Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
I teksten står det at kongen er Guds ombodsmann. Ombodsmann er ein term nytta over 40 gonger i Landslova, og både kvinner og menn kan ha rolla som ombodsmann.(Bilde: Faksimile av Landslova)
Eitt ord blei misforstått. No trur forskarane heilt nytt om statusen til norske kvinner i mellomalderen
Ordet maðr blei tidlegare tolka som mann. No meiner dei at det også blei brukt om kvinner.
Ein
viktig nøkkel til å forstå statusen til kvinnene låg gøymt i eitt ord: ordet maðr (uttale: mathr) med fleirtalsforma mannæ (menn).
Ordet
blir brukt mange gonger i kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274.
Landslova
var ei stor, politisk driven samfunnsreform som prega norsk politikk, rettsliv
og daglegliv i 400 år. På 1200-talet var det éi av tre riksdekkande lovbøker i
Europa og den einaste som faktisk vart brukt.
Då
Landslova vart omsett frå norrønt til riksmål i 1915, valde omsetjaren å
omsetje maðr hovudsakleg med mann.
Det same gjorde både tidlegare og seinare omsetjarar av enkeltlover og
lovutdrag heilt fram til 1997.
– Når vi
les desse versjonane av Landslova, får vi inntrykk av at mellomaldersamfunnet
var dominert av menn. Det er menn som har eigedom, som har offisielle verv, som
opptrer på tinget, seier Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved
Universitetet i Oslo (UiO).
Mellomalderen
Mellomalderen er den vanlege nemninga på den tusen år lange perioden i Europas historie som ligg mellom antikken og moderne tid. Det er vanleg å regne tida frå omkring 500 til omkring 1500 til mellomalderen.
Han har
leia markeringa av 750-årsjubileumet for Landslova. Det har innebore mange år med forsking.
Det var her det gjekk
opp for forskarane at maðr betydde
noko anna enn dei hadde tenkt.
Sunde arbeider
med ein vitskapeleg artikkel om oppdaginga som blir publisert i tidsskriftet Collegium Medievale over nyttår.
– Vi
hadde allereie ei oppfatning av at rettane til kvinner i mellomalderen var
sterkare enn vi før har trudd, fortel Sunde.
Så ein
dag våren 2023, då Sunde sat på Nasjonalbiblioteket i Oslo og jobba, oppdaga
han noko. Han samanlikna eit samandrag av eit mellomalderbrev publisert i 1864
med det originale brevet frå 1333.
Eit
mellomalderbrev er eit dokument skrive på kalveskinn. Ofte er det eit rettsleg
dokument med opplysningar ein ønskjer å ta vare på for framtida. Det kan til dømes vere ein
avtale om eigarskap til ein gard.
Fem hadde kvinnenamn
I
samandraget frå 1864 stod det at tolv menn hadde avlagt vitnemål i ei
eigedomssak. Men i originalteksten frå 1333 stod namna på dei tolv mennene – og
der såg han at fem av dei var kvinner.
«Dette går ikkje i hop,» tenkte
han. «Maðr må bety menneske.»
Fleire hadde
skrive om ordet tidlegare, men då gjaldt det den meir allmenne bruken av
det i
det norrøne språket. Ingen hadde for alvor tatt inn over
seg at dette også gjaldt i formelle tekstar om lov og rett, og at slike tekstar
retta seg nesten like mykje mot kvinner som menn.
–
Folk har lese maðr i lovtekstane i 200 år, men utan å ta inn over seg at
lovtekstane som oftast gjaldt kvinner like mykje som menn. Eg gjekk
berre rundt og gliste, seier Sunde.
Forskarane
bestemte seg for å sjå nærmare på bruken av ordet i Landslova av 1274.
Annonse
I over
400 setningane der maðr var nytta,
såg dei at termen i tre av fire tilfelle refererte til både menn og kvinner. I
5 prosent av tilfella refererte han berre til kvinner.
– Det
som ved første augekast ser ut som ei lov mynta på eit mannsdominert samfunn,
vert dermed ei lov for eit samfunn der både menn og kvinner er tydelege aktørar
i rettslivet.
Forskarane
har ikkje gjort ei nærlesing av andre mellomalderlover, men systematiske
undersøkingar av mellomalderbrev har vist same mønster.
Blenda av samtidsbriller
– Korleis kunne det ha seg at ingen hadde skjønt dette før?
– Eg
trur ikkje at det dreier seg om rein logikk. Dette er enkelt nok, og til og med
på moderne engelsk tyder «man» både mann og menneske framleis, seier Sunde.
Han
utdjupar:
– Når
dette har blitt oversett i norsk forsking i over 200 år, fortel det oss om
faren ved å ta eige samfunnssyn inn i tolkinga av historisk materiale. For
1800-talsforskaren var det vanskeleg å sjå den sterke stillinga som kvinnene hadde i lovene fordi ho var sterkare enn den stillinga kvinnene hadde på 1800-talet.
Sunde
meiner at også andre fordommar kan ha lege i vegen for tolkinga av Landslova.
– Når vi
førestiller oss mellomaldersamfunnet, førestiller vi oss enkle menneske som
lever enkle liv, går i grå vadmål og dyrkar jorda si. At alt som skjer, er at
dei blir fødde, giftar seg og døyr. I realiteten levde dei i ein fargerik
kvardag full av lukt og kjensler, seier han.
Kvinnene kunne kalle inn til ting
Else
Mundal er professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare systematisk undersøkt kva rettsleg rolle kvinner vart sagt å
ha etter norsk mellomalderrett.
Annonse
Med
fornya forståing av ordet maðr har
Sunde og kollegaene sett at kvinnene i mellomalderen også var inkluderte i dei
rettane som dei trudde berre gjaldt menn.
Til
dømes har det tidlegare vore vanleg å seie at det var frie menn som møtte på
tinget. Tinget var eit politisk organ som hadde det vi i dag omtalar som ein
lovgjevande, dømande og utøvande funksjon.
– No
veit vi at det også møtte mange kvinner på tinget. Etter Landslova fekk
kvinnene arverett etter foreldra sine, og dei vart myndige når dei fylte tjue
år. Dei måtte møte på tinget for å forsvare og forvalte eigedomen sin, seier
Sunde.
For
gifte kvinner var det ektemannen som rådde over eigedomen, men rådveldet
gjaldt dagleg drift. Mennene kunne ikkje forvalte garden slik at det fekk
konsekvensar for eigarskapen.
Kvinner
kunne også ha offentlege oppgåver. For eksempel kunne dei føre eigne saker på
tinget, dei kunne føre saker for eigne barn og også for yngre søsken.
Dei
kunne dessutan vere vitne, ekspertvitne og medsverjarar. Dei kunne også ha segl. Det gjorde at dei kunne gje ut offisielle rettsdokument.
– Alt
dette har i stor grad blitt oversett i 200 år med forsking fordi ein har
misforstått ordet maðr. Med den nye
forståinga vert rettslivet i mellomalderen langt meir mangfaldig og samansett,
meiner han.
Rettelogg: Artikkelen er korrigert 14. oktober kl 0900 med tanke på professor emerita Else Mundals rolle.
Referansar:
Jørn Øyrehagen Sunde og Else Mundal skriv om oppdaginga i ein vitskapeleg artikkel som blir publisert i tidsskriftet Collegium Medievale i 2025.