Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Derfor er fjorden din grøn
Ein harmlaus alge fargar fjordane turkise – og han er synleg heilt til verdsrommet.
Det er kalkalgen Emiliania huxleyi som no blomstrar i Ryfylke og Hardangerfjorden.
Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekt av små kalkplater. Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge.
– Det treng ikkje nødvendigvis vere så store mengder som det ser ut til, for Ehux, som vi kallar han, nærmast drysser om seg med kalkplater til vatnet rundt, seier planktonforskar Lars-Johan Naustvoll.

Ikkje farleg for folk eller fisk
Emiliania huxleyi er ikkje farleg for folk eller fisk, sjølv om han dannar store og svært synlege blomstringar.
– Det einaste farlege kan vere redusert sikt for båtfolket. Fiskarar rapporterer også at det blir mindre fisk å få. Det kan henge saman med at også fisken får redusert sikt til å finne bytte, forklarar Naustvoll.
Det er ikkje sikkert kva som fører til at Ehux blomstrar. Han kan gjere det på tider og i område med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel.
Mest vanleg i periodar med varmt vatn
Kalkalgene formeirar seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.
Emiliania huxleyi er vanlegast i periodar med varmt vatn og rolege vindforhold. Algen har global utbreiing og er mest vanleg frå tropiske til tempererte strøk, men han er også registrert i polare farvatn.

Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Forskarane får perlesnor-maneta til å tenne på alle pluggar
-
Om fisk får ei perlesnormanet midt i fleisen, kan skadane utvikle seg til store innsøkk i vevet
-
Ørreten drar gjerne på harrytur til Sverige
-
Sugekopper, kroker og lysorganer – slik avslører blekksprut-detektivene ulike arter
-
Barentshavet: Slik påverkar varmare hav matvanane til lodde, torsk og plankton
-
Forskere fant 70 ekstra arter med miljø-DNA