Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Pasienten har både ynskje og kunnskap som det er viktig å ta omsyn til.

Klinisk farmasøyt: – Det er pasienten som er den raude tråden i behandlinga

Det varierer kor mykje eller lite pasientane vert lytta til når sjukehuspersonale snakkar med dei om legemiddelbruk.

Ved mange sjukehusavdelingar arbeider det kliniske farmasøytar. Det er farmasøytar som er direkte involvert i arbeidet med pasientane. 

Dei samarbeider med sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell om legemiddelbehandlinga.

For eit par år sidan skreiv Universitetet i Oslo på forskning.no om korleis oppfylging av legemiddelbruken frå klinisk farmasøyt i sjukehus kunne redusera risikoen for ny innlegging kort tid etter utskriving eller i verste fall død.

Men det er ikkje alltid eller alle stader ein klinisk farmasøyt er tilgjengeleg. 

I forskinga si har farmasøyt Stine Eidhammer Rognan undersøkt korleis legemiddelsamtalar føregår når dei vert gjorde av anna sjukehuspersonale, undervegs i opphaldet og spesielt ved utskriving.

Kommunikasjonen lite påverka av observatørar

– Samtaler om legemiddel er viktige for pasientane. Dei kan vera heilt avgjerande for at pasienten brukar legemidla sine riktig etter utskriving, seier Rognan.

Saman med to masterstudentar observerte ho ei rekkje samtalar mellom sjukehuspersonale og pasient. Dei venta utanfor pasienten sitt rom og fylgde med inn.

– I den pasientsentrerte samtalen er det pasienten sine behov som vert sett i sentrum, seier Stine Eidhammer Rognan.

– Ein fokusgruppestudie med personalet viste at kommunikasjonen om legemiddel i liten grad vart påverka av oss observatørar. Personalet var kjende med farmasøytar på avdelinga og er vane med å ha fylgje av studentar under samtale med pasientane, fortel Rognan.

Avgjerder tekne på vaktrommet

Forma samtalene tok, deler ho i to grupper: den pasientsentrerte samtalen og den biomedisinske samtalen.

– I den pasientsentrerte samtalen er det pasienten sine behov som vert sett i sentrum. Bruken av legemiddel vert diskutert med pasienten, som får anledning til å koma med sine ynskje og synspunkt, forklarar Rognan.

– Med den biomedisinske tilnærminga vert derimot avgjerder rundt legemiddel tekne på vaktrommet utan at pasienten medverkar. Det nye regimet for legemiddel vert kommunisert til pasienten utan særleg moglegheit for innvendingar.

Behandlarar som ikkje lyttar

Dei vitskapelege artiklane til Rognan er spekka med kommentarar frå pasientane og brotstykke av samtalar med behandlarar. Dei er henta både frå observasjonar og frå intervju som vart gjorde ein til to veker etter utskriving. 

Rognan fortel at dei to samtaleformene skil seg i språket dei brukar overfor pasienten, både verbalt og non-verbalt

– Pasientar har jo ulik helsekompetanse, som vi kan kalla det. I den pasientsentriske samtalen tek behandlar omsyn til det, lyttar til pasienten og brukar ord som pasienten kjenner. Dei stiller oppfylgingsspørsmål for å kontrollera at pasienten har forstått, seier Rognan.

– Mange av pasientane fortel derimot om behandlarar som ikkje lyttar. Dei brukar «legespråk» som pasienten ikkje eller berre delvis forstår.

Involverte i ulik grad

Rognan understrekar kor viktig det er å gjera mest mogleg for å få pasienten med på laget når det vert gjort endringar i legemiddelbehandlinga. Slik vert dei meir tilfredse, meistrar handteringa av legemidla betre og får betre prognose.

Etter utskriving hadde mange av pasientane manglande samsvar mellom legemiddellista som vart bestemt ved utskriving og faktisk eller planlagt bruk. 

Mykje av det manglande samsvaret kunne forklarast av dårleg eller ufullstendig informasjon frå helsepersonell. Det gjaldt til dømes pasienten som i god tru planla å avslutta fem nyoppstarta legemiddel etter at pakningane med 98 tablettar var tømt.

– Det er pasienten som er den raude tråden i behandlinga si. Ulike helseaktørar som sjukehus, fastlege, heimesjukepleie og pleieheim er involverte i ulik grad gjennom eit behandlingsforløp. Ofte er det berre pasienten sjølv som er den konstante faktoren, seier Rognan.

– Mange pasientar kan verka svake og reduserte, men det er viktig å hugsa på at dei i sine vanlege liv utanfor sjukehuset kan ha mange ressursar som det er viktig å oppretthalda. Det kan for eksempel vere oversikt over legemidla dei brukar.

Dårleg investering

Som døme på at pasientane har noko å bidra med, trekkjer forskaren fram pasienten som på eiga hand fann ut at han hadde fått feil informasjon. I staden for å ta legemiddelet ein halv time etter maten skulle han ta det på tom mage på morgonen.

Sjølv om noko av årsaka til at biomedisinsk samtale vert vald kan vera haldningar hjå behandlarane, peikar Rognan på ein annan rimeleg grunn til at utskrivingssamtalane ikkje vert bra nok:

– Dei tilsette i sjukehusa har notorisk dårleg tid. Legemiddelsamtaler som godt kunne ha blitt gjennomført i ro og mak eit par dagar før utskriving, vert ofte utsett til siste dagen. I nokre tilfelle glepp det dessverre heilt slik at viktige samtalar går ut, seier Rognan.

– Det uheldige med det er at ein god utskrivingssamtale mellom anna kan føra til at det vert lenger til neste innlegging. Så det er ei dårleg investering å ikkje gjennomføra han ordentleg.

Referansar:

Stine Eidhammer Rognan mfl.: «The way you talk, do I have a choice?» Patient narratives of medication decision-making during hospitalization.International Journal of Qualitative Studies on Health and Well-being, 2023. Doi.org/10.1080/17482631.2023.2250084

Kajsa Rebecka Bengtsson mfl.: Health literacy in medication communication during hospital discharge: a qualitative study at an internal medicines ward in NorwayBMJ Open, 2022. Dx.doi.org/10.1136/bmjopen-2021-058473

Stine Eidhammer Rognan mfl.: Empowering the patient? Medication communication during hospital discharge: a qualitative study at an internal medicines ward in NorwayBMJ Open, 2021. Dx.doi.org/10.1136/bmjopen-2020-044850

Stine Eidhammer Rognan mfl.: Discharge processes and medicines communication from the patient perspective: A qualitative study at an internal medicines ward in NorwayHealth Expectations, 2021. Doi.org/10.1111/hex.13232

Karin Svensberg mfl.: The observer effect in a hospital setting - Experiences from the observed and the observers. Research in Social and Administrative Pharmacy, 2021. Doi.org/10.1016/j.sapharm.2021.07.011

Powered by Labrador CMS