Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Norske forbrukarar er dårligst i Europa på å kjøpe lokal og økologisk mat
Korleis står det eigentleg til med innkjøpsvanane våre og kvifor er det så viktig å produsere, selje og ete lokal mat?
Dei fleste av oss er vanedyr i matbutikken. Vi puttar det vi pleier i handlekorga, og er stort sett nøgd med det. Nordmenn er lite opptekne av berekraft og mangfald når vi handlar mat og legg vekt på eit mindre spekter av kvalitetar ved maten enn dei gjer i andre land.
Det syner ei ny undersøking frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Forskarar der deltek i eit stort europeisk prosjekt om matkultur og forbruksvanar.
Undersøkinga er gjort med 15.000 deltakarar frå Noreg og seks andre land. Til saman har desse landa 80 prosent av EUs innbyggjarar.
– Vi er eit lite land, eit unntaksland på mange område, seier forskar Gunnar Vittersø.

Det er nemleg gjennomgåande at Noreg skil seg ut. Vi handlar mellom anna mindre lokal og økologisk mat enn andre europearar.
– Vi er ikkje så berekraftige som vi trur
– Vi er kanskje ikkje så berekraftige som vi likar å tru, seier Vittersø.
Noreg skårar lågast på mange praksisar som har med berekraft og økologisk mat å gjere. Saman med Storbritannia et vi til dømes sjeldnare økologisk mat enn i dei andre europeiske landa. Over halvparten av oss kjøper aldri økologisk mat.
Vi kjøper heller ikkje lokal eller regional mat like ofte som andre europearar.
Men vi tek vare på matrestane våre. Det er vi flinkare til enn andre europearar.
– Vi er nøysame folk, seier forskaren.
Vi et ofte kjøt, men ikkje mest
Vi et òg godt med fisk og grønsaker. Over halvparten av oss et fisk to til tre gongar i veka. Det er mest i Europa.
– Vi har òg eit høgt kjøtforbruk i Noreg. Men det er i frekvens og ikkje i mengde. Vi et ofte kjøt, men ikkje mest. Det kan hengje saman med kulturen vår med matpakke, der vi brukar kjøt som pålegg, seier Vittersø.
– Nordmenn var dei som i størst grad hausta frå naturen – som også samsvarar godt med tradisjonen vår for friluftsliv og det å bruke naturen på fritida, seier han.
Forskaren trur det kalde klimaet vårt kan forklare noko av kvifor vi kjøper mindre lokalt dyrka produkt.
Deltakarane i undersøkinga blei spurt i mai månad etter ein lang vintersesong, og då kan det vere vanskeleg å førestille seg eit godt tilbod av lokale sesongvarer.
Meir grønsaker i sør
Landa ved Middelhavet, som Italia og Spania, ser ut til å ha eit meir variert kosthald med hyppigare bruk av frukt og grønt, samt mindre kjøt, samanlikna med landa i Nord-Europa.
– Dette kan bety at dei har ein meir variert matkultur i Sør-Europa, men også naturen og klimaet gir større variasjon i tilgang på ulike typar matvekstar, seier Vittersø.
Forbrukarar i land som Italia, Spania og Frankrike var i større grad opptekne av at maten skulle vere lokalprodusert og i sesong enn vi er her lenger nord.
– Det kan hende dei hegnar meir om den lokale matkulturen enn vi gjer. Mange er opptekne av å kjøpe lokalt og opptekne av matkvaliteten. Det kan òg vere skilnader mellom landa på korleis ein rapporterer om matforbruk i denne typen spørjeundersøkingar, understrekar forskaren.
Kva for rolle speler det kva vi et?
Globalt er matvanane i aukande grad retta mot eit vestleg kosthald, som blir kjenneteikna av eit stadig høgre inntak av animalske produkt som kjøt, egg og meieriprodukt, og dessutan meir prosessert mat.
Det er nokre få sortar mat som heile verda skal ha, som kveite, ris og mais. Det har ført til usunn einsretting i kva vi et og ei kommersialisering av matkulturen, meiner forskaren.
– Det har bidratt til fleire typar helseproblem så vel som store utfordringar knytt til klima og biomangfald, forklarar han.
Forskarane er difor opptekne av å forstå korleis eit lokalt kosthald kan sjå ut.
Eit lokalt, norsk kosthald
– Eit større mangfald i matsystemet vil gi eit meir robust og berekraftig matsystem, seier Vittersø.
Mangfald betyr mellom anna meir variert dyrking og produksjon. Det vil ha stor effekt på biologisk mangfald. Ei større breidd i sortar gir meir stabil produksjon og betre ernæring.
Mangfald kan òg bety ein meir variert distribusjon, der mat kan omsettast i andre kanalar enn dei vanlege daglegvarebutikkane.
Men er det ikkje fare for at eit lokalt norsk kosthald, med mindre import av spanande matvarer, blir mindre variert og meir kjedeleg?
Ikkje nødvendigvis, meiner forskaren.
– Det er mogleg å produsere meir variert enn det gjerst i dag. Vi har ein landbrukspolitikk som er retta inn mot spesialisering, der bøndene blir anten til dømes kornbønder eller driv med husdyr. Dette er ein ønska politikk, seier han.
Mogleg å produsere meir variert over heile landet
Han vedgår at det kan vere økonomisk rasjonelt å utnytte stordriftsfordelane ved slik drift, men at vi likevel går glipp av andre verdiar.
– Einsrettinga kan ha gått ut over lokal sjølvforsyning, noko som vi ser på som ein verdi i seg sjølv. Det vil mellom anna gjere oss betre rusta mot kriser, meiner han.
Lokalt mangfald vil òg styrke lokal matkultur og identitet.
– Vi kunne kombinert meir enn vi gjer i dag. Det er fullt mogleg å produsere meir variert over heile landet enn vi gjer i dag, seier han.
Referanse:
Gunnar Vittersø mfl.: Diversity in food culture and consumption patterns. Survey results from seven European countries. Consumption Research Norway (SIFO), OsloMet, 2022.