Fossil menneskefot overraskar forskarane
Fossile beinrestar frå Etiopia viser at ein til no ukjend mennesketype levde i trea samtidig med at vår stammor Lucy gjekk på to bein.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit team av forskarar har gjort funn av 3,4 millionar år gamle fossile beindelar frå ein fot i Afar-området i Etiopia.
Sjølve funnet vart gjort av forskarane i februar 2009, og analysar av funnet er nyleg publisert i tidsskriftet Nature.
Studiar av fossilet viser at den fossile foten ikkje høyrer til eit medlem av Lucys art Australopithecus afarensis, som er vår mest kjende menneskelege stammor.
Sjå ein Nature-video om funnet som gir ny innsikt i utvikling av føtene våre her:
________________________________