hjelper oss å arbeide vidare med historia, leve med ho og snakke om ho. På sitt beste viser og levandegjer statuar historieerfaringa, slik at denne erfaringa også blir stilt open for kritikk og endring, meiner Jordheim. 

Referanse: 

Helge Jordheim: Berlin. Byen og historien. Forlaget Press, 2024. (Forlaget om boka

Powered by Labrador CMS